31.05.2013

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1938 kom Peter Yarrow til verda i New York City. Politisk aktive Yarrow slo gjennom som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet. Hjå meg kan Yarrow høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa, som skal traktere så mykje som over to hundre ulike perkusjonsinstrument, skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, på Madonna si plate True Blue, som vart slepte i 1986, for Tracy Chapman på hennar sjølvtittelerte debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i Ealing i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1965 kom Steve White til verda i London. Trommisen White er kjend for å halde takten for Paul Weller og kan i mi platehylle høyrast på The Modfather si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1972 kom Christian Lee McBride til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Christian McBride kan i mi platehylle høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1977 kom Scott Allen Klopfenstein til verda i Garden Grove i California. Scott Klopfenstein spelte gitar og trompet i Reel Big Fish fram til 2010 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1978 vart Anna Alexandra Ternheim fødd i svenske Sollentuna. Anna Ternheim er i mi platehylle kreditert for å yte bidrag på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1980 døyde Sonny Burke, og Toy Dolls spelte på Westholme Farm Club i Wallsend. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania. I 2004 døyde Robert Quine.

30.05.2013

Trettiande mai

Trettiande mai 1926 kom Anthony Terran til verda i den ein gong så stolte industribyen Buffalo i New York. Trompetisten Tony Terran er ein mykje nytta studiomusikar tilknytta The Wrecking Crew, som fekk plass i Music Hall Of Fame i 2007. Hjå meg høyrer du Terran på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990. I 1935 vart Harold Winston Beckett fødd i Saint Michael på Barbados. Trompetisten Harry Beckett sine bidrag til mi platehylle er å finne på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971, og på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på markanden i 1990. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Gun-Marie Fredrikson fødd i Össjö. Roxette-vokalisten Marie Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1964 kom Thomas Baptiste Morello til verda i bydelen Harlem i storbyen New York City. Gitaristen Tom Morello er best kjend for å spele med Rage Against The Machine og Audioslave og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), og konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), alle Rage Against The Machine, og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I 1965 kom Briana Corrigan til verda i Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og var med på dei tre fyrste studioplatene. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1996 slepte Gloria Estefan si sjuande studioplate Destiny. I 1997 døyde West Arkeen.

29.05.2013

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi i London, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. Hjå meg kan Rossi høyrast på studioplata Rock ‘Till You Drop (1991), konsertplata Live Alive Quo (1992), samt samleplatene 12 Gold Bars I (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1960 vart Mel George Gaynor fødd i London. Trommisen Mel Gaynor slo seg saman med Simple Minds i 1982 og har, med untak av eit par korte avbrekk, vore med dei sidan. Hjå meg kan Gaynor høyrast på bandet si niande studioplate, Real Life frå 1991. I Rock Island i Illinois kom Jesse Woods Johnson til verda. Gitaristen Jesse Johnson kan hjå meg høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda i Leavenworth i Kansas. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden, og har planar om å halde fram med det til krampa tar meg. På Long Island i New York vart John Miceli født. Trommeslagaren Miceli spelar i bandet Neverland Express, som er Meat Loaf sitt fast band. Hjå meg høyrer du Miceli på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle er det som vokalist i Iron Maiden han kan høyrast. I 1967 vart Noel Thomas David Gallagher fødd i engelske Manchester. Gitaristen Noel Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane i Oasis har gjort og kan hjå meg høyrast på studioplatene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), og konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1972 kom Simon Robin David Jones til verda i hamnebyen Liverpool. Bassisten Simon Jones er best kjend for å spele i The Verve og kan i mi platehylle høyrast på kritikarroste Urban Hymns frå 1997. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara. I 1997 døyde Tim Buckley. I 2010 døyde Dennis Hopper. I 2012 spelte Ozzy Osbourne og kompisane hans, Geezer Butler, Zakk Wylde og Slash ein glitrande konsert på Koengen i Bergen, og underteikna var sjølvsagt til stades.

28.05.2013

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom Russell Donald Freeman til verda i Chicago i Illinois. Jazzpianisten Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman sitt bidrag til mi platehylle finn du på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Russ Freeman døyde i 2002. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Songerinna Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. Hjå meg kan Knigth høyrast på ei dobbel samleplate som dekkar det meste av det beste ho gjorde både som soloartist og saman med The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987 og Era si sjølvtittelerte debutplate frå 1996. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren i Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtittelerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardson til verda i engelske Leeds. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I Eskilstuna vart Sami Petteri Sirviö fødd. Gitarisen Sami Sirviö var ein av grunnleggjarane av Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999), og Du & Jag Döden, som kom på marknaden i 2005. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

27.05.2013

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Bud Shank har spela med kjende namn som Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tillegg til med den norskætta trompetisten Chet Baker, der han i mi platehylle kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Shank døyde i 2009. I 1948 vart Peter Sears fødd i engelske Bromley. Pete Sears er i mi platehylle kreditert for tangentspel på Rod Stewart si siste plate på Mercury Records, Smiler frå 1974. I 1957 vart Edward Hawrysch fødd i kanadiske Toronto. Eddie Harsch trakterar tangentane på alle mine tre Black Crows plater, The Southern Music And Harmony Companion, By Your Side og Amorica, men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986. I 1958 vart Neil Mullane Finn fødd i Te Awamutu på New Zeland. Neil Finn er vokalist i Crowded House, som prydar mi platehylle med plata Together Alone frå 1993. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg i studio hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 vart Sean Howard Kinney fødd i Renton i Washington. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift (1990) og Dirt (1992). I 1975 kom André Lauren Benjamin til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Rapparen Andre 3000 er best kjend som den eine halvleiken av duoen OutKast, men i mi platehylle kan han høyrast med tangentspel og bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City.

26.05.2013

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart Miles Dewey Davis III fødd i Alton i Illinois. Jazztrompetisten Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på ni av desse, Birth Of The Cool (1957), Kind Of Blue (1959), Someday My Prince Will Come (1961), In A Scilent Way (1969), Waterbabies (1976), Decoy (1984), Tutu (1986), Amandla (1989) og Biography The Very Best Of Miles Davis. I 1930 kom Severino Dias de Oliveira fødd i brasilianske Paraiba. Trekkspillvirtousen Sivuca si karriere er omfattande, og inkluderar spel med artistar som Miriam Makeba og Harry Bellafonte. Hjå meg kan Sivuca hørast på Imperiet si plate Synd frå 1986. Sivuca døyde i 2006. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i byen Elaine i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. I mi platehylle kan du høyre Helm sitt trommespel på plata Islands frå 1977, og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980), og for Rufus Wainwright på hans tredje studioplate Want One frå 2003. Helm døyde i 2012. I 1944 vart Terrence Allen fødd i idylliske Crynant i Wales. Tangentmannen Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople. Hjå meg kan Verden Allen høyrast på studioplatene Wildlife (1971) og All The Young Dudes (1972), i tillegg til samleplatene Walking With A Mountain (1990) og Greatest Hits (1976). I 1946 kom Michael Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Gitaristen Mick Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere og spelte saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Lou Reed si plate Transformer (1972), og på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate (1975) og konsertplata Welcome To The Club (1980), gitarspelet hans kan høyrast. Ronson er også kreditert for diverse arbeid på Mott The Hoople si plate All The Young Dudes frå 1972. I 1948 kom Stephanie Lynn Nicks til verda i Phoenix i Arizona. Stevie Nicks var vokalist i Fleetwood Mac og kan høyrast på plata Rumours frå 1977. I 1953 vart Richard Arthur Sohl fødd i Queens i New York City. Tangentmannen Richard Sohl vert best hugsa for arbeidet han gjorde saman med Pattie Smith. Hjå meg kan Sohl høyrast på studioplata Easter frå 1978. Sohl døyde i 1990. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda i New York City. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, plata Circus frå 1995 er på plass i hylla, og i tillegg kan han høyrast som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Rita Eriksen fødd på Sola utanfor Stavanger. Eriksen har ei solid karriere på eiga hand, hjå meg kan ho høyrast som den kvinnelege røysta i duett med Øyvind Staveland på sporet Tir Na Noir frå Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster frå 1993. I 1972 vart Alan White fødd i London. Trommeslagaren White avløste Tony McCarroll på trommestolen i Oasis og kan hjå meg høyrast på studioplatene (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), i tillegg til konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1975 vart Lauryn Noelle Hill fødd i East Orange i New Jersey. Lauryn Hill vart superstjerne saman med bandet Fugees og har sidan etablert seg som ein solid soloartist, plateprodusent og skodespelar som skyr rampelyset. Hjå meg kan Hill Høyrast saman med Fugees på plata The Score (1996), og på soloplata The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1987 kom Europe si tredje studioplate, gjennombrottet The Final Countdown, som selde i meir enn tre millionar eksemplar berre i USA. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

25.05.2013

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1943 kom Miriam Johnson til verda i Phoenix i Arizona. Songerinna Jessi Colter er best kjend for å ha vore gift Waylon Jennings og hjå meg er det på outlaw-legenda Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977 Colter si røyst kan høyrast. I 1948 vart Klaus Meine fødd i tyske Hannover. Meine er den nasale songaren i Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. Hjå meg kan Meine høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Gunnar Låstad til verda. Bassisten Låstad slo seg saman med Vinskvetten i 1976 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda i byen som har gjeve namn til verdas best kjende hippiefestival, Woodstock i New York. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1958 vart John William Weller fødd i engelske Woking. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam. The Jam er i mi platesamling representert med samleplata Beat Surrender. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er elles dokumenter på plata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei Gratest Hits samling. Weller kan også høyrast med gitarspel på utvalde spor på Oasis si plate (What’s The Story) Morning Glory (1995), og på Robet Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som Coltrane si niande studioplate, Olé Coltrane som kom på marknaden i februar året etter. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1984 vart Marion Elise Ravn fødd på Lørenskog. Marion Raven sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den amerikanske Bilboard-lista.

24.05.2013

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1928 kom Max Bennett til verda i Oskaloosa i Iowa. Bassisten Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar for Ry Cooder på den sjølvtittelerte debutplata hans frå 1970, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på plata Hejira, som var Joni Mitchell sitt bidrag til populærkulturen i 1976 og var hennar åttande studioplate. I 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i byen Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Bob Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og har, så langt, vore heldig og opplevd ikonet to gonger, fyrst i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001, og sidan på Koengen i 2011. Begge konsertane bydde på ein Dylan i storform, han smilte litt og vinka til publikum innimellom, og han spela det meste av det beste frå ei lang karriere. Bob Dylan er også kreditert for å ha spela munnspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meidd ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York City. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1947 kom Robert Wachtel til verda i New York City. Waddy Wachtel spelar ei rekkje instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og på Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. Han er også kredittert for gitarspel på Melissa Etheridge-platene Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989) og Yes, I Am (1993). Same dag vart Albert Bouchard fødd i Watertown i New York. Trommisten Bouchard var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1991 døyde Gene Clark. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs. I 2009 døyde Jay Bennett. I 2010 døyde Steve New.

23.05.2013

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Bluegrassartisten Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash si plate American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1965 vart Simon Charles Gilbert fødd i engelske Tiddington. Trommisen Simon Gilbert er fast inventar i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1967 vart Philip James Selway fødd i engelske Abingdon. Trommisen Philip Selway held til dagleg takten for Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på platene Pablo Honey (1993), og OK Computer (1997). I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1974 kom Richard Jones til verda i walisiske Cwmaman. Bassisten Jones spelar til dagleg i Stereophonics og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin song Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på markanden i 1999. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2001 døyde Tommy Eyre. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1956 vart Natasha Shneider fødd i Moskva. I mi platehylle er Shneider lista som ein av ei rekkje gjestemusikarar på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. Shneider døyde av kreft i 2008. I 1957 kom Anne Grete Preus til verda i sildebyen Haugesund. Noregs rockedronning herja ungdomshus og konserthus med Veslefrikk og Can Can på sytti- og åttitalet, før ho solodebuterte med Hotel St. Pauli i 1988. Hjå meg finn du studioplatene Alfabet (2001) og Når Dagen Roper (2004). I 1958 vart Lisa Dal Bello fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Songerinna Dalbello har slepte fleire plater som soloartist, hjå meg høyrer du røysta hennar som bakgrunnsvokal på Alannah Myles si debutplate Alannah Myles frå 1989. I 1959 kom Steven Patric Morrisey til verda i engelske Davyhulme. Den kontroversielle veganaren og dyrevernaren Morrisey er ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar og er, kan hende, like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken sin. Verda sitt fyrste møte med Morrisey kom då han spela saman med Johnny Marr i The Smiths, seinare har han pleia ei solokarriere med ein trufast fanskare. Mi platehylle byr på The Smiths-platene Meat Is Murder frå 1985, Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987, og to av Morrisey sine soloplater, studioplata Viva Hate (1988), og samleplata The World Of Morrisey (1995). I 1967 vart Dan Roberts fødd i canadiske Winnipeg. Bassisten Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. Plata var soundtrack til kinofilmen Dick Tracy med Warren Beaty i hovudrolla. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate. I 2013 spelte Bon Jovi for eit fullsatt Koengen i Bergen.

21.05.2013

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda i Hornell i delstaten New York. Bill Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool frå 1957, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles i California. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på utvalde spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Marable døyde i 2012. I 1954 vart Marc Ribot fødd i Newark i New Jersey. Gitaristen Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på dei to studioplatene Rain Dogs (1985) og Mule Variations frå 1999. I 1955 kom Stanley Lynch til verda i Cincinatti. Stan Lynch kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 vart Kevin Patric Shields fødd i New York City. Kevin Shields er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine og hjå meg kan han høyrast på platene Isn’t Anything (1988) og Loveless (1991). Shields er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I Santa Ana i El Salvador kom Pete Sandoval til verda. Trommeslagaren Sandoval held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel og i mi platehylle høyrer du arbeidet hans på plata Domination frå 1995. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var superkvartetten Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn songen Ohio, som protest mot politibrutalitet mot ein politisk studentmarsj, songen vart slept som singel, og kan også høyrast på samleplata Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøde reggealegenda Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades samstundes, noko som vist nok ikkje er heilt vanleg på dei kantar. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

20.05.2013

Tjuande mai

Tjuande mai 1944 kom John Robert Cocker til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamnt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du Cocker si tredje studioplate, Something To Say frå 1972, konsertplata med den informative titelen Joe Cocker-Live (1990) og studioplata Across From Midnight frå 1997. I 1946 vart Cheryl Sarkisian fødd i Los Angeles i California. Songerinna Cher gjorde stor suksess som den eine halvleiken av duoen Sonny & Cher på sekstitalet. Hjå meg kan Cher høyrast som snakkestemma på telefonen i songen Living In Sin på Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1950 kom Warren Reginald Cann til verda i Victoria i British Columbia. Trommisen Warren Cann er best kjend for å ha holdt takten i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1955 vart Steve George fødd i Phoenix i Arizona. Tangentmannen George var ein av mennene bak Mr. Mister, hjå meg kan høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1956 kom Tyrone Downie til verda i Kingston på Jamaica. Tangentmannen Downie sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Legend, som dødsbuet etter Bob Marley slepte i 1984. I 1960 vart Øyvind Staveland fødd. Staveland er frontfigur i Vamp og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1964 vart Patricia Russo fødd i New Jersey. Songerinna Patti Russo syng til dagleg i Neverland Express, som er Meat Loaf sitt faste band. Hjå meg kan Russo høyrst medan ho syng bakgrunnsvokal på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1969 kom Joseph Waronker til verda i Los Angeles i California. Trommisen Joey Waronker er best kjend for arbeidet han har gjort for Beck og kan i mi platehylle høyrast på platene Odelay (1996) og Midnite Vultures (1999). Han kan også høyrast på R.E.M. si plate Up frå 1998. I 1972 kom Trevor Tahiem Smith Jr. til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Busta Rhymes sitt bidrag til mi platehylle han høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictiv frå 2001. I 1994 slepte dødsbuet etter Nat King Cole samleplata The Trouble With Me Is You. I 1996 slepte Skunk Anansie plata Stoosh. Dette var bandet si andre studioplate og produsent var Garth Richardson. I 1997 var det klart for Foo Fighters si andre studioplate, The Colour And The Shape, som vart nominert til Grammy for beste plate året etter. I 2012 døyde Robin Gibb.