29.04.2013

Tjueninande april

Tjueniande april 1938 vart Klaus Voormann fødd i Berlin. Bassisten Voormann er best kjend for å designe omslag for andre artistar sine plater, men i mi platehylle kan du høyre han spele bass for Lou Reed på plata Transformer frå 1972, og på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimensjon, som kom på marknaden seinare same året. I 1962 kom Sveinung Lillebjerka til verda. Fiolinisten Lillebjerka kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1970 vart Jari Kainulainen fødd i finske Helsinki. Bassisten Kainulainen spelar til dagleg i Stratovarius og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate Dreamspace frå 1994. I 1973 kom Mike Hogan til verda i Limeric i Irland. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

28.04.2013

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Jazzgitaristen Kahn si merittliste er milelang, og hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham i Alabama. Chuck Leavell vert rekna som ein av verdas fremste pianistar og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje i 1981, og som prydar platehylla mi med platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1954 kom Frank Jakobsen til verda. Trommisen Jakobsen har ein omfattande CV som omfattar spel med dei beste i det bergenske jazzmiljøet. Hjå meg kan Jakobsen sitt arbeid nytast på Trang Fødsel si plate Hybel frå 1997. I 1955 kom Edwin Jobson til verda i engelske Billingham. Tangentmannen Eddie Billingham sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1962 vart Arild Totland fødd i nærleiken av Salhus. Trommisen Totland slo seg saman med Vinskvetten i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2013

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1927 vart Conrad Henry Kirnon fødd i Tuckahoe i New York. Trommisen Connie Kay spelte i Modern Jazz Quartet i nesten førti år frå 1955, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Connie Kay døyde i 1994. I 1942 kom James Lee Keltner til verda i Tulsa i kvegstaten Oklahoma. Trommeslagaren Jim Keltner er studiomusikar, og han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje. Hjå meg kan Keltner høyrast medan han heldt takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn som herja kinolerreta i 1973. Keltner han også høyrast på Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og var Dylan si trettiande utgjeving. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på plata From The Inside frå 1978, på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993. Keltner er også kreditert for trommespel på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og synes som eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. Og som om dette ikkje skulle vere nok kan Keltner også høyrast på i god takt på Neil Young si tjefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. I 1944 kom Thomas Koppel til verda i ein svensk leir for danske krigsflyktningar. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Hjå meg høyrer du Koppel på to plater frå Savage Rose, Black Angel (1995) og Tameless frå 1998. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I universitetsbyen Berkley i California vart Herb Pedersen fødd. Hjå meg kan gitaristen Pedersen høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1948 kom Cathrine Elisabeth Pierson i Weehawken i New Jersey. Songerinna Kate Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet, Cosmic Thing og Good Stuff, i tillegg til samleplata Dance This Mess Around. The Best Of The B52’s. Pierson kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på R.E.M si plate Out Of Time frå 1991, og på låta Chop Suey, som hjå meg kan høyrast på Ramones si sjette studioplate Pleasant Dreams frå 1981. I 1951 kom Paul Daniel Freley til verda i The Bronx i New York City. Gitaristen Ace Freley spelte i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. Hjå meg kan Freley høyrast på Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981), i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1957 vart Adrian Utley fødd i engelske Northampton. Utley er best kjend for arbeidet han har gjort i Portishead og kan hjå meg høyrast på studioplatene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i engelske Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. Han kan også høyras på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1987 slepte rockekamelonen David Bowie si syttande studioplate Never Let Me Down. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 døyde Morris Perth same dag som 1349 gav ut plata Demonoir på selskapet Prosthetic Records og Gogol Bordello gav ut Trans Continental Hustle. I 2011 døyde Dag Stokke.

26.04.2013

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten og fotballspelaren Knut Nesbø til verda. NRK-journalisten og fotballeksperten Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre, som i mi platehylle er representert med platene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). Nesbø døyde i 2013. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap.

25.04.2013

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du også ei av platene ho gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd. Björn Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg har resultert i musikalar som mellom anna Chess. Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival, og hjå meg kan han høyres på samleplata The Complete Hit-Album Vol.1. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle er det på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til platene Cosmic Thing (The B-52’s (1989)), Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996, han kan høyrast. I 1958 vart Derek William Dick fødd i Skotland. Fish var i mange år vokalist i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd. Christian Falk var bassist i Imperiet Christian Falk spelte bass i Imperiet og hjå meg kan han høyrast på plata Synd frå 1986, i tillegg til eit par samleplater. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles i California. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Nothing’s Shocking frå 1998. Avery har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på platene Under Rug Swept (2002), og So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i engelske Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore ein periode innom norske Dimmu Borgir. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection, og Neil Young slepte si tjuefemte studioplate Silver And Gold.

24.04.2013

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1944 vart Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Plateprodusenten Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i Creedence Clearwater Revival som hjå meg kan nytast på ei uoffisiell samleplate med tittelen The Complete Hit-Album Vol 1. Same dag vart Doug Riley fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Dr. Music kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Night Moves frå 1976. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda i engelske Barrow-In-Furness. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg han høyrast på studioplata This Was frå 1968. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda i Meriden i Connecticut. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Nigel Harrison fødd i engelske Stockport. Bassisten Harrison spelte med Blondie frå 1977 til 1982, og kan i mi platehylle høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i engelske Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles i California. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake, og kan hjå meg høyrast på platene Angel Dust frå 1992, og Album Of The Year, som kom på marknaden i 1997. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet C C Cowboys i ei årrekkje. I 1997 slepte Lisa Stainsfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

23.04.2013

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd i London. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersey. Gitaristen John McBain sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Hater si sjølvtittelerte debutplate frå 1993. I 1971 kom Viggo Krüger til verda. Gitaristen Krüger er medlem av bandet Pogo Pops og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på bandet sine to fyrste soloplater Pop Trip (1992) og Crash (1993). I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dette dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på dei engelske platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans i Louisana. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren. I 1993 spelte Dream Theater på legendariske Marquee Club i London. For oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades på konserten, vart det gjort opptak som kan høyrast på konsertplata Live At The Marquee, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 slepte Wilco si fjerde studioplate Yankee Hotel Foxtrot. I 2012 døyde Tommy Marth og Chris Ethridge.

22.04.2013

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh i Pennyslvania. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come frå 1961. Chambers døyde i 1969. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Delight i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. Hjå meg finn du Campbell sitt arbeid på ei samleplate som har teke namnet etter den best kjende songen hans, Rhinestone Cowboy. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago i Illinois. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young si soloplate Tonight’s The Night frå 1975. Nitzsche døyde i 2000. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i Florida. Pete Carr er tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn. Hjå meg kan Carr høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band-plata Stranger In Town frå 1978, ei plate han også var med å produsere, og plata Against The Wind, som same mann og band slepte i 1980. I 1951 kom Paul Melvyn Carrack til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Multiinstrumentalisten Paul Carrack har vore innom fleire storselgjande britiske band og i mi platehylle finn du arbeidet hans på plata Word Of Mouth, som Mike + The Mechanics slepte i 1991, i tillegg til Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. Hjå meg høyrer du Evil D på plata Domination frå 1995. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om nakenbilete av Lily og tilhøyrande masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i Fort Walton Beach i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999.

21.04.2013

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1941 vart Alfred Ellis fødd i Bradenton i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Pee Wee Ellis var eit viktig medlem av James Brown sitt band på sekstitalet. Hjå meg kan Ellis høyrast på Van Morrison si plate Back On Top frå 1999, og på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone (1998). I 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er McCrohan best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart ein kjempehit for gruppa Steppenwolf etter at han vart nytta som filmmusikk i kultfilmen Easy Rider. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1958 vart Michael Barston fødd i den skotske hovudstaden Edinbourgh. Tangentmannen Mike Barston var ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits, som kom på marknaden i 1998. I 1959 vart Robert James Smith fødd i tivolibyen Blackpool. Robert Smith er, sidan byrjinga i 1976, den einaste permanente medlemmen i bandet The Cure, der han, i tillegg til vokaljobben, har tent som låtskrivar, gitarist, bassist og tangentmann. The Cure- samlinga mi inneheld, så langt, studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me og Wild Mood Swings, og samleplata Greatest Hits. Smith har også vore innom ein annan kjenning frå mi platesamling, Siouxsie & The Banshees, men er ikkje med på plata Tinderbox, som bandet slepte på denne dagen i 1986. I 1960 kom John Maher til verda i den engelske industribyen Manchester. Trommisen Maher sitt takfaste bidrag til mi platesamling finn du på Buzzcocks si samleplate Singles Going Steady frå 1979. I 1961 vart Øystein Hegge fødd i Trondheim. Hegge slo gjennom i bandet Tre Små Kinesere og kan i mi platehylle høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees si sjuande studioplate, Tinderbox, ei plate som vart spela inn i den delte byen Berlin. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 1998 slepte Alannah Myles plata Arrival. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2003 døyde Nina Simone. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka.

20.04.2013

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart bassisten Timothy Lee Drummond fødd i Bloomington i Illinois. Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på denne rekkja av Neil Young sine plater: Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980. I tillegg kan Drummond sitt basspel høyrast på 15 Big Ones, som var Beach Boys sitt bidrag til populærkulturen i 1976, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I 1948 kom Craig Frost til verda i den ein gong så staselege industribyen Flint i Michigan. Mange knyt tangentmannen Frost til Grand Funk Railroad, men hjå meg kan han høyrast som ein del av Bob Seger sitt Silver Bullet Band på studioplatene The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), i tillegg til konsertplata Nine Tonight frå 1981. På Manhattan i New York City vart Robert David Rothstein fødd. Multiinstrumentalisten Rob Stoner sitt bidrag til mi platehylle kan høyrasat som basspel på Don McLean si plate American Pie frå 1971. I 1950 kom Walter Carl Becker til verda i Queens i New York City. Gitaristen Walter Becker var ein av grunnleggjarane av Steely Dan. Hjå meg kan Becker høyrast i fint samspel med kompisen Donald Fagen. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1971 vart Michael Edward Welsh fødd i Syracuse i New York. Mickey Welsh overtok etter Matt Sharp som bassist i Weezer i 1998, men slutta etter eit sørgjeleg mentalt samanbrott i 2001. Dei neste ti åra ofra Welsh seg for biletkunsten. Hjå meg kan Welsh høyrast på plata Weezer (The Green Album) frå 2001. Welsh døyde i 2011. I 1972 kom Stephen Robert Nesta Marley til verda i Wilmington i Delaware. Stephen Marley er son av reggealegenda Bob Marley og kona Rita. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. Hjå meg kan Stephen Marley høyrast på plata One Brigth Day frå 1989. I 1975 vart Martin Lesley Crandall fødd i Alburquerque i New Mexico. Tangentmannen Martin Crandall spelte tidlegare i The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1992 døyde Benny Hill. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud. I 2004 slepte Prince si trettiande studioplate, Musicology. Ei plate som sikra den vetle lilla artisten frå Minneapolis to Grammy-statuettar.

19.04.2013

Nittande april

Nittande april 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling så langt. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I Long Branch i New Jersey vart George Bernard Worrell Jr fødd. Bernie Worrell er best kjend for å spele i Funcadelic, hjå meg kan han høyrast medan han yt hjelp med tangentspel på Talking Heads si konsertplate Stop Making Sense frå 1984. I 1954 kom Robert Jens Rock til verda i kanadiske Winnipeg. Produsenten Bob Rock har ei merrittliste så lang som eit vondt år, men er best kjend for arbeidet han gjorde med Metallica frå 1990 til 2006. Hjå meg kan Rock høyrast medan han spelar bass på Metallica si plate St. Anger frå 2003. I 1955 vart Andy Shernoff fødd i Queens i New York City. Shernoff var bassist i bandet The Dictators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1957 kom Anthony Martin Harford til verda i Birmingham. Songaren Tony Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iommi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol frå 1987. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1983 slepte Yello si andre studioplate, You Gotta Say Yes To Another Excess, som var den siste plata med bidrag frå Carlos Peron. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey. I 2012 døyde Levon Helm og Greg Ham.

18.04.2013

Attande april

Attande april 1939 vart Glen D. Hardin fødd i Wellington i Texas. Pianisten Glen Hardin kan i mi platehylle høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1946 kom bassisten Tommy Shannon til verda i Tucson i Arizona. Shannon har ei fortid i blueslegenda Johnny Winter sitt band, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar i Stevie Ray Vaughan sitt band, Double Trouble, på platene Texas Flood (1983), In The Beginning (1992) og The Best Of Stevie Ray Vaughan. I 1949 vart Andrew Powell fødd i London. Powell spelar keyboard for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1958 vart Leslie Thomas Pattinson fødd i engelske Lancashire. Bassisten Les Pattinson sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast når han opptrer som medlem av Echo And The Bunnymen på samleplata Ballyho The Best Of Echo And The Bunnymen. I 1964 kom Carl Øyvind Apeland til verda. Bassisten Calle Apeland spelar til dagleg i Vamp og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1974 kom Mark Thomas Tremonti til verda i bilbyen Detriot i Michigan. Gitaristen Mark Tremonti spelar i Creed og har vore kåra til årets gitarist av magasinet Guitar World tre år på rad. Hjå meg kan Tremonti høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 slepte ZZ Top plata Fandango. Plata, som var bandet si fjerde, er ei blanding av konsertopptak frå ulike konsertar og studioinnspelingar, fordelt på dei to sidene på det som originalt var ei langspelplate. I 1976 vart Ted Sablay fødd i Fond Du Lac i Wisconsin. Tangentmannen Sablay er tett knytt til The Killers og hjå meg kan du høyre han spele piano på bandet si andre studioplate, Sam’s Town frå 2006. I 1989 kom Pixies si andre studioplate, den fekk namnet Doolittle og selde nok til at bandet vart tildelt gullplate for produktet i 1995. I 1990 var det på tide å oppsummere The Bangles si karriere med ei Greatest Hits-plate. I 2001 døyde Billy Mitchell.