28.02.2013

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Steelgitaristen Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959, og Now There Was A Song frå 1960. Helms døyde i 2008. I 1940 vart Joseph Alfred Souther fødd i Atlanta i Georgia. Gitaristen Joe South er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play, og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966. South døyde i 2012. I 1945 kom Wilfred Gibson til verda i den engelske småbyen Dilston. Fiolinisten Gibson spelte ein kort periode frå 1972 til 1973 i Electric Light Orchestra og i mi platehylle kan ein høyre arbeidet hans på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1948 vart Geoff Nichols fødd i Birmingham. Tangentmannen Nichols har hatt eit langt og fruktbart samarbeid med Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata The Eternal Idol frå 1987, i tillegg til fleire spor på diverse samleplater. I 1952 kom Ed Manion til verda. Eddie «Kingfish» Manion har spela saksofon for store namn som Bruce Springsteen og Diana Ross, og hjå meg kan han høyrast på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1957 kom Cynthia Leigh Wilson i Athens i Georgia. Cindy Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave bandet B52s frå universitetsbyen Athens i Georgia, ho er også syster til eit anna originalmedlem, Richy Wilson. Hjå meg kan Cindy Wilson høyrat på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around-The Best Of The B52s (1990). I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på plata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på folket. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet. I 2010 døyde Tom «T-Bone» Wolk.

26.02.2013

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I mi platehylle er det meste av det best frå Steve Harley & Cockney Rebel samla på samleplata The Very Best Of. I 1954 vart Neal George Joseph Schon fødd på ein av flyvåpenet sine basar i Oklahoma. Gitaristen Neal Schon er den einaste som har spela på alle Journey sine studioplater, og hjå meg kan du høyre gitarspelet hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda. Adrian Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010. I 1960 vart John Roy Van Zant fødd i Jacksonville i Florida. Songaren Johnny Van Zant er yngre bror av Lynyrd Skynyrd-grunnleggjaren Ronnie Van Zant, og då denne omkom i eit flykrasj i 1977, overtok han like gjerne broren si rolle som frontfigur for sørstatsrockarane då desse tok opp att turnelivet i 1987. Hjå meg kan Johnny Van Zant høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997). I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart Ewen Vernal fødd i skotske Glasgow. Bassisten Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown (1987) og Fellow Hoodlum (1991). I 1981 vart Noam Pikelny fødd i Chicago i Illinois. Banjoguruen Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1928 kom Antoine Dominique Domino Jr. til verda i New Orleans i Louisiana. Fats Domino var ein av pionerane innen rock n’roll og har spelt seg inn i alles hjarter med songar som Blueberry Hill og Ain’t That A Shame. Domino fekk heimen rasert av orkanen Katrina og slit i dag med skral helse, men opptrer likevel med ujamne mellomrom. Hjå meg finn du Domino sitt pianospel på samleplata De Beste Sangene. I 1932 vart John R. Cash fødd i Kingsland i Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Cash sitt andre ekteskap var med songarinna June Carter, noko som var medverkande til at han heldt seg høveleg nykter i siste del av livet. Siste del av karrieren hans er prega av det suksessfulle samarbeidet med superprodusenten Rick Rubin, som gav The Man In Black ein solid renesanse. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar på rekke og rad og prydar platehylla, og fleire vert det nok, for Johnny Cash er ein artist eg aldri vert lei av. Cash døyde i 2003. I 1950 kom Jonathan Leonard Friga til verda i Chicago i Illinois. Jonathan Cain er kjend for å ha traktert gitar, med meir, i Journey og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1962 kom Gota Yashiki til verda i Kyoto. Gota spelar trommer i Simply Red og kan hjå meg høyrast på plata Stars frå 1991. I 1971 kom Erica Abi Wright til verda i Dallas i Texas. Erykah Badu vert referert til som Queen Of Neo-Soul og platedebuterte i 1997 med plata Baduizm, seinare kom konsertplata Baduizm-Live (1997), som begge står som solide bidrag til mi platehylle. I 1980 kunne Toy Dolls nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for ein konert med Toy Dolls i Traders Hall i Consett, og The Cramps gjorde andre konsertkvelden på rad på The Peppermint Lounge. Det beste frå denne konserten kan høyrast på konsertplata The Smell Of Female, som kom på marknaden seinare same året. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

25.02.2013

Tjuefemte februar

Tjuefemte februar 1919 vart jazzmusikaren Fred Katz fødd i New York City. Katz har ei mangslungen karriere med cello og piano mellom hendene, og underviste i etnisk musikk ved California State University i Fullerton i meir enn tretti år. I mi platesamling kan Katz høyrast på Bob Dylan si smått fantastiske plate med filmmusikken til filmen Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1943 kom George Harrison til verda i hamnebyen Liverpool. Harrison var gitarist i The Beatles og har i ettertid gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg kan Harrison høyrast som medlem av modergruppa The Beatles og med både song og gitarspel på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. Harrison var også medlem av supergruppa The Travelling Wilburys. Harrison døyde av lungekreft i 2001. I 1949 vart Frank ”Poncho” Sampedro fødd. Poncho Sampedro er gitarist i Crazy Horse og i mi platehylle kan han høyrast medan han hjelp Neil Young med gromlyd frå både orgel og gitar på platene Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981), This Note’s For You (1988) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1957 kom Stuart John Wood til verda i Edinburgh. Woody har gjort teneste som både gitarist og bassist i Bay City Rollers. Hjå meg kan Woody høyrast på samleplata The Magic Collection, som ikkje er spesielt magisk. I 1972 slepte Nick Drake si tredje, og siste, studioplate, Pink Moon. I 1973 vart Jon Rasmus Sjøen fødd i Haugesund. Jon Sjøen var bassist i Kaizers Orchestra frå starten og fram til 2003 og hjå meg finn du hans bidrag til populærkulturen på platene Ompa Til Du Dør (2001) og Evig Pint (2003). I 1973 gav Alice Cooper ut plata Billion Dollar Babies, produsent var Bob Ezrin. I 1977 vart Sarah Jane Ferridge fødd i London. Sarah Jezebel Deva er best kjend som den kvinnelege songaren i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 vart Heaton Buffs Club invadert av ivrige Toy Dolls-fans. Klubben låg trygt plassert i den største byen i Nordaust-England, Newcastle-upon-Tyne. Same dag gav Bob Seger ut plata Against The Wind saman med resten av The Silver Bullet Band. I 1982 vert dagen hugsa for at Iron Maiden starta oppvarminga til den komande Beast On The Road turneen med tjue konsertar i heimlandet. I 1983 bydde datoen på konsert med Toy Dolls på Porterhouse i Retford, og The Cramps stod på scenen i The Peppermint Lounge i New York City. Denne konserten var den fyrste av to som er utgangspunktet for konsertplata The Smell Of Female, som kom seinare same året. I 1984 kom Luisa Hanae Matsushita til verda i brasilianske Campinas. Lovefoxx si vakre røyst kan i mi platehylle høyrast på Primals Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1985 slepte Tears For Fears si andre studioplate, Songs From The Big Chair. I 1990 gav dei australske miljøaktivistane i Midnight Oil ut plata Blue Sky Mining. I 2002 slepte Alanis Morissette si femte studioplate, Under Rug Swept. I 2006 døyde Thomas Koppel.

24.02.2013

Tjuefjerde februar

Tjuefjerde februar 1902 vart Donald Firth Law fødd i London. Produsenten Don Law produserte ei rekkje av Johnny Cash sine tidlege plater, mellom anna Ride This Train frå 1960. Law døyde i 1982. I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. Hjå meg kan Jones høyrast på The Blues Band sine plater Official Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Loyality (1982). I 1944 vart Nicholas Christian Hopkins fødd i Perivale nord i London. Tangentmannen Nicky Hopkins starta karrieren på sekstitalet og er kjend for mellom anna å ha spela med Rolling Stones. Hjå meg kan Hopkins sitt arbeid høyrast på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Hopkins døyde i 1994. I 1950 vart gitaristen George Thorogood fødd i Wilmington. Delaware-stasjonerte Thorogood har sidan 1974 hamra feite riff og dårlege vitsar laus på uskuldige tilhøyrarar og er best kjend for slageren Bad To The Bone, som har vore nytta som filmmusikk i fleire filmar enn eg kan telje på begge hender. Hjå meg er Thorogood representert med to gode samlingar, The Baddest Of George Thorogood And The Delaware Destroyers (1992) og The George Thorogood Collection, som dekkar det meste og det beste, eller det verste, som mannen sjølv ville sagt, av det han har gjort saman med The Delaware Destroyers. I 1951 vart bassisten Steve Dawson fødd i Sheffield. Dawson er ein av grunnleggjarane av det engelske hardrockbandet Saxon, og i mi platesamling kan han høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1962 kom Michelle Karen Johnston til verda i Dallas. Alternativdronninga Michelle Shocked er hjå meg representert med plata Captain Swing frå 1989, i tillegg kan ho høyrast med hjelpevokal på Billy Bragg si plate Workers Playtime frå 1988. I 1969 hadde Johnny Cash teke turen San Quentin State Prison i California for å spele for dei mange innsette. Ein konsert som seinare vart tilgjengeleg for platekjøparane og vert rekna som ein av dei beste fengselskonsertane nokon sinne. I 1972 vart Noah Charles Bernardo Jr. fødd. Multuinstrumentalisten Wuv Bernardo er ein av grunnleggjarane av det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1973 kom Robin Douglas Jones til verda i Skotland. Robin Jones var trommis for The Beta Band og hjå meg kan han høyrast på samlinga The Three E.P.’s, som inneheld dei tre fyrste E.P.ane bandet slepte og kom på marknaden i 1998. I 1976 vart Simen Iversen Vangen fødd på Sortland i Vesterålen. Trommisen Simen Vangen slo seg saman med Madrugada i 2002 og heldt ut med bandet til 2004. Hjå meg kan Vangen høyrast på plata Grit frå 2002. I 1983 hadde karane i Toy Dolls teke turen til sitt næraste utland, Skottland, nærare bestemt til Glasgow, der dei spelte på Roxy. I 1985 var turen komen for ein konsert med Toy Dolls på Queens Hotel i Westcliffe. I 1994 gav det engelske metallbandet Cradle Of Filth ut debutplata si, The Principle Of Evil Made Flesh.

23.02.2013

Tjuetredje februar.

Tjuetredje februar 1944 vart prestesonen frå Texas, John Dawson Winter III, fødd i Beaumont. Gitaristen Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998), og angrar bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. I 1945 kom John Halsey til verda i engelske Highgate. Trommisen Halsey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. I 1948 kom Stephen Norman Priest til verda i engelske Hayes. Steve Priest var bassist i Sweet og turnerar framleis med sin eigen versjon av bandet. Hjå meg kan Priest sitt arbeid høyrasat på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. I 1952 vart Bradford Ernest Whitford fødd i Winchester i Massachutsets. Aerosmith-gitaristen Brad Whitford har ledsaga sjefsgitarist Joe Perry sine grumsete riff sidan 1971. I mi platehylle kan Whitford høyrast på platene Draw The Line og Rocks. I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1962 kom Michael Wilton til verda i Oakland i California. Gitaristen Wilton er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate The Warning (1987), og på Hear In The New Frontier frå 1997. I 1964 vart John Terry Norum fødd i Vardø. Gitaristen John Norum var ein av grunnleggjarane av Europe og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på plata The Final Countdown frå 1986. I 1976 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1979 slepte The Clash singelen English Civil War, som nådde tjuefemteplass på dei britiske singellistene. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 1999 slepte Eminem si andre studioplate, The Slim Shady LP, og Blondie sitt bidrag til platehyllene heit No Exit og var bandet si sjuande studioplate, den fyrste sidan 1982. I 2003 døyde Howie Epstein. I 2010 var det klart for plateslepp frå Johnny Cash sitt dødsbu. American VI: Ain’t No Grave var klar for platehyllene.

22.02.2013

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1944 vart Michael Robert Green fødd i engelske Derbyshire. Gitaristen Mick Green, kjend for å spele i Johnny Kidd & The Pirates, kan i mi platehylle høyrast på plata Back On Top, som Van Morrison slepte i 1999. Green døyde i 2010. I 1952 kom trønderen Stein Groven til verda. Groven har operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av rigg rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med engelskmannen Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og kom på marknaden i 1981, og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II, som vart tilgjengeleg for platekjøparane i 1982. I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vistnok ikkje skal ha spelt ein note på albumet. I 1965 vart Ray Mayhew fødd i hamnebyen Southampton. Mayhew var trommis i det ikkje altfor suksessrike bandet Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1973 kom Thomas Scott Phillips til verda i Valdosta i den amerikanske delstaten Georgia. Trommeslagaren Scott Phillips spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 1998 slepte Bel Canto plata Rush. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate. I 2007 døyde Ian Wallace.

21.02.2013

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Paul Newton til verda i engelske Andover. Uriah Heep sin originalbassist, Newton, spelte på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. I 1949 vart Jeremiah Griffin Harrison fødd i Milwaukie i Wisconsin. Tangentmannen Jerry Harrison spelte på debutplata til The Modern Lovers, men er best kjend for å spele i Talking Heads. Hjå meg kan Harrison høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I finske Loimaa kom Markku Juhani Valtonen til verda. Mato Valtonen var med i Leningrad Cowboys sidan starten i 1986 og hjå meg kan han høyrast medan han syng på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til den legendariske roadmovieen Leningrad Cowboys Go America (1989) og konsertplata Live In Provinzz frå 1993. Valtonen slutta i bandet i 1997. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle i delstaten Washington, og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom den walisiske gitaristen James Dean Bradfield til verda i Pontypool. Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I mi platehylle kan Bradfield høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Thruth Tell Me Yours (1998), og samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

20.02.2013

Tjuande februar

Tjuande februar 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle omfattar, enn så lenge, den same samleplata som ovanfornemnde bandkollegaen Bryan Gregory, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, som vart spela inn over to dagar i februar 1983. I 1963 kom Ian George Brown til verda i engelske Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 vart Kurt Donald Cobain fødd i Aberdeen i delstaten Washington. Kurt Cobain var sjefen i Nirvana fram til han døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. Hjå meg kan Cobain høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplgged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan i mi platehylle høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 1985 heldt Toy Dolls konsert på i Umist i Manchester. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

19.02.2013

Nittande februar

Nittande februar 1947 kom Øystein Dolmen til verda i trønderhovudstaden Trondheim. Dolmen er kjent for nordmenn flest som den eine halvleiken av duoen Knudtsen & Ludvigsen og har underheldt fleire generasjonar vaksne og barn, samstundes, med ablegøyane sine. Høyr gjerne innom for å prøvelytte spellemannsprisløna Juba Juba frå 1983. I 1948 vart Frank Anthony Iommi fødd i Aston i Birmingham. Gitaristen Tony Iommi var ein snartur innom det alltid like hårfine bandet Jethro Tull før han rota seg i hop med Ozzy, Bill Ward og Geezer Butler for å starte det som seinare skulle bli tungrockbandet Black Sabbath. Dei siste åra har Iommi turnert under namnet Heaven & Hell, saman med den avdøyde metallgnomen Ronnie James Dio. Grunna sjukdom, fyrst Dio, og sidan Iommi sjølv, gjekk han glipp av to turar til Bergen, men eg var heldig og fekk sjå Iommi forige gong han vitja byen, saman med resten av Black Sabbath i 2005. Ei lang rekkje Black Sabbath-plater i mi platehylle er med å dokumentere dei viktigast musikalske høgdepunkta frå Iommi si karriere. I Philladelphia kom Mark Andes til verda. Bassisten Andes kan hjå meg høyrast medan han spelar for Heart på konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1954 kom Francis Buchholz til verda i Hannover. Bassisten Buchholz er best kjend for å spele saman med Scorpions og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990, som var den siste av bandet sine plater han deltok på. I 1956 vart Peter Holsapple fødd i Greenwich i Connecticut. Gitaristen Holsapple var frontfigur i bandet The db’s, som, saman med mellom anna R.E.M., herja universitetsmiljøa i søraustre delar av USA på åttitalet. Hjå meg høyrer du Holsapple spele bass på R.E.M. si plate Out Of Time frå 1991. I 1958, like etter midnatt, gjekk Billie Holiday og Ray Ellis Orchestra i studio og starta innspelinga av plata Lady In Satin, som kom på marknaden i juni same år. Plata var tilgjengeleg i to format, mono og stereo og skal vist nok vere songarinna sitt favorittalbum. I London kom Steve Nason til verda. Tangentmannen Steve Nieve var sentral i bandet The Attractions, som er kjend for eit årelangt samarbeid med Elvis Costello. Nieve har også vore innom Madness, og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og samleplata The Heavy Heavy Hits, som var Madness sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1960 kom Steve Poltz til verda i Halifax i Nova Scotia. Gitaristen Poltz er best kjend for å spele og komponere for Jewel, men var i si tid sjefen i The Rugburns og kan i mi platehylle høyrast på Ep’en Mommy, I’m Sorry frå 1995. I 1964 kom Pierre Lamy til verda. Under artistnamnet Polo har Lamy gjort seg merkt som vokalist i det franske alternativbandet Les Satellites som var aktive i åra frå 1985 til 1994. Hjå meg kan Polo høyrast på plata Riches & Célèbres frå 1989. I 1974 spela Johnny Cash inn What On Earth Will You Do (For Heavens Sake). Songen, som var produsert av dei to Jack'ane Clement og Routh, kunne høyrast på plata Ragged Old Flag, som kom ut same år, og er elles å finne på samleplata God som kom ut i 2000. I 1978 kunne ein høyre Gasolin spele live i Tivoli. Songane Kina Rock, December I New York, Fi-Fi Dong, Girl You Got Me Lonely, Refrainet Er Fritt og Som Et Streif Af En Dråbe kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1980 nytta AC/DC- vokalisten Bon Scott dagen til å døy i London etter den siste av hans mange fyllekuler. I 1983 heldt Toy Dolls konsert i Working Mens Club i Newbottle, ein konsert som vart den siste der originalmedlemmen Flip spelte bass. Dette hendte samstundes med at Madness låg trygt på åttandeplassen på listene med singelen Tomorrows Just Another Day. I 2009 døyde Kelly Groucutt.

18.02.2013

Attande februar

Attande februar 1946 kom Buddy Cage til verda i kanadiske Toronto. Steel-gitaristen Cage sitt musikalske bidrag til mi platesamling finn ein på plata Blood On The Tracks, som Bob Dylan gav ut i 1975. I 1952 vart Veronica Crawford fødd i Macon i den amerikanske delstaten Georgia. Songerinna Randy Crawford har hatt større suksess i Europa enn i heimlandet og er godt kjend for eit samarbeid med norske Lava. Crawford sitt bidrag til mi platesamling heiter Secret Combination og kom på marknaden i 1981. I 1953 kom Fausto Mesolella til verda. Gitaristen Mesolella sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I kanadiske Winnipeg vart Robin Bachman fødd. Den yngste av Bachman-brørne har hatt trommene som yrkesveg og har hatt bandet Bachmnan-Turner Overdrive som arbeidsgjevar. Hjå meg kan Bachman høyrast på samleplata The Very Best Of Bachman-Turner Overdrive, som kom på marknaden i 2001. I 1965 vart Andre Romelle Young fødd i Compton i California. Rapartisten Dr. Dre er ein av verdas mest kjende raparar og kan hjå meg høyrast på tre ulike titlar frå kompisen Eminem, The Slim Shady LP (1999), The Marshall Matters LP (2000) og The Eminem Show (2002). I 1969 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York og spelte inn det som skulle ende opp som plata In A Silent Way, som kom ut i juli same året. Med seg i studio denne dagen hadde Davis Wayne Shorter på saksofon, Chic Corea og Herbie Hancook på el. Piano, Joe Azwinul på orgel, John McLaughlin på gitar, Dave Holland på bass og Tony Williams på trommer. I 1970 stod Elvis Presley i studio og spela inn The Wonder In You. I 1974 var Johnny Cash i studio og spelte inn While I Got You On My Mind. Songen fekk plass på plata Ragged Old Flag og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1985 kunne det opplevast ein konsert med Toy Dolls på Winter Gardens i Cleethorpes. Og i 1986 var dette dagen då Madness sin singel Sweetest Girl stogga på trettifemte plass. I 1992 gav det islandske bandet Sugarcubes ut si tredje og siste studioplate, Stick Around For Joy. I 2003 slepte Calexico plata Feast Of Wire, dette var bandet si fjerde studioplate.

17.02.2013

Syttande februar

Syttande februar 1933 kom Spike Heatley til verda i London. Bassisten Heatley sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974. I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke spelar også på den niande studiplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd. I 1951 kom John Lingwood til verda i London. Trommeslagaren Lingwood sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1960 spelte Johnny Cash inn songane I Feel Better All Over og My Shoes Keep Walking Back To You. Begge songane fekk plass på plata Now, There Was A Song og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1972 kom Gunnar Westgaard til verda. Bassisten Westgaard spelte i Postgirobygget frå 1995 til 2008 og i mi plathylle kan han høyrast på studioplata Melis frå 1996. I industribyen Oakland vart Billie Joe Armstrong fødd. Armstrong er frontmannen i Green Day og mi platesamling byr på studioplatene Dookie frå 1994 og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible, som kom på marknaden i 2005. I 1975 gav våre venner i AC/DC ut debutplata si, High Voltage, på heimemarknaden i Australia. Resten av verda måtte vente til Atlantic Records lanserte ein internasjonal versjon i 1976, men denne hadde ei anna samansetjing av låtutvalet på originalen. I 1976 kom Svein Berge til verda i Tromsø. Berge er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001. I 1978 slepte The Clash singelen Clash City Rockers, som nådde ein trettifemteplass på dei engelske singellistene. I 1980 nytta Toy Dolls datoen til å dra attende til Old Club i Shildon for å spele for fansen. Året etter, i 1981, nytta Iron Maiden denne datoen til å legge ut på ein omfattande verdsturne. Fyrste konserten var i Ipswich, den fyrste av i alt tjuefire i England, før resten av den vide verda stod for tur, eitt hundre og tretten konsertar alt i alt. Mindre oppstuss, men like sveitt stemning var det truleg då trufaste Toy Dolls nytta denne kvelden til å spele på Wine Loft i Sunderland litt lengre nord på den engelske austkysten. Dette hendte same dag som Los Palmas 7 var nummer sju på dei engelske singellistene, same plassering som songen har fått på Madness si samleplate The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 2005 slepte Total Devastation plata Reclusion.