31.12.2012

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1942 vart Andrew James Summers fødd i engelske Lancashire. Multiinstrumentalisten Andy Summers var gitarist i The Police og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1992. I 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Hjå meg kan Quaife sitt basspell høyrast på samleplata Greatest Hits. Quaife døyde i 2010. I 1948 vart LaDonna Adriana Gaines fødd i Boston i Massachusetts. Discodronninga Donna Summer produserte ei rekkje hits på syttitalet. Hjå meg kan Summer høyrast medan ho syng hjelpevokal på Gene Simmons si soloplate frå 1978. Summer døyde av lungekreft i 2012. I 1951 vart Thomas William Hamilton fødd i Colorado Springs i Colorado. Bassisten Tom Hamilton har tent til livets opphald i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Rocks og Draw The Line, som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene, i 1986. Hjå meg finn du Klein sine vokalprestasjonar på plata Time Flies frå 1992, som var Vaya Con Dios si tredje studioplate og som Klein også produserte. I 1959 vart Bjørn Gunnar Sando fødd. Trommeslagaren Sando spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, Sylvspente Boots (1992), Lakafant (1995) og Drag (1996), i tillegg til konsertplata Live Laga frå 1997. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men ein småby i den amerikanske delstaten New York. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er i mi platehylle representert med studioplatene State Of Euphoria (1988) og Percistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s frå 1999. I 1969 kom Thornetta Davis til verda i Detroit i Michigan. Davis kan hjå meg høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. Også Billy Graziadei vart fødd denne dagen, det skal ha hendt i Boston i Massachusetts. Graziadei kan hjå meg høyrast som vokalist i Biohazard, eit band som enn så lenge er representert med to titlar, State Of The World Adress (1994) og Mata Leãõ (1996). I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen gjennom eit langt og innhaldsrikt 2012 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.

30.12.2012

Trettiande desember

Trettiande desember 1928 vart saksofonisten Jack Montrose fødd i Detroit i Michigan. Montrose sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Montrose døyde i 2006. I 1930 kom Orville J. Rhodes til verda i Alton i Illinois. Red Rhodes hadde steel guitar som levebrød, etter at han la dobroen på hylla som femtenåring, og hjå meg kan han høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Red Rhodes døyde i 1995. I 1934 vart Francisco Pep fødd i Havanna på Cuba. Perkusjonisten Alvin Patterson er best kjend for arbeidet han gjorde med Bob Marley, og hjå meg høyrer du han spele på samleplata Legend frå 1984. I 1942 kom Robert Wolfe Quine til verda i Akron i Ohio. Gitaristen Robert Quine var ein av mange talentfulle gitaristar som levde i skuggen av andre meir kjende rockeartistar, og ikkje har fått den berømmelsen merittane hans tilseier. Hjå meg kan Quine sitt gitarspel høyrast på Lou Reed si konsertplate Live In Concert (1996), som var ei nyutgjeving av konsertplata Live In Italy frå 1984. Quine døyde i 2004. I 1946 kom Patricia Lee Smith til verda i Chicago i Illinois. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Patti Smith er også kreditert for å syngje på songen E-Bow The Letter på R.E.M si plate New Adventures In Hi-Fi frå 1996. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar av legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was (1968) og Aqualung (1971). Etter tida i Jethro Tull var Bunker innom Manfred Mann’s Earth Band og han kan høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1947 kom Jeffrey Lynne til verda i Birmingham i England. Plateprodusenten Jeff Lynne var den kreative krafta i Electric Light Orchestra og hjå meg er det beste frå dette bandet tilgjengeleg på samleplata Greatest Hits frå 1979. Lynne kan også høyrast med bakgrunnsvokal og gitar på Jeff Healy Band sin versjon av George Harrison-låta While My Guitar Gently Weeps på plata Hell To Pay frå 1990, og med gitar og vokalbidrag på plata Flaming Pie, som Paul McCartney slepte i 1997. I 1959 vart Tracey Ullman fødd i byen med det sjarmerande namnet Slough. Den britiske skodespelaren og komikaren har ikkje berre plaga folk gjennom fjernsynsruta, ho har også herja platelistene og mi platehylle byr på samleplata The Very Best Of…, som, som tittelen indikerer, gjev oss det beste dama har spela inn gjennom åra. I Los Angeles i California kom Paul Milton Jackson Jr til verda. Gitaristen Paul Jackson Jr kan i mi platehylle høyrast på Rod Stewart si plate Vagabond Heart frå 1991. I 1969 kom Jason Luis Cheetham til verda i engelske Stretford. Jay Kay er songar og frontfigur i Jamiroquai og hjå meg høyrer du han på bandet si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993. I 1970 vart Mark Traa Daniels fødd i Ohio. Bassisten Traa Daniels spelar til dagleg i det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1972 spelte Lou Reed saman med bandet The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga. I 2009 døyde Rowland S. Howard.

29.12.2012

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1927 vart Matt Murphy fødd i Sunflower i Mississippi. Matt “Guitar” Murphy er ein bluesgitarist som ofte vert hugsa for arbeidet han har gjort med bandet The Blues Brothers sjølv om han debuterte saman med Howlin’ Wolf så tidleg som i 1948. Hjå meg kan Murphy høyrast på konsertplata Breifcase Full Of Blues (1978), og samleplata Best Of The Blues Brothers (1981). I 1942 kom Richard Clare Danko til verda i Green’s Corner i kanadiske Ontario. Bassisten Rick Danko spelte i The Band og hjå meg høyrer du han på bandet si siste studioplate Islands frå 1977. Danko er også kreditert for å spele bass på eit spor på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. Danko døyde i 1999. I 1946 vart Marian Evelyn Faithfull fødd i London. For mange er Marianne Faithfull best kjend som eks-dama til Mick Jagger, men Faitfull har hatt ei spanande solokarriere, berre avbroten av periodar som uteliggjar og knallhard avrusing. Plata Broken English frå 1979 vert rekna som eit av hennar sterkaste kort og står på heidersplass i hylla mi. I 1947 kom Colin Flooks til verda i engelske Cirenchester. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1960 vart Jeff Campitelli fødd. Campitelli har gjort størst suksess som trommeslagar for Joe Satriani og kan hjå meg høyrast på to av gitargeniet sine produksjonar, Not Of This Earth (1986) og Flying In A Blue Dream (1989). I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987, og samleplata The Sound Of Speed (1993). I 1965 kom Bryan Keith Holland til verda i Garden Grove i California. Dester Holland er songar og gitarist i The Offspring og hjå meg kan han høyrast på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I 1967 kom Evan Seinfeld til verda i Brooklyn. Seinfeld har ei fortid i bandet Biohazard og kan hjå meg høyrast på to plater frå det glade og kreative nittitalet, State Of The World Adress (1994) og Mata Leãõ (1996). I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1970 vart Dallas Austin fødd i Columbus i Georgia. Plateprodusenten Austin har jobba med stjerner som Janet Jackson og Anastacia. Hjå meg kan Austin høyrast medan han spelar trommer og keyboard på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club. I 2008 døyde Freddie Hubbard.

28.12.2012

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1942 vart Allan Schwartzberg fødd i New York City. Trommisen Schwarzberg sitt bidrag til mi platehylle finn du på Gene Simmons si soloplate frå 1978, i tillegg til eit spor på plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1946 kom Edgar Holland Winter til verda i Beaumont i Texas. Edgar Winter er yngre bror av gitaristen Johnny Winter. Multiinstrumentalisten Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre Winter på konsertplata Captured Live (1976), kreditert den meir meritterte storebroren, Johnny Winter, og på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell frå 1977. I 1947 vart Jess Roden fødd i engelske Kidderminster. Songaren Rodden kan hjå meg høyrast medan han yt vokalhjelp til Mott The Hoople på plata Wildlife frå 1971. I 1948 kom Joseph Modeliste til verda. Trommisen Ziggy Modeliste var ein av grunnleggjarane av The Meters, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si studioplate Storyville frå 1991. I 1950 vart Hugh McDonald fødd Philadelphia. Den merriterte studiobassisten McDonald har ei fortid med så ulike artistar som Alice Cooper og Willie Nelson, men slo seg etter kvart saman med Bon Jovi, og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995. I 1978 kom John Roger Stephens til verda i Springfield i Ohio. Artisten John Legend sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som pianist på Everything Is Everything på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1983 døyde Dennis Wilson. I 1984 døyde Eddie Brown. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen. I 1991 gjorde The Allman Brothers Band den fyrste av tre konsertar i Macon City Auditorium i Georgia. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom på marknaden året etter. I 2004 slepte hardtarbeidande Glen Matlock And The Phillestines plata On Something.

27.12.2012

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1933 vart John Hughey fødd i Elaine i Arkansas. Steelguitar-legenda John Hughey sitt bidrag til mi platehylle finn du på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1944 kom Michael Leslie Jones til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Gitaristen Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. Det er like greitt at denne Mick Jones ikkje vert forveksla med den noko yngre The Clash-gitaristen med same namn. I 1946 vart Lenny Kaye fødd i New York City. Gitaristen Kaye har lang fartstid i Patti Smith Group og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Easter (1978) og Peace & Noice (1997). I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty Two Tunes Live From Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

26.12.2012

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans i Louisiana. Porter er best kjend for at han var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre han på platene Storyville, som Robbie Robertson slepte i 1991, og Under The Pink, som var Tori Amos sitt bidrag til populærkulturen i 1994. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I engelske Barnsley kom Paul Anthony Quinn til verda. Gitaristen Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon, der han spelt og komponert på kvar einaste plate bandet har slept. Quinn kan hjå meg høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert Baker lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1963 vart Lars Ulrich fødd i danske Gentofte. Trommisen Ulrich er ein av grunnleggjarane av Metallica etter at han la ei lovande tenniskarriere på hylla. I mi platehylle kan Ulrich hørast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1970 kom James Russel Mercer fødd i Honolulu på Hawaii. James Mercer er frontmann i The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

25.12.2012

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 vart verdsmetropolen New York velsigna med Charles Alias. Perkusjonisten Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Alias gjekk bort i 2006. I 1944 kom Emory Lee Gordy til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Plateprodusenten Emory Gordy Jr., med ei fortid i Elvis Presley sitt band, og som er gift med countrysongrinna Patty Loveless, er i mi platehylle kreditert for å spele bass på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i fotballbyen Stoke-On-Trent. Kilmister er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin exit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Julegåva 2010 omfatta den nyaste Motörhead-plata, The Wörld Is Yours, så det var ei vellukka høgtid. Same dag vart Ronnie Cuber fødd i New York City. Saksofonisten Cuber kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1948 vart den amerikanske soulsongarinna Merry Clayton fødd i Gert Town i New Orleans, som dei fleste har fått med seg ligg i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre, mellom anna Rolling Stones-låta Gimme Shelter, hjå meg kan ho høyrast som bakgrunnsvokalist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Sprigfield Again frå 1967, og på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1954 vart den skotske artisten Ann Lennox fødd i oljebyen Aberdeen. Annie Lennox var den feminine halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess frå starten i 1980 og framover. Hjå meg høyrer du Lennox på Eurythmics si åttande studioplate, We Too Are One frå 1989. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. Shane MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989) og Hells Ditch (1990), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og debutplata The Snake frå 1994 er på plass i hylla. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 vart songarinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet frå den sjølvtittelerte debutplata si i 1990, hjå meg kan ho i tillegg høyrast på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998. I 1962 kom Francis Dunnery til verda i engelske Egremont. Gitaristen Dunnery sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota song på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1969 vart Nicolas Godin fødd like utanfor Paris. Godin er ein halvpart av den franske electronicaduoen Air, som hjå meg kan høyrast på platene Moon Safari (1998) og Talkie Walkie (2004). I 1971 kom Noel Anthony Hogan til verda i Limeric i Irland. Noel Hogan er gitarist i irske The Cranberries og er i mi platesamling representert med platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993) og To The Faithful Departed (1996). I 1972 vart Josh Freese fødd i Orlando i Florida. Trommisen Freese har vore med på meir enn fire hundre plateinnspelingar og hjå meg høyrer du han frå den tida han var hyra inn for å halde takten på The Offspring si plate Splinter frå 2003. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown.

24.12.2012

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste julaftan, 1919 vart Henry Coker fødd i Dallas. Trombonisten Coker spelte med Count Basie på femti- og sekstitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Coker døyde i 1979. I 1951 kom Tom Wolk til verda i Yonkers i den amerikanske delstaten New York. Bassisten Tom «T-Bone» Wolk spelte lenge i bandet i fjernsynsshowet Saturday Night Live og elles med Hall & Oates. Hjå meg kan Wolk høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. Wolk døyde i 2010. I 1962 vart Darren Leigh Wharton fødd i engelske Failsworth. Tangentmannen Darren Wharton slo seg saman med Thin Lizzy som syttanåring og spelte med bandet fram til dei gav seg i 1983. Hjå meg kan Wharton høyrast på samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy frå 1991, i tillegg til Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1963 kom Mary Ramsey til verda i Washington D.C. Fiolinisten Ramsey konsentrerar seg om folk-generen, og kan hjå meg høyrast med fiolinhjelp på 10 000 Maniacs si konstruerte konsertplate MTV Unplugged frå 1993. I 1968 vart Doyle Bramhall III fødd i Dallas i Texas. Gitaristen Bramhall sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på gitarguruane B.B. King og Eric Clapton si samarbeidsplate Riding With The King frå 2000. I 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1973 vart Kjell Grutle fødd i Sveio. Grutle Kjellson er vokalist og bassist i Enslaved og står for tre solide bidrag til mi platehylle, Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ethica Odini (2010). I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

23.12.2012

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1929 vart jazztrompetisten Chesney Henry Baker, Jr fødd i Yale i Oklahoma. Norskætta Chet Baker fekk etter kvart mange fans for det særeigne trompetspelet sitt. Men nesten like mykje omtale har Baker hausta for narkotikabruken sin, ein uvane som sørgjer for at han fekk lang fengselsstraff i Italia, at han vart deportert frå det som den gong vart kalla Vest-Tyskland og at karrieren hans gjekk rett på skogen. Hjå meg kan Baker høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Baker døyde etter at han fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam i 1988. I 1946 kom Luther James Grosvenor til verda i engelske Evesham. Gitaristen Ariel Bender spelte ein periode i Mott The Hoople og hjå meg kan han høyrast på plata The Hoople frå 1974. I 1949 kom Robert Steven Belew til verda i Kentucky. King Crimson-gitaristen Adrian Belew kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar for Paul Simon på plata Graceland frå 1986 og med synthgitar på songen God Shuffeled His Feet frå plata med same namn og som Crash Test Dummies slepte i 1993. I 1951 kom Douglas Stegmeyer til verda på Long Island i New York City. Bassisten Doug Stegmeyer er best kjend for eit årelangt samarbeid med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Glass Houses (1980), og konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1956 fekk verda David Michael Murray. Gitaristen Dave Murray er i dag den eine av to gjenværande originalmedlemmer i Iron Maiden. Moonface Murray er til no representert på femten Iron Maiden studioplater i mi platehylle. Please keep it comin’. I 1962 vart trommeslagaren Sonny Emory fødd i olympiabyen Atlanta i den amerikanske delstaten Georgia. Emory kan høyrast medan han spelar trommer for The B-52’s på plata Cosmic Thing frå 1989. I den tradisjonsrike engelske industribyen Birmingham kom Sarah Jordan til verda. Songaren Sass Jordan voks opp i kanadiske Montreal og kan hjå meg høyrast på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1964 kom Edward Louis Severson III til verda i Chicagoforstaden Evanston i Illinois. Songaren og ukulelevirtousen Eddie Vedder var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Ten (1991), og på den tredje studioplata Vitaology frå 1994. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarrieren fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1968 kom Stanislas Poupaud til verda i Neuilly-sur-Seine. Multiinstrumentalisten Yarol Poupaud spelte gitar i det franske funkrockbandet Fedèration Francaise de Funk (FFF), som berikar mi platehylle med tre titlar, Blast Culture (1991), Free For Fever (1993) og FFF (1996). I 1979 slepte Public Image Ltd si andre studioplate Metal Box. Hjå meg finn du andreutgåva, Second Edition. På kvelden vitja Toy Dolls Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberries at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon. I 2007 døyde Oscar Peterson.

22.12.2012

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1939 kom James Martin Gurley til verda i Detroit i Michigan. James Gurley var ein av to gitaristar i Big Brother & The Holding Company. Hjå meg kan Gurley høyrast på Big Brother & The Holding Company si sjølvtittelerte debutplate frå 1967, og på samleplata Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i 1982. Gurley døyde i 2009. I 1942 vart Richard Parry fødd i engelske Suffolk. Saksofonisten Dick Parry er mennen bak det glitrande saksofonspelet på Pink Floyd sin song Money frå plata Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1946 vart Richard A. Nielsen fødd i Rockford i Illinois. Den energiske gitaristen Rick Nielsen er sjefen i Cheap Trick. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Trick, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. Nielsen spelte også gitar på Alice Cooper si plate From The Inside, og på Gene Simmons si soloplate, begge frå 1978. I 1949 kom tvillingane Robin Hugh og Maurice Ernest Gibb til verda i den gamle vikingbyen Douglas på Isle Of Man. Saman med storebroren Barry starta Robin og Maurice Gibb Bee Gees og popmusikken vart aldri meir den same. Diverre døyde Maurice Gibb i 2003. Robin Gibb døyde i 2012. I 1953 var Chet Baker i studio og spela inn Pro Defunctus og Moonlight Becomes You. Med seg i studio hadde han saksofonistane Herb Geller, Jack Montrose og Bob Gordon, pianisten Russ Freeman, Joe Mondragon på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Begge låtane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1965 freista The Byrds å korte ned ventetida fram til jul med å spele inn det som vart alternative versjonar av Eight Miles High og Why. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Fifth Dimension. I 1967 kom Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Gitaristen Richey Edwards spelte i Manic Street Preachers fram til 1995 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993) og The Holy Bible (1994). Edwards forsvann i 1995 og vart erklært antatt daud i 2008. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

Tjuefyrste desember

Tjuefyrste desember 1940 vart Frank Vincent Zappa fødd i Baltimore i Maryland. Multitalentet Frank Zappa var bandleiaren som komponerte eigen musikk, produserte plater og laga filmar og musikkvideoar. Bandet han leia var The Mothers Of Inveintion, som følgde Zappa i tjukt og tynt. Zappa døyde i 1993. I 1946 kom Carl Dean Wilson til verda i Hawthorne i California. Gitaristen Carl Wilson er den mindre kjende broren til Brian Wilson og spelte gitar i The Beach Boys. Carl Wilson døyde i 1998. I 1948 vart Martin Belmont fødd i Bromley i Kent. Gitaristen Belmont kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1971 avslutta Deep Purple innspelinga av plata Machine Head. I 1981 spela AC/DC den andre konserten på to kveldar i Largo/Landover. Hendinga vart filma og eit opptak av Let’s get it up er å finne på DVD’en Family Jewels. I 1982 var Toy Dolls og spela på Julies i Newcastle. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast på Brannigans i Leeds. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til konsertplata Marauder, som kom i 1980.

20.12.2012

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart George Peter John Criscoula fødd i Brooklyn i New York City. Trommis Peter Criss var ein av dei fire originale medlemmane av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty frå 1979, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse attforeiningar av Kiss. Hjå meg kan Criss høyrast på platene Love Gun, frå 1977, og altså med eit minimalt bidrag på Dynasty, i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1948 kom Alan Parsons til verda i London. Plateprodusenten Parsons har gjort seg merkt med bandet The Alan Parsons Project, som var aktive i perioden 1975 til 1990, og kan hjå meg høyrast på samleplata The Instrumental Works frå 1988. I 1957 kom Stephen William Bragg til verda i London. Billy Bragg er ein kjend artist på alternativscena der han blandar element frå folk rock og punk. Billy Bragg er ein aktiv aktivist på den politiske venstresida, slike skulle det ha vore fleire av, og bidraget til mi platehylle heiter Workers Playtime og kom på marknaden i 1988. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Ain’t Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVD-en Undead And Alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo/Landover. Songane Back In Black og T.N.T. frå denne konserten kan nytast på DVD’en Plug Me In. I 1982 vart John Olav Nilsen fødd. Nilsen voks opp i Loddefjord vest for Bergen, og saman med Gjengen platedebuterte John Olav i 2009 med plata For Sant Til Å Være Godt, som vart ein bestsegjar i ein elles vanskeleg platemarknad. Oppfølgjaren Det Nærmeste Du Kommer frå 2011 toppa platelister for både sal og nedlasting og står som ei antitese i ei verd prega av dalande platesal. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London. I 2009 døyde James Gurley.