20.11.2012
Tjuande november
Tjuande november 1947 vart Joseph Fiddler Walsh fødd i Wichita i Kansas. Multiinstrumentalisten Joe Walsh si musikalske karriere er nær knytt til Eagles, men hjå meg må ein nøye sem med å høyre arbeidet hans på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I Tacoma Park i Maryland vart William Reichenbach Jr fødd. Trombonisten Bill Reichenbach kan hjå meg høyrast på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, han spelar også på songen Trouble’s Braids på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og han kan også høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I Bologna kom Fiorenzo Zanotti til verda. Fio Zanotti sitt bidrag til mi platehylle finn du på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998, der han spelar Hammond Orgel. I 1965 kom Michael Diamond til verda i New York City. Mike D er ein av grunnleggjarane av Beastie Boys og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Licenced To Ill (1986), Paul’s Boutique (1989), Check Your Head (1992), Ill Communication (1994), Hello Nasty (1998), i tillegg til samleplatene The In Sound From Way Out (1996) og The Sound Of Science (1999). I Pinar Del Rio på Cuba kom Senen Reyes til verda. Rapartisten Sen Dog sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Rage Against The Machine si studioplate Renegades frå 2000. I 1966 vart Kevin Matthew Gilbert fødd i den californiske hovudstaden Sacramento. Multiinstrumentalisten Kevin Gilbert sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sheryl Crow si debutplate Thuesday Night Music Club frå 1993. Gilbert døyde av surstoffmangel under ein onanileik i 1996. I 1975 kom David Paden Marchand til verda i Rochester i New York. Vegetarianaren Davey Havok syng til dagleg i AFI, men hjå meg kan han høyrast med vokalbidrag på The Offspring si plate Americana frå 1998. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago, same dag som The Clash slepte singelen This Is Radio Clash, som klatra til førtisjuandeplass på dei britiske singellistene. I 1982 hoppa Olga og dei andre gladpønkarane i Toy Dolls på scenen i Framwellgate Moor Club i kolbyen Durham. I 1986 kom Michael Jared Followhill til verda i Tennessee. Jared Followill er bassist i det søskendominerte bandet Kings Of Leon. Same dag var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 gav The Beatles ut det meste av det beste frå dei åtte fyrste åra i bandet si karriere under tittelen Anthology 1, ein dobbel CD. Same dag spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996. I 2005 døyde Fritz Richmond.
19.11.2012
Nittande november
Nittande november 1956 vart Garry George Johnson fødd i Chicago i Illinois. Jellybean Johnson trakterar både trommer og gitar, og hjå meg kan han høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1957 kom Philip Trevor Spalding til verda i London. Bassisten Philip Spalding er i mi platesamling representert på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1960 vart Matthew William Sorum fødd i Mission Viejo i California. Den norsketta trommeslagaren Matt Sorum spelte saman med Guns N’Roses i sju år og er i dag fast del av rytmeseksjonen i Velvet Revolver, to band som begge står trygt på hylla heime hjå meg. I 1961 vart Margaret Mary Emily Anne Hyra fødd i Farifield i Connecticut. Skodespelarinna Meg Ryan syng bakgrunnsvokal på songen Heal Me på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1975 kom Cynthia Loving til verda på Long Island i New York City. Songerinna Lil’ Mo sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addicitve frå 2001. I Longwiev i Texas vart Monte Lee Pittman fødd. Gitaristen Monte Pittman sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Confessions On A Dance Floor, som Madonna slepte i 2005. I 1981 spela AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1982 gav Led Zeppelin ut samleplata Coda på plateselskapet Swan Song. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Yubinchokin i Tokyo. I 1989 spelte Toy Dolls på Bercham Palace i Antwerpen.
18.11.2012
Attande november
Attande november 1949 kom Herman Erbel til verda i tyske Schmelz. Herman «Ze German» Rarebell spelte trommer på åtte Scorpions-plater frå 1977 til 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1950 vart Rodolfo Maximiliano Sarzo Lavieille Grande Ruiz Payret y Chaumont fødd i Havanna på Cuba. Bassisten Sarzo har ein imponerande CV frå store delar av heavy metal-bransjen. Hjå meg kan Sarzo sitt basspel nytast på Ozzy Osbourne sine konsertplater Speak Of The Devil, frå 1982, og Tribute (1987). I 1960 vart anonyme Kim Smith fødd i London. Kim Wilde har gjeve ut ei rekkje plater opp gjennom åra, men gjer det i dag like greitt som landskapsarkitekt. Kim Wilde prydar mi platehylle med plata Love Is frå 1992. I 1963 kom gitaristen og pianisten Thomas Darnal til verda. Darnal har gjort seg merkt i det franske punkrapbandet Mano Negra og hjå meg kan han høyrast på platene Puta’s Fever (1989), King Of Bongo (1991) og Casa Babylon (1994). I San Francisco vart Kirk Lee Hammet fødd. Gitaristen Kirk Hammet slo seg saman med Metallica i 1983 og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1972 døyde Danny Whitten av ein overdose av den alltid like usunne blandinga av alkohol og valium, The Needle And The Damage Done. I 1981 slepte Joan Jett plata I Love Rock’n Roll, som produserte megahiten med same namn. I 1983 avslutta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). Regissør var Derek Burbridge. I 1986 spelte Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. Og som om det ikkje var nok, bydde denne dagen plateslepp frå Paul Simon og Erykah Badu. Produkta som vart tilgjengeleg denne dagen hadde namnet Songs From The Capeman (Simon) og Baduizm Live (Badu). I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm. I 2003 slepte Linkin Park konsertplata Live In Texas. Plata inneheld i tillegg ein konsert-DVD med bandet, mykje grom musikk for pengane med andre ord.
17.11.2012
Syttande november
Syttande november 1940 kom Luke Kelly til verda i Dublin. Kelly var ein av grunnleggjarane av det irske folkrockbandet The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. Kelly døyde i 1984. I 1944 vart Harold Eugene Clark fødd i Tipton i Missouri. Gene Clark var ein av grunnleggjarane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clark døyde i 1991. I 1946 vart Martin Lancelot Barre fødd i engelske Birmingham. Gitaristen Martin Barre har spelt i Jethro Tull sidan 1969 og har vore med på alle platene bandet har slept etter This Was, som kom så tidleg som 1968. Hjå meg høyrer du Barre på studioplatene Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock’n Roll Too Old Too Die (1976), Heavy Horses (1978) og Catfish Rising (1991), samt samleplatene M.U. Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Very Best Of Jethro Tull Vol.2 (1977) og Nightcap (1993), i tillegg til konsertplata A Little Light Music (1992). I 1966 kom Jeffrey Scott Buckley til verda i Disneybyen Anaheim sør for Los Angeles i California. Jeff Buckley var son av musikaren Tim Buckley, men døyde tragisk tidleg i 1997. Før han gjekk bort gav Buckley ut ei studioplate, Grace (1994), og den finn du hjå meg. I 1969 hadde Jimi Hendrix med seg Band Of Gypsies, Buddie Miles på trommer og Billy Cox på bass, og spelte inn Room Full Of Mirrors på Reccord Plant i New York. I 1970 kom Paul Allender til verda i engelske Colchester. Gitaristen Allender er inne i sin andre periode i Cradle Of Filth og kan høyrast på to plater i mi samling, The Principle Of Evil Made Flesh (1994), og Midian frå 2000. I 1979, på bandkollega Martin Barre sin fødselsdag, døyde bassisten John Glascock. I 1981 spelte Ebba Grön på Kulturama i Stockholm og songen Mental Istid kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. Same dag spelte AC/DC i Milwaukee Arena i Milwaukee. I 1983 starta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). I 1986 fekk dei frammøtte i Candy Hall i Osaka høve til å nyte Toy Dolls. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i L’usine i Reims. I 1995 var det Centre i Newport sin tur til å vere vertskap for ein snart pensjonert Ozzy Osbourne. I 1998 kom Offspring si femte plate, Americana, med kjempe hiten Pretty Fly (For A White Guy), som kjempa seg nesten til toppen av dei viktigaste amerikanske listene.
16.11.2012
Sekstande november
Sekstande november 1942 vart Geir Børresen fødd i Oslo. Skodespelaren Børresen opplevde gigantisk suksess då han song den norske vokalen på dei utruleg kitche smurfeplatene som herja den vestlege verda frå slutten av syttitalet. I 1945 kom Paul Martin Raymond til verda i engelske St. Albans. Paul Raymond har livnært seg som gitarist i band som UFO og hjå meg kan han høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1954 vart Louis Conte fødd på Cuba. Perkusjonisten Conte sitt bidrag til mi platehylle finn du på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1962 vart Gary Manny Mounfield fødd nær den engelske storbyen Manchester. Mani var bassist i The Stone Roses og gjør i dag teneste i Primal Scream. Hjå meg kan Mani høyrast på The Stone Roses si andre, og enn så lenge, siste studioplate, The Second Coming frå 1994, og på Primal Scream sine studioplater XTRMNTR frå 2000 og Beautiful Future frå 2008. I 1966 kom Christian Lorenz til verda i Berlin. Doctor Lorenz spelar til dagleg keyboard i Rammstein og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Sehnsucht frå 1997. I 1977 la Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin på plass i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i Detroit. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlèt bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste liveplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1993 slepte Ponter Sisters plata Only Sisters Can Do That, bandet si femtande studioplate. I 1995 spelte R.E.M. i North Charleston Coliseum i Charleston. Songen The Wake-Up Bomb kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.
14.11.2012
Fjortande november
Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i bydelen Queens i New York City. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det på W.A.S.P. si samleplate First Blood. Last Cuts trommespelet hans kan høyrast. I 1977 kom Obie Trice III til verda i Detroit i Michigan. Raparen Obie Trice sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som vokalhjelp på Eminem si plate The Eminem Show frå 2002. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit i Michigan, der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. I 1989 var Toy Dolls i Theatret Barbet i Bordeaux. I 1992 slepte Motörhead The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret. I 1996 prisa AC/DC våren i Sydney. Dei frammøtte i Entertainment Centre fekk høyre Hail Cesar, Ballbreaker og Rock’n Roll Ain’t Noise Pollution, og det gjer me andre også, om me stappar DVD’en Plug Me In i spelaren. I 1997 heldt Bee Gees konsert på MGM Grand i Las Vegas. Konserten vart spela inn og kan kjøpast som både DVD og CD. CD-versjonen har fått namnet One Night Only og kom på marknaden i 1998. I 2000 slepte Offspring plata Conspiracy Of One. I 2005 fekk Pete Doherty sitt prosjekt Babyshambles sin platedebut med plata Down In Albion
13.11.2012
Trettande november
Trettande november 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i storbyen New York City. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waits si plate Mule Variations, som kom på marknaden i 1999. I 1949 vart Terry Reid fødd i Huntingdon i England. Gitaristen Reid har slept plater på eiga hand, men er best kjend for å spele for andre. Hjå meg kan Reid høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Jackson Browne på plata Late For The Sky frå 1974. I 1953 fekk verda trommeslagaren Andrew Ranken. Ranken er best kjend for å spele trommer for The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1978 kom Nikolai Fraiture til verda i New York City. Fraiture er bassist i The Strokes. Same dag slepte Kate Bush si andre studioplate, Lionheart, som berre nådde ein skuffande sjetteplass på listene. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit. I 1987 kom The Sisters Of Mercy si andre studioplate, Floodland. I 2000 kom Oasis si konsertplate Familiar To Millions, som var spela inn på Wembley Stadium tjuefyrste juli same år.
12.11.2012
Tolvte november
Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda i musikkhovudstaden Memphis i Tennessee. Jones, som kurriøst nok ikkje har noko mellomnamn, berre ein T. midt i namnet, er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MG’s på samleplata The Best Of Booker T. & The MG’s, og som musikar for stjerner som Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, og som bassist på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. I 1945 vart Neil Percival Young fødd i den forblåste storbyen Toronto. Den kanadiske superstjerna Neil Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje sterke bidrag til platehylla mi, det er diverre ikkje plass til å ramseo opp alle her, men eg lovar at det vert fleire. Før solokarrieren var Young med i supergruppa Buffalo Springfield, eit band han har songe om i songen Buffalo Springfield Again, som også er tittelen på den plata som er bandet sitt bidrag til mi platehylle, i tillegg finn du også Young kreditert for gitarspel, med meir, på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, munnspel på songen Furry Sings The Blues på Joni Mithchell si plate Hejira frå 1976, for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og hjelpevokal på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008, eit minne for livet. I 1947 kom Donald Roeser til verda på Long Island i New York. Buck Dharma er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har hatt fast jobb som perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers og kan hjå meg høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1959 vart Lester Butler fødd i den amerikanske delstaten Virginia. Munnspelvirtousen Butler sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rancid si studioplate Life Won’t Wait frå 1998. Butler døyde i 1998. I 1964 vart David Warren Ellefson fødd i Jackson i den skandinaviske delstaten Minnesota. Bassisten David Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 slepte Marilyn Manson liveplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde plate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby. I 2007 slepte Led Zeppelin den doble samleplata Mothership.
11.11.2012
Ellevte november
Ellevte november 1930 kom Walter Louis Garland til verda i Cowpens i South Carolina. Gitaristen Hank Garland spelte gjennom ein hektisk femtenårsperiode med store amerikanske country-artistar som Patsy Cline og Roy Orbison. I mi platehylle er det hjå sjølvaste kongen, Elvis Presley, gitarspelet hans kan nytast. Garland døyde i 2007. I 1940 vart Dennis James Coffey fødd i Detroit i Michigan. Gitaristen Dennis Coffey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976. I 1953 såg Andrew John Partridge dagens lys på Malta. Andy Partridge si merittliste er vokalist og gitarist, i tillegg til kunstnarisk leiar for det britiske New Wave-bandet XTC, som hadde utspringet sitt i Swindon. Hjå meg kan Partridge høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1962 kom Gunnar Mathias Michaeli til verda i ein av Stockholm sine forstadar. Tangentmannen Mic Michaeli sitt bidrag til mi platesamling finn du på Europe si tredje studioplate, The Final Coundown frå 1986. I 1963 vart den amerikanske songarinna Javetta Steele fødd i Gary i Indiana. Hjå meg kan Steele høyrast som hjelpevokalist på 10 000 Maniacs si plate Blind Man’s Zoo frå 1989. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Two Faced og Dual Mr. Anthony Tillmon Williams Proces. Begge songane kan høyrast på samleplata Water Babies frå 1975, og med i studio var Wayne Shorter, Chick Correa, Herbie Hancock, Dave Holland og Tony Williams. I 1977 kunne Gasolin’ si sjuande studioplate, Gør Det Noget, kjøpast for pengar, i og med at plata var tilgjengeleg i butikken, kunne ho også stelast, men det var ikkje så populært. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Wilhelm II i Den Bosch. I 1991 slepte Genisis si fjortande studioplate, We Can’t Dance. I 1995 kunne Ozzy Osbourne opplevast i levande live i Civic Hall i Wolverhampton. I 1997 slepte Ozzy Osbourne samleplata The Ozzman Cometh, som hadde fleire tidlegare uutgjevne spor frå Black Sabbath-tida. Skikkeleg mat for fansen med andre ord.
10.11.2012
Tiande november
Tiande november 1946 vart James Earl Gilstrap fødd i Pittsburg, nei, ikkje stålbyen i Pennsylvania, men ein liten småby i Texas. Songaren Jim Gilstrap hadde eit par solohits på syttitalet, men hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1947 kom Glen Edward Buxton til verda i Akron i Ohio. Glen Buxton var med å starte Alice Cooper Band og er kredittert som komponist på fleire av dei store slagarane bandet hadde på byrjinga av syttitalet. Hjå meg kan Buxton høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. Buxton døyde i 1997. I 1958 vart Brian Taylor fødd. Trommisen Dolphin Taylor har spela med Stiff Little Fingers, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Tom Robinson Band, eit band han forlet i 1978. I 1964 vart Chris Connely fødd i skotske Edinburg. Connely har ei fortid som tangentmann i Ministry og kan hjå meg høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1966 kom Stephen Patric Mackey til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Steven Mackey spelte i Pulp og kan i mi platehylle høyrast på plata Different Class frå 1995. På denne dagen var også The Who i CBS Studios i London og spelte inn Happy Jack, også denne gongen med Kit Lambert som produsent. I 1967 kunne ein treffe The Who i De Lande Lea Studios i London der dei var i ferd med å spele inn sin eigen versjon av Eddie Cochran sin låt May Way. I 1973 kom den kvinnelege vokalisten i The Beautiful Sout, Jacqui Abbot, til verda i nordvest-England. Dama med døypenamnet Jaqueline Abbot forlèt bandet etter at plata Painting It Red kom på marknaden i 2000. I 1975 nytta Neil Young dagen til å gje ut plata Zuma, som han hadde spelt inn saman med dei hardtrockande kompisane sine i Crazy Horse. I 1978 vart Drew McConnell fødd i Dublin. McConnell er bassist i Babyshmables og i mi platehylle kan han høyrast på plata Down In Albion. Same dag fekk BBC One sine entusiastiske sjåarar oppleve AC/DC i eit opptak frå University Of Essex. Musikkelskande fjernsynssjåarar kunne nyte dei framtidige slagarane Problem Child, Sin City og Bad Boy Boogie. For dei som måtte kjenne for å gjennoppleve denne hendinga er det berre å gå til innkjøp av DVD-samlinga Plug Me In. I 1981 inntok Toy Dolls East Stanley Club i Stanley, same dag som den hårfine gjengen i Mötley Crüe platedebuterte med Too Fast For Love. I 1987 bydde dagen på Toy Dolls-konsert på Paradiso i Amsterdam. I 1989 var Toy Dolls på tur til Toulouse der dei spelte på Bikini. I 2008 døyde Miriam Makeba.
09.11.2012
Niande november
Niande november kom 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. I mi platehylle finn du Fogerty sitt gitarspel på samleplata The Complete Hit-Album Vol. 1., som neppe kjem på bandet si offisielle liste over utgjevingar, men likevel inneheld det mest essensielle frå bandet si storheitstid. Fogerty døyde i 1990. I 1941 vart Richard Greene fødd i luksuriøse Beverly Hills like utanfor storbyen Los Angeles i California. Felespelaren Greene vert rekna som ein av dei framste i sin bransje og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1948 vart Joseph Bouchard fødd i Watertown i delstaten New York. Bassisten Joe Bouchard spelte i Blue Öyster Cult, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Spectres frå 1977. I 1954 vart Dennis Stratton fødd i engelske Canning Town. Gitaristen Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si sjølvtittlerte debutplate frå 1980. I 1985 kom W.A.S.P. si andre studioplate, The Last Command. Sidan sist hadde Steve Riley erstatta Tony Richards på stolen bak trommesettet. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 nytta Toy Dolls kvelden til å spele på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde Pancho” Hagood. I 1992 gav Mano Negra ut konsertplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i hamnebyen Portsmouth.
08.11.2012
Åttande november
Åttande november 1949 kom Bonnie Lynn Raitt til verda i Burbank i California. Bonnie Raitt har hjerja countrylistene med eiga karriere, men hjå meg høyrest ho med vokalhjelp på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1954 vart den amerikanske artisten Rickie Lee Jones fødd i Chicago. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waitz enn for eigne prestasjonar, men det er ikkje tvil om at ho står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984. I 1957 kom Paul Stephen Thomson til verda i tennisen sitt hovudkvarter, Wimbledon. Gitaristen Porl Thomson er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure og heime hjå meg høyrer du han på plata Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1968 kom den amerikanske skodespelaren Parker Christian Posey til verda i Baltimore. Parker Posey lærte seg å spele mandolin i samband med ei rolle i filmen A Mighty Wind frå 2003, noko The Dandy Warhols sørgja for å utnytte, Posey spelar mandolin på songen I Am Sound frå plata Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom reggeaartisten Diana King til verda i Spanish Town i øystaten Jamaica. King platedebuterte med Tougher Than Love i 1995, ei plate som også har fått heim hjå meg. I 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Singelen Waiting For The Ghost Train stogga på ein åttandeplass på platelistene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlèt bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.
Abonner på:
Innlegg (Atom)