31.10.2012
Trettifyrste oktober
Trettifyrste oktober 1939 kom John Payne Guerin til verda på Hawaii. Trommeslagaren John Guerin sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på Joni Mitchell si plate Hejiro frå 1976. Guerin døyde i 2004. I 1949 vart Robert Layne Siebenberg fødd i Glendale i California. Trommeslagar Bob Siebenberg var lenge det einaste amerikanske innslaget i britiske Supertramp og kan i mi platehylle høyrast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. Sienberg er også ein av fleire trommeslagarar som held takten for Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn C.T.A., To Mickey’s Memory og Jumpin’ Off A Clef. Alle tre kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1963 er dagen svensk-grekaren Mickale Delaouglou kom til verda i Göteborg. Folk flest kjenner mannen som Mickey Dee, han er kan hende verdas beste nolevande trommis og, etter ei fortid i meritterte hardrockband som King Diamond og Dokken, spelar han for tida trommer i det som utan tvil er verdas beste hardrockband, Motörhead. I mi platesamling kan Dee sitt trommespel høyrast på platene Kiss Of Death (2006), Motorizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010). Same dag vart John Martin Maher fødd i Manchester. Johnny Marr var gitarist i eksentriske The Smiths og mi platehylle byr på gitarspelet hans på platene Meat Is Murder (1985), Strangeways, Here We Come (1987) og samleplata Louder Than Bombs (1987). Også i Alexandria i Virginia vart det fødd eit bidrag til mi platesamling. Skodespelaren Dermot Mulroney spelar cello på songen Place Your Hand frå Melissa Etheride si plate Never Enough frå 1992. I 1966 vart Adam Keefe Horovitz fødd i New Jersey. Ad-Rock er ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys. I 1977 var det klart for fyrste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song, som kom på marknaden året etter. I 1982 opna Witton Club i Durham dørene for eit jubilerande Toy Dolls, dette var bandet sin hundre-og-femtiande konsert. I 1985 var Toy Dolls komen til Bochum for å spele på Zeche for andre gong dette året. I 1987 var Toy Dolls i Wien for å spele på Fritz. I 1989 var Top Act i Zapfendorf åstad for ein konsert der Toy Dolls framførde musikken sin og Billy Joel nytta dagen til å gje ut si ellevte studioplate, Stormfront. I 2000 slepte Cradle Of Filth si fjerde studioplate, Midian.
30.10.2012
Trettiande oktober
Den trettiande oktober 1939 vart Grace Barnett Wing fødd i Evanston i Illinois. Grace Slick er best kjend som den kvinnelege vokalen i Jefferson Airplane og kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love-Live. Grace Slick er også kreditert for vokalbidrag på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1946 kom Christopher Rees til verda i Pontypridd i det kongelause monarkiet Wales. Trommisen Cris Slade var ein av grunnleggjarane av Manfred Mann’s Earth Band og han har ei fortid i rytmeseksjonen hos Bad Company-sjefen Paul Rogers og Uriah Heep. Hjå meg kan Slade høyrast medan han held takten på samleplatat The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999, og for AC/DC på plata The Razors Edge frå 1990. Denne plata er ei av fleire som er så grom at ho står trygt plassert mine platehyller, både som LP og CD. I 1947 vart Timothy Bruce Smith fødd i Oakland i California. Timothy Bruce er best kjend som bassist i Eagles, men hjå meg er det med vokalhjelp på plata Stranger In Town, so Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1980, han kan høyrast. I 1960 kom Jerry De Borg til verda i London. Gitaristen De Borg spelar til dagleg i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. Elvis Presley var i studio og spela inn Surrender saman med bandet The Jordanaires. Dette var også dagen den same Elvis Aron Presley spela inn Crying In The Chappel, sjølv om det i dette tilfellet gjekk fleire år før songen vart tilgjengeleg for platekjøparane. I 1967 slepte Buffalo Springfield si andre studioplate, Buffalo Springfield Again. I 1977 var dette dagen då Ramones spela det som vart den siste konserten deira på den legendariske punk- og rockeklubben CBGB (eigentleg Country, Bluegras, Blues) i New York. I 1983 var turen komen for Toy Dolls å spele på Jilly’s i Manchester. Same dag kunne texanarar, og andre tilreisande, oppleve AC/DC i Houston. Eit opptak av songen Shoot To Thrill kan nytast på DVD-samlinga Plug Me In. I 1986 kunne ein få høyre Toy Dolls spele i levande live, om ein var tilstades på Razzia i bankbyen Zurich. I 1989 spela Toy Dolls på Live Station i Dortmund, same dag som supergitaristen Joe Satriani slepte plata Flying In A Blue Dream. I 1995 fekk nostalgikarane høve til å kjøpe Bryan Ferry og Roxy Music si samleplate More Than This, medan dei med ein meir moderne musikksmak kunne gå til innkjøp av Pulp si plate Different Class, som kunne by på kjempehiten Common People.
29.10.2012
Tjueniande oktober
Tjueniande oktober 1945 kom Michael William Gallagher til verda i Newcastle-upon-Tyne. Mick Gallagher har ei fortid i The Animals og har spela med The Clash, men hjå meg finn du tangentspelet hans på plata Do It Yourself som Ian Dury & The Blockheads slepte i 1979, og som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003. I 1946 vart Peter Allen Greenbaum fødd i London. Gitaristen Peter Green sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fleetwood Mac si samleplate Greatest Hits frå 1971. I Potsdam kom Jörg Knoch til verda. Oliver Bendt skal ha fått idéen til Gombay Dance Band under ei feriereise til St. Lucia på slutten av syttitalet, ei reise der han også trefte kona si. Hjå meg kan Bendt høyrast på Gombay Dance Band si samleplate Carribean Beach Party frå 1995, og den har eg ikkje kjøpt sjølv. I 1949 vart David Paton fødd i den vakre skotske hovudstaden Edinburgh. Paton er kreditert for å ha spela bass for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1955 kom Roger O’Donnel til verda i London. Tangentmannen O’Donnel er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure, eit band han slo seg saman med i 1987. Hjå meg kan O’Donnel høyrast på plata Wild Mood Swings i 1987. I 1961 vart Stephen Randall Jackson fødd i Gary i Indiana. Randy Jackson er yngre bror av meir kjende Michael Jackson og hjå meg kan han høyrast medan han spelar perkusjon for storebror på plata Off The Wall frå 1979. I 1970 kom Toby Grafftey-Smith til verda i London. Tangentmannen Toby Smith har ei fortid i Jamiroquai og hjå meg høyrer du han på bandet si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993. I 1976 spela Elvis Presley inn Way Down heime på Graceland. J.D. Sumner og The Stamps stod for bakgrunnsvokalen. I 1977 fekk dei som hadde klikka seg inn på BBC2 sjå AC/DC opptre på fjernsynsprogrammet Sight & Sound In Concert. Showet var eit opptak frå to dagar tidlegare og kan i dag opplevast på DVD-plata Plug Me In. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Batschkoff i den europeiske finanshovudstaden Frankfurt. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Totentanz i Basel. I 1987 spelte Toy Dolls på Opal i Bregenz. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Schlacthof i Bremen.
28.10.2012
Tjueåttande oktober
Tjueåttande oktober 1934 vart Johnny Western fødd i Two Harbour i Minnesota. Gitaristen Western sitt kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-platene Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960. I 1949 kom Kenny Passarelli til verda i Denver i Colorado. Bassisten Passarelli sitt strålande spel kan hjå meg høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. I 1953 vart John Charles Barret fødd i Gainesville i Florida. Komponisten Desmond Child sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1957 kom Stephen Paul David Morris til verda i engelske Macclesfield. Trommeslagaren Stephen Morris har ei fortid i New Order og Joy Division og kan hjå meg høyrast på dei to solide samleplate Substance 1987 (New Order) og Substance 1988 (Joy Division). I 1958 vart William Reid fødd i skotske storbyen Glasgow. Reid er den eldste av Reid-brørne, som styrar The Jesus And Mary Chain, og er representert med så mykje som tre titlar i mi samling, Psychocandy (1985), Darklands (1987) og Sound Of Speed (1993). I 1966 kom Jacob Binzer til verda på Fredriksberg ikkje langt frå den danske hovudstaden. Gitaristen Binzer spelar til dagleg i D-A-D og kan hjå meg høyrast på plata Soft Dogs frå 2002. I 1978 var AC/DC på University Of Essex i Colchester. Delar av konserten vart vist på programmet Rock Goes To College på BBC One i november same året. I 1985 spela Toy Dolls sin konsert nummer tre hundre. Det jubileet vart markert på Maxim i Stuttgart. I 1987 var Toy Dolls i Genève for å spele på Salle de Faurbourg. I 1989 spela Toy Dolls i Markthalle i Hamburg. I 1991 gav Mano Negra ut samleplata America Perdida. I 1991 gav Genesis ut si fjortande studioplate, We Can’t Dance, som var bandet si siste plate med trommeslagar/vokalist Phil Collins. I 1999 slepte rockebestemora Tina Turner plata Twenty Four Seven, som var hennar tiande soloplate. I 2003 fekk verda høve til å kjøpe The Strokes si plate Room On Fire.
27.10.2012
Tjuesjuande oktober
Tjuesjuande oktober 1933 vart den amerikanske pianisten Floyd Cramer fødd i Shreveport i Louisiana. Cramer sin CV inneheld pianospel for storleikar som Elvis Presley, Patsy Cline og Chet Atkins, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960, tangentleiken hans kan høyrast. Cramer døyde i 1997. I 1948 kom Sherman Robertson til verda i Breaux Bridge i Louisiana. Gitaristen Robertson kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1958 vart Simon John Charles Le Bon fødd. Simon Le Bon er best kjend for jobben som vokalist i Duran Duran, men hjå meg høyrer du han på The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom Adrian Erlandsson til verda i Malmö. Erlandsson sitt trommespel kan hjå meg høyrast på Cradle Of Filth si fjerde studioplate Median frå 2000. I 1977 fullførde The Who innspelinga av ein ny song, tittelen var New Song. I Golder’s Green Hippodrome i London var AC/DC på scenen. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Hell Ain’t A Bad Place To Be og Rocker, som begge også kan sjåast på DVD’en Plug Me In. I 1978 vart Vanessa-Mae Vanakorn fødd i Singapore. Fiolinisten Vanessa-Mae er i mi platehylle kreditert for å spele på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1979 var dette dagen Motörhead si plate, Bomber, kom på marknaden. Eg har også ei kjelde, CD-boksen Protect The Innocent, som hevdar dette også var dagen dei same karane slepte den etter kvart legendariske liveplata No Sleep ’Till Hammersmith laus på folk. Diskografien på Motörhead sin eigen nettstad påstår at plata ikkje kom før tjuesjuande juni 1981. I 1979 var også Toy Dolls på scenen i Ryhope Popular Club i Sunderland. I 1986 var Toy Dolls attende og spelte for dei frammøtte i Alabamhalle i München. I 1989 var Toy Dolls innom Kiel og spelte på Max Music Hall. I 1992 slepte George Jones plata Walls Can Fall. I 1998 slepte R.E.M. plata Up. I 2008 slepte Klaus Sonstad plata Indianer Cowboy.
26.10.2012
Tjuesjette oktober
Tjuesjette oktober 1936 vart gitaristen Alvin W. Casey fødd i Long Beach i California. Al Casey gjorde frå ung alder karriere som studiomusikar og opp gjennom åra spelte han for, mellom anna, Beach Boys, Elvis Presley og Nancy Sinatra. I mi platesamling kan Casey høyrast medan han trakterar gitaren på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash frå 1958, Songs Of Our Soil og Hymns By Johnny Cash frå 1959, Ride This Train frå 1960 og Ragged Old Flag frå 1974. Casey døyde i 2006. I 1946 kom Keith Hopwood til verda i nærleiken av engelske Manchester. Hopwood gjorde seg merkt som gitarist i Herman’s Hermits på sekstitalet, men har sidan hatt ei meir tilbaketrekt rolle i musikkindustrien. Hjå meg kan Hopwood høyrast på ei samleplate med same tittel som bandet sin største slagar, No Milk Today. I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda i universitetsbyen Athens i Georgia. Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. Hjå meg kan Strikland høyrast både med perkusjon og gitarspel på platene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992). I 1956 spela Chet Baker inn Darn That Dream. Bandet som støtta trompetisten i dette tilfellet var Conte Candoli og Norman Faye på trompet, Frank Rosolino på trombone og saksofonistane Art Pepper, Bud Shank, Phil Urso og Bill Perkins. I tillegg kunne ein høyre Bobby Timmons på piano, bassisten Jimmy Bond og Lawrence Marable på trommer. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er ein fin stad å leite om ein vil høyre denne jazzperla. I 1963 kom Natalie Anne Merchant til verda i Jamestown i staten New York. Natalie Merchant bidrog med diverse vokalbruk i 10 000 Maniacs frå 1981 til 1993, men har i dag forlete bandet til fordel for eiga karriere. I 1968 var det fyrste gong dei unge herrene Page, Plant, Jones og Bonham spelte saman under namnet Led Zeppelin. Det hendte i Boxing Club i Bristol. I 1980 var Toy Dolls attende i Shildon og Old Club var vertskap. Dette er også datoen då, i 1981, Iron Maiden la ut på fem dagar turné i Italia for å få den nye vokalisten, Bruce Dickinson, varm i trøya. I 1982 hadde Toy Dolls tatt turen sør til London og spela på Rock Garden. I 1983 kom Mötley Crue si vanskelege andreplate, Shout At The Devil, som tok dei frå å vere eit undergrunnsband til å vere verdsstjerner. I 1985 fekk alpelandet Sveits høve til å høyre Toy Dolls, det kunne dei gjere i Dolce Vita i Lausanne. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Szenvien i Vien. I 1989 var Toy Dolls komen seg til Braunschweig, der dei stod på scenen i Burgerpark, og Hooters slepte si fjerde studioplate, den fekk namnet Zig Zag og hadde med sekstitalstrioen Peter Paul And Mary som gjestevokalistar på den storselgjande singelen 500 Miles. I 1993 gav canadiske Crash Test Dummies ut plata God Shuffled His Feet, som var bandet si andre plate. 10 000 Maniacs slepte si konsertplate MTV Unplugged. I 1998 kom Robbie Williams si andre studioplate, I’ve Been Expecting You. I 2010 døyde John King.
25.10.2012
Tjuefemte oktober
Tjuefemte oktober 1936 kom den norske trubaduren Alf Cranner til verda i den norske hovudstaden. Cranner er mannen som har fått æra for å ha starta den norske visebølgja og står bak den ganske så geniale slagaren Den Som Var En Løvetann. Cranner sitt bidrag til mi platehylle er eit konsertsamarbeid med kompisen Odd Børretzen frå Sandvika Kino ein desemberkveld i 1974. I 1941 vart Helen Reddy fødd i Melbourne. Den australske feministen, ofte kjend som Queen Of 70s Pop, song bakgrunnsvokal for Gene Simmons på hans soloplate frå 1978. I 1944 vart John Roy Anderson fødd i engelske Accrington. Jon Anderson var den småvokste vokalisten i det engelske progbandet Yes, som herja både lister og konsertsalar på syttitalet. Anderson sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Yes si plate Going For The One som kom på marknaden i 1977. I 1947 kom Judas Priest-gitaristen Glenn Raymond Tipton til verda i Blackheat i Midt-England. Tipton treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, han er ganske enkelt ein av verdas framste hardrockgitaristar og mannen bak fleire av dei beste Priest-låtane og dei feitaste riffa. I Liverpool vart Frank Collins fødd på denne dagen. Collins er kreditert for å synge hjelpevokal for Marianne Faithfull på plata Broken English frå 1979. I 1951 fekk Tipton selskap av gitarkamerat Kenneth ”K.K” Downing Jr. Downing har utfordra Tipton til utallege gitarduellar og er med det ein minst like viktig del av det mektige lydbiletet til metallegendene i Judas Priest. Downing hoppa diverre av Priest-skuta før årets Farewel Tour og kunne ikkje høyrast eller sjåast på årets konsert i Bergen. I 1954 kom skodespelar og trommeslagar Victor DeLorenzo til verda. DeLorenzo kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for det legendariske traktorpunkbandet Violent Femmes og er representert på platene 3 (1989), Add It Up, New Times (1994) og Freak Magnet (2000). I 1955 vart Matthias Jabs fødd i Hannover. Jabs slo seg saman med Scorpions i 1979 og kan hjå meg høyrast på bandet si ellevte studioplate Crazy World frå 1990. I 1961 fekk verda nok ein trommeslagar, for då vart Chad Smith fødd. Smith kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Red Hot Chili Peppers og på Johnny Cash i plate Unearthed frå 2003. I 1963 vart John Gunnar Levén fødd i Stockholm. Bassisten John Levén er, saman med vokalist Joey Tempest, dei einaste som har spelt på alle Europe sine studioplater. Hjå meg kan Levén høyrast på The Final Countdown, bandet si tredje studioplate, frå 1986. I 1968 kom Todd Thomas til verda i Millvaukee. Rapparen Speech kan hjå meg høyrast som ein del av hip hop bandet Arrested Development. Same dag var det plateslepp for Jethro Tull. Plata This Was var i fyrste omgang berre tilgjengeleg på den engelske marknaden. I 1969 vart Nika Futterman fødd i New York City. Hjå meg kan Nika Frost høyrast som den kvinnelege røysta som seier Give It To Me, Baby på songen Pretty Fly (For A White Guy) på plata Americana som The Offspring gav ut i 1998. I 1975 vart Erik Glambek Bøe fødd. Bøe er kjend som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. I 1980 var Ebba Grön og spelte i Bellevueparken i Karlshamn. Opptak av We’re Only In It og Schweden, Schweden kan høyrast på konsertplata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på La Salle De Faubourg i finansbyen Genève. Og The Cars slepte si fyrste samleplate. Plata fekk det naturlege namnet Greatest Hits og konsentrerte seg om bandet si karriere frå 1977 og fram til 1985, og selde til seks gongar platina i heimlandet USA. Dette var også dagen Gary Holton døyde. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Posthof i Linz. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls frå scenen på Dolce Vita i Lausanne og Melissa Etheridge avslutta innspelinga av den sjølvtittelerte debutplata si, som kom på marknaden og inn i platehylla mi året etter. I 1989 stod Loft i Berlin på Toy Dolls sitt verdsturneprogram.
24.10.2012
Tjuefjerde oktober
Tjuefjerde oktober 1946 kom Gerald McCrohan til verda som i Oshawa i Canada. Trommeslagaren Jerry Edmonton heldt takten for verdas fyrste hardrockband, Steppenwolf, fram til 1976 og er mannen som held takten på Born To Be Wild. Hjå meg kan Edmonton høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate. Edmonton døyde i ei bilulukke i California i 1993. I 1948 vart Terrence Dale Griffin fødd i engelske Herefordshire. Trommeslagaren Dale Griffin var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og spelte på alle platene glamlegendene slepte i si karriere. Hjå meg kan Griffin høyrast på platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tilleg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990). Griffin er diverre diagnostisert med Alsheimer og har lagt trommestikkene på hylla. I 1959 vart Rowland Stuart Howard fødd i australske Melbourne. Gitaristen Rowland S. Howard er best kjend for å spele med det australske bandet The Birthday Party og hjå meg kan han høyrast på plata Junkjard frå 1982. Howard døyde av leverkreft i 2009. I 1961 vart Rick Margitza fødd i bilbyen Detroit. Margitza er ein djevel på saksofonen og kan hjå meg høyrast når han spelar saman med jazzlegenda Miles Davis på plata Amandla frå 1989. I 1970 kom Alonza George Bevan til verda i engelske Hounslow. Bassiten Alonza Bevan spelar til dageleg i Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 gav den irske gitarguden Rory Gallagher ut plata Calling Card. På denne plata var det Rod de’Ath som hadde teke plass bak trommesettet og heldt takten. I 1977 var The Who i Ramport Studios i Battersea for å spele inn New Song. Innspelinga vart fullførd eit par dagar seinare. I 1980 kunne dei frammøtte på W.M.C i Easington oppleve Toy Dolls frå scenen. Samstundes spelte Joachim Tåström og resten av Ebba Grön i Folkets Park i Huskvarna. Songane Pervers Politiker, Totalvägra, Det Måsta Vara Radion, Vad Skal Du Bli?, Tyst För Faen og Rock And Roll Music frå denne konserten kan alle høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 var det Rotefabrik i Zurich som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1986 slepte dei kristne glamrockarane i Stryper plata To Hell With The Devil, og dei frammøtte på Hofstegrasse i Lustenac fekk høve til å nyte Toy Dolls sine glade tonar. I 1987 var Toy Dolls i Stuttgart for å spele på Rohde. I 1988 platedebuterte det franske alternativbandet Mano Negra med Patchanka. I 1995 gav The Smashing Pumpkins ut si tredje studioplate, Mellon Collie And The Infinite Sadness, som var ein dobbel CD. Ein ganske så kraftig dose Billy Corgan, med andre ord. Same dag slepte Ozzy Osbourne plata Ozzmosis og Pretenders ytte sitt bidrag til platemarknaden med konsertplata The Isle Of View. I 2000 slepte Moby samleplata Play: The B Sides.
23.10.2012
Tjuetrede oktober
Tjuetredje oktober 1943 kom William Hammond Talbot til verda i New York City. Bassisten Billy Talbot har livnært seg ved å spele i bandet Crazy Horse, som heile tida har hatt eit nært samarbeid med Neil Young. I mi platehylle kan Talbot høyrast på Neil Young sine studioplater Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time(1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1945 vart Kim Melius Flyholm Larsen fødd i København. Kim Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin som prydar mi platehylle med sine fire fyrste studioplater Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), Gasolin 3 (1973) og Stakkels Jim (1974), fordelt på to CD-plater, studioplatene Efter Ennu En Dag (1976) og Gør Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), og samleplatene Rabalderstædet Forever (1990) og Live Derudaf Forever (1993). I 1949 kom Michael Burston til verda i engelske Cheltenham. Burston fekk tilnamnet Würzel då han tenestegjorde for den engelske hæren i Tyskland. Seinare var han innom band som Bastards og Warefare før han ordna seg eit namn blant dei store då han spelte gitar på fem Motörhead-plater i perioden frå 1984 og fram til han fekk sparken i 1995. Hjå meg kan Würzel sitt gitarspel nytast på Orgasmaton frå 1986, i tillegg til ei rekkje samleplater. Würzel døyde i 2011. I 1952 vart Pierre Moerlen fødd i Colmar i franske Haut-Rhin. Trommeslagaren Moerlen er best kjend for arbeidet han gjorde for kultbandet Gong. Hjå meg kan Moerlen høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. Moerlen døyde i 2005. I 1956 vart Dwight David Yoakam fødd i Pikeville i Kentucky. Mannen som var for country for Nashville har jobba ut frå den utradisjonelle countrybyen Los Angeles meir eller mindre heile karriera si, utan at det har lagt dempar på suksessen. Hjå meg finn du plata In Other’s Words frå 2003. I 1960 kom Mirwais Ahmadzaï til verda i sveitsiske Lausanne. Hjå meg kan Ahmadzaï høyrast på Madonna si plate Music frå 2000. I 1964 heldt Grateful Dead hus på Fillmore West Palladium i San Francisco i California. Konserten er utgjeve på plate og dei som vil kan høyre udødelege låtar som Uncle Joe’s Band, Early Morning Dew og Kris Kristofersen sin bestseljar Me & Bobby McGee. I 1966 var datoen via Jimi Hendrix si innspeling av Hey Joe. Seansen gjekk føre seg i Kingsway Studios som ligg i London. I 1969 vart det høve til å kjøpe Aretha Franklin sin versjon av Beatles-songen Eleanor Rigby. I 1987 var Toy Dolls på Hardrock Club i Mannheim. I 1989 kunne Toy Dolls opplevast på scena i Longhorn i Stuttgart.
22.10.2012
Tjueandre oktober
Tjueandre oktober 1952 kom Gregory A. Hawkes til verda i Fulton i Maryland. Tangentmannen Greg Hawkes har tent til livets opphald i new wave-bandet The Cars, som leverte raffinerte hitlåtar som perler på ei snor på overgangen mellom sytti- og åttitalet. I mi platehylle kan du høyre arbeidet hans på studioplatene The Cars (1978) og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greates Hits (1985). I 1957 var Count Basie og band i studio og spela inn The Late, Late Show. Sjefen sjølv var solist på piano, Eddie ”Lockjaw” Davis tok rolla som saksofonsolist, og resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing. I 1959 vart Marc Shaiman fødd i Newark i New Jersey. Komponisten Shaiman kan i mi platehylle høyrast medan han spelar piano for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. I 1969 gav Led Zeppelin ut plata Led Zeppelin II. Som tittelen indikerer, var dette rockedinosaurane si andre studioplate. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band plata Night Moves. I 1978 var The Cow Palace i San Francisco åstad for foreviginga av Neil Young sin Hey, Hey, My, My (Into The Black). I tillegg til samleplata Greatest Hits kan ein høyre denne perla på plata Rust Never Sleeps frå 1979. I 1983 var Toy Dolls heime i Nordaust-England og kunne opplevast på Newcastle Polytechnic. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Rohre i Stuttgart. I 1987 kunne ein atter ein gong oppleve Toy Dolls på Zeche i tyske Bochum. I 1988 slepte Ozzy Osbourne plata No Rest For The Wicked. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne nådd fram til Heidenheim Konserthaus. I 1990 kom Jimi Hendrix sitt dødsbu med nok ei samleplate. Cornerstones var namnet på denne gåvepakka og produktet tok for seg innspelingar gjort i den mest kreative perioden gitargeniet opplevde 1967-1970. I 1991 var det tid for plateslepp frå eit av verdas tøffaste band, Slayer, deira produkt hadde tittelen Decade Of Aggression og var ei konsertplate spela inn i solrike Florida, og London.
21.10.2012
Tjuefyrste oktober
Tjuefyrste oktober 1940 kom Manfred Sepse Lubowitz til verda i storbyen Johannesburg i Sør-Afrika. Manfred Mann er best kjend som grunnleggjaren av Manfred Mann’s Earth Band og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. Manfred Mann kan også høyrast medan han spelar keyboard på utvalde spor på Uriah Heep si plate Look At Yourself frå 1971. I 1941 vart verda løna med eit gitargeni, for då vart Steven Lee Cropper fødd i Dora i Missouri. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantastiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps, der han hadde hand om vokalistrolla frå starten i 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983, er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, ølbyen München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keyboardspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1953 kom gitaristen Eric Faulkner til verda. Faulkner spelte i det skotske tyggegummibandet Bay City Rollers. I 1957 var Count Basie med storband i studio og spela inn Teddy The Toad og Li’l Darlin’, solist for sistnemnde var Wendell Culley på trompet. Same dag vart Steve Lukather fødd i San Fernando Valley. Lukather er best kjend for å traktere gitaren i Toto, men kan hjå meg høyarst på Alice Cooper-plata From The Inside frå 1978, Aretha Franklin-plata Aretha frå 1980, The Magazine, som Rickie Lee Jones slepte i 1984, Bob Seger-plata The Fire Inside (1991), Roger Waters Amused To Death (1992), og Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1969 var Grand Funk Railroad i Cleavland Recording Company Studios og festa Please Don’t Worry, Winter And My Soul, Paranoid og Inside Looking Out til platerillene. Alle songane kan ein høyre på plata Grand Funk, som kom på markanden seinare på året. I 1971 kom Nick Steven Oliveri til verda i Los Angeles i California. Bassisten Nick Oliveri sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. I 1977 slepte Meat Loaf megasuksessen Bat Of Hell, som har seld i meir enn førti millionar eksemplar. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabrück. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turnéen No Prayer On The Road. Turnéstart denne gongen var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona. I 1995 døyde Shannon Hoon. I 2003 slepte The Shins plata Chutes Too Narrow.
20.10.2012
Tjuande oktober
Tjuande oktober 1927 vart Ronald Patrick Ross MacManus fødd i engelske Birkenhead. Trompetisten Ross MacManus var aktiv som musikar frå midten av femtitalet og hjå meg kan han høyrast på sonen Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. MacManus døyde i 2011. I 1950 kom den amerikanske artisten Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Petty herja listene på åttitalet saman med bandet The Heartbreakers, men i mi platesamling er det saman med Johnny Cash han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000. I 1955 vart Mark Feltham fødd i England sitt folkerike London-område. Munnspelspelande Feltham er, i tillegg til si eiga karriere, ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Got This Thing On The Move, High Falootin’ Woman, In Need og ein demoversjon av Nothing Is The Same. Alle songane finn ein på plata Grand Funk som kom på marknaden i romjula 1969. I 1971 kom Calvin Cordozar Broadus d.y. til verda i Long Beach i California. Snoop Dogg er ein av verdas mest suksessfulle raparar og har samarbeida med dei fleste store namna i bransjen. Hjå meg kan han høyrast på plata Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002, og med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I 1973 vart Gianpiero Piras fødd i London. Gian Pyres har ei fortid som gitarist i bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1977 styrta flyet som skulle frakte Lynyrd Skynyrd frå Greenville i North Carolina til Baton Rough i Louisianna i Gillsburg i Mississippi. Ronnie Van Zant, Steve Gains og Cassie Ganis omkom. I 1979 spelte eit ungt Toy Dolls, beståande av Olga, Flip, Mr. Scott og Pete Zulu, sin fyrste konsert i Millview Social Club i Sunderland og ei lang teneste i punken si teneste var byrja. I 1985 var Toy Dolls komen til Graz for å spele i Club Ska. Året etter, i 1986, kunne Toy Dolls opplevast på Music Hall i Detmold. I 1987 var Toy Dolls i Paris for å spele på Elyesse Motmare. I 1989 var det publikum i ISC i Bern som kunne høyre og sjå Toy Dolls frå scenen. I 2002 dukka Madrugada si tredje studioplate, Grit, opp i platehyllene. I 2006 kunne ein kjøpe Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose i Irland. Platekjøparar i resten av verda måtte vente eit par dagar før meisterverket var tilgjengeleg. I 2008 gav Imelda May ut si ander studioplate, Love Tattoo. Dagen bydde også på plateslepp for veteranane i AC/DC, deira produkt fekk tittelen Black Ice, og for ein gong skuld var eg tidleg ute og kjøpte ei plate, det har eg ikkje angra på.
Abonner på:
Innlegg (Atom)