31.08.2012

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1940 kom Wilton Lewis Felder til verda i Houston i Texas. Bassisten Wilton Felder er ein av fleire bassistar som er kreditert for å spele på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. I 1942 vart den svenske jazztrommisen Bengt Berger fødd i Stockholm. Hjå meg kan Berger høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1997. I 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein grinebitter som det er tilnærma umogleg å samarbeide med, og som ei notorisk fyllebøtte, men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg prydar samleplata Bang Masters frå 1991 hylla, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl. I 1948 vart Rudolf Schenker fødd i Hildesheim i den tyske delstaten Niedersachsen. Gitaristen Schenker starta Scorpions som syttanåring i 1965 og har, som einaste originalmedlem, vore med på alle opp og nedturar sidan. I 1957 kom Glenn Martin Tilbrook til verda i London. Glenn Tilbrook er best kjend som songar i Squeeze, men hjå meg kan han høyrast medan han syng og spelar gitar på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. Same dag vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. Plata Kinda Soul frå 1992 prydar mi platehylle. I 1980 spela Toy Dolls i Witt On Gilbert Club i Durham. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men.

30.08.2012

Trettiande august

Trettiande august 1935 kom John Edmund Andrew Phillips til verda i Parris Island i South Carolina. Gitaristen John Phillips er best kjend for å vere med å grunnleggje The Mamas & The Papas og hjå meg kan han høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Phillips døyde i 2001. I 1945 vart Fred Tackett fødd i Arkansas. Fred Tackett er best kjend for å spele i Little Feat, men kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i Middlesbrough. Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne Hell i Trøndelag i 1993. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1985 døyde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for eit par Manchester City supportarar. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

29.08.2012

Tjueniande august

Tjueniande august 1948 vart Annisette Hansen fødd. Annisette var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose. Ho gifta seg seinare med ein av dei andre bandmedlemmane, Thomas Koppel, og tok hans etternamn. Hjå meg kan Annisette høyrast på platene Black Angel (1995) og Tameless (1998). I 1958 kom Michael John Harvey til verda i Rochester i den australske delstaten Victoria. Den australske musikaren Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997, i tillegg til Nocturama frå 2003. Harvey er også kreditert for å spele på PJ Harvey si plate Is This Desire frå 1998. I Gary i Indiana kom Michael Joseph Jackson til verda. Michael Jackson starta karrieren sin i 1964, saman med storebrørne Tito, Jermaine og Marlon i The Jackson Family, som etter kvart vart til Jackson 5. Jackson kombinerte eit fenomenalt musikalsk talent, med storselgjande plater og verdsturnéar, med eit særs kaotisk privatliv, som kulminerte i skuldingar om overgrep mot barn. Hjå meg kan Jackson høyrast på platene The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995, og på soloplata Off The Wall frå 1979. Jackson døyde av ein overdose smertestillande i 2009. I 1967 vart Anton Alfred Newcombe fødd i Newport Beach i California. Anton Newcombe hjelp til med gitarspel på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1968 kom Michelle Lynn Johnson til verda i Berlin. Bassisten Meshell Ndegeocello sitt bidrag til mi platehylle finn du på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1987 gav musikkarfavoritten Warren Zevon ut plata Sentimental Hygiene. Stjernelaget av musikarane som gjev sitt bidrag på denne plata inkluderar Neil Young, Flea frå Red Hot Chilli Peppers, R.E.M., Bob Dylan, Stray Cats-gitaristen Brian Setzer og Eagles-sjefen Don Henly. I 2006 gav Motörhead ut plata Kiss Of Death.

28.08.2012

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1937 kom Joe Osborn til verda i Mound i Louisiana. Bassisten Osborn sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i deira mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1955 døyde Bob Gordon. I 1967 kom trommeslagaren Paul Buchignani til verda. Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda, som Audrey Horne slepte i 2005, og på platene Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ehtica Odini (2010) med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 kom Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible.

27.08.2012

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. Évora døyde i 2011. I 1950 kom John George Turnbull til verda i Newcastle-upon-Tyne. Gitaristen George Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads frå 1979. I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken som bassist i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. Hjå meg kan Matlock sitt arbeid høyrast på titlar frå begge ovanfornemnde gruppene. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. Tony Kanal kom til verda i 1970, han er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var eit lovande fotballtalent på Jæren før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I tillegg til arbeidet kreditert Kaizers Orchestra kan Ottesen også høyrast som hjelpevokalist på plata Songs From Östra Knoll 1:22, som er The Grand Island si tredje studioplate og kom på marknaden i 2010. I 1977 kom Franz Nicolay til verda i Centre Sandwich i New Hamshire. Multiinstrumentalisten Nicolay sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på The Hold Steady si plate Stay Positive frå 2008. Same dag vart ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets gjort tilgjengeleg som ein promosingel som var henta frå ein konsert i Anaheim sør for Los Angeles. I 1980 slepte B52’s si andre studioplate, Wild Planet. I 1990 slepte Gianna Nannini plata Scandalo og Stevie Ray Vaughan døyde. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet.

26.08.2012

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1944 vart Alan Frederick Parker fødd i engelske Derbyshire. Gitaristen Alan Parker brukte mesteparten av tida si som studiomusikar, men har også spelar i band som Blue Mink. Hjå meg kan Parker sitt gitarspel nytast på plata Historie De Melody Nelson, som Serge Gainsbourg slepte i 1971. I 1960 kom den amerikanske jazzsaksofonisten Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisianna. Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinbourg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage. Same dag kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda og ei hardtslåande karriere var byrja. I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 1993 døyde Alton Rubin. I 2000 døyde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden, New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer.

25.08.2012

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 kom Leonard Gaskin til verda i New York City. Bassisten Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døyde i 2009. I 1933 vart saksofonisten Wayne Shorter fødd i Newark i New Jersey. Shorter, som har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar i bandet Weather Report og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Weitz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Wietz er eit namn det er lov å tru ikkje vil selgje så godt i den ubamhjertige rockeindustrien har han teke kunstnarnamnet Gene Simmons. Simmons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simmons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Hjå meg kan Simmons høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987), i tillegg til samleplata Double Platinum (1978), konsertplata Alive III (1993) og soloalbumet Gene Simmons frå 1978. I Djoliba i Mali vart Salif Keita fødd. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere med millionar av selde plater. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willy DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på legendariske CBGB’s i New York City, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willy DeVille. I mi platehylle står Backstreets Of Desire frå 1992. Willy DeVille døyde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart Robert John Arthur Halford fødd i engelske Sutton Coldfield. Metallikonet Rob Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. Hjå meg står sju ulike titlar, studio-, konsert- og samleplater, i hylla. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda. MacManus er betre kjend som Elvis Costello og har i tillegg til plater under eige namn gjeve ut plater saman med bandet The Attractions. Han har også samarbeida med verdskjende artistar som Burt Bacharack og kona Diana Kral. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I 1961 kom Jan Ingemar Kyhle til verda i Stockholm. Operasongaren Jan Kyhle sitt bidrag til mi platesamling finn du på plata Synd, som Imperiet slepte i 1986. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd i Belfast. Vivian Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1966 vart Derek Sherinian fødd i Laguna Beach i California. Tangentmannen Sherinian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Kiss si konsertplate Alive III frå 1993. I 1967 vart Jeffery Scot Twedy fødd i Belleville i Illinoise. Jeff Twedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco og er hjå meg representert med platene Summerteeth frå 1999 og A Ghost Is Born frå 2004. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1972 kom Arne Hovda til verda i Stavanger. Tangentmannen Hovda har ei fortid i The Getaway People og hjå meg høyrer du han på plata Turnpike Diaries frå 2000. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane brått superstjerner. I 1992 slepte Eric Clapton konsertplata Unplugged, som var eit samarbeidsprosjekt med fjernsynskanalen MTV. I 1995 døyde Doug Stegmeyer. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. I 2000 døyde Jack Nitzsche.

24.08.2012

Tjuefjerde august

Tjuefjerde august 1938 vart David Freiberg fødd i Cincinnati i Ohio. Jefferson Airplane-vokalisten Freiberg kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love-Live, og på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1945 kom Kenneth William David Hensley til verda i nærleiken av storbyen London. Multiinstrumentalisten Ken Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med det hektiske tiåret frå 1970 til 1980. I skotske Montrose vart Malcolm Duncan fødd. Duncan spelte tenorsaksofon i Average White Band som hjå meg kan høyrast på samleplata The Very Best Of Average White Band. I 1951 kom Danny Joe Brown til verda i Jacksonville i Florida. Songaren Brown hadde til tider sitt eige Danny Joe Brown Band, men er best kjend for å syngje i Molly Hatchet i to periodar. Hjå meg kan Danny Joe Brown høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Brown døyde av komplikasjonar i samband med diabetes i 2005. I 1956 var det Love Me Tender som stod på programmet for Elvis Presley sin innspelingssesjon. I 1961 vart Mark William Bedford fødd i London. Bassisten Mark Bedford har ei fortid i Madness og hjå meg høyrer du han på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 kom John Bush til verda i Los Angeles. Songaren Bush var innom Anthrax ei stund, spelte inn tre plater, og kan hjå meg høyrast på enkelte spor på samleplata Return Of The Killer A’s. I 1968 vart Andreas Rudolf Kisser fødd i São Bernardo do Campo i sambalandet Brazil. Andreas Kisser erstatta Jairo Guedes som gitarist i Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1981 kunne denne datoen by på konsert med Toy Dolls i Bentley Park i Doncaster. I 1984 stod Dovercot Arts Centre på Toy Dolls sin turnéplan. I 1992 gav Thunder ut plata Laughing On Judgement Day. Same dag døyde Larrie Londin, utan at det var noko å le av. I 1999 slepte Jimmy’s Chicken Shack plata Bring Your Own Stereo.

23.08.2012

Tjuetredje august

Tjuetredje august 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon vart fødd i London og tente til livets opphald som trommeslagar i The Who. Mange hevdar han var ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Hjå meg kan Moon høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971) og Who Are You (1978), samleplatene Odds & Sods (1974) og My Generation: The Very Best Of The Who (1996), og lydsporet til filmen The Kids Are Alright (1979). Moon døyde i 1978. I 1957 var det siste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sitt samarbeidsprosjekt Ella And Louis Again. I 1961 vart Dean DeLeo fødd i Newark i New Jersey. Gitaristen DeLeo er best kjend for å spele i Stone Temple Pilots, hjå meg kan han høyrast på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1962 kom Shaun Ryder til verda i engelske Salford. Shaun Ryder er best kjend som medlem av bandet Happy Mondays, men i mi platehylle kan han høyrast saman med eit heilt anna band, nemleg på Black Grape si debutplate It’s Great When You’re Strait, Yeah frå 1995. Ryder er også kreditert for vokalbidrag på eit spor på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1967 kom Cedella Marley til verda i Kingston i øystaten Jamaica. Cedella er dotter av artistane Bob og Rita Marley og kan høyrast medan ho spelar saman med tre sysken i Ziggy Marley And The Melody Makers på plata One Bright Day frå 1989. I 1968, det var ein fredag, avslutta Jethro Tull innspelinga av det som skulle verte langspelplata This Was. I tillegg til sjefen sjølv, Ian Anderson, deltok Mick Abrahams på gitar, Clive Bunker på trommer og Glenn Cornick på bass. I 1970 spelte Lou Reed og Velvet Underground sin siste konsert. Hendinga var lagt til den smått legendariske klubben Max’s Kansas City i New York City. I 1972 kom Stephen Bradley til verda i California. Bradley kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard og trompet for No Doubt på plata Tragic Kingdom frå 1995, og som ein del av blåserekkja på Green Day si plate Nimrod, som vart slept i 1997. I 1978 vart Julian Fernando Casablancas til verda i New York City. Julian Casablancas er leiar av bandet The Strokes, men har også levert gitarbidrag til Queens Of The Stone Age. I 1980 varma Iron Maiden opp for UFO på Reading Festival og spelte for fleire enn tretti tusen, største publikum til då. Like mange var nok ikkje til stades når Toy Dolls spela i Huntington Club i Stanley same dag. I 1988 platedebuterte Jane’s Addiction med plata Nothing’s Shocking. I 1994 slepte Jeff Buckley si debutplate, Grace, den einaste plata han rakk å fullføre før han døyde i 1997.

22.08.2012

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og insatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døyde i 2001. I 1958 kom Vernon Reid til verda i London. Gitaristen Reid spelar til dagleg i Living Colour og kan hjå meg høyrast på plata Stain frå 1993. I 1961 kom Roland Jaime Orzabal de la Quintana til verda i hamnebyen Portsmouth. Roland Orzabal var den eine halvleiken av den britiske duoen Tears For Fears. Hjå meg høyre du Orzabal på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down (Greatest Hits 82-92), som kom på marknaden i 1992. I Los Angeles vart Deborah Mary Peterson fødd. Saman med systera Vicki Peterson starta trommeslagar Debbi Peterson jentebandet The Bangles som i mi platehylle er representer med samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1963 kom Myra Ellen Amos til verda i Newton i North Carolina. Tori Amos er ei dame som, sidan ho platedebuterte i 1992, har laga musikk som kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte, og etter kvart har ho fått så mange titlar inn i platehylla mi at ho er med å farge totalinntrykket. Lista viser, så langt, Little Earthquakes (1992), Under The Pink (1994), From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse (2007). I 1964 vart William Calhoun fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren Will Calhoun spelar til dagleg i Living Colour og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Stain frå 1993. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift og Dirt. Stanley døyde i 2002. I 1971 kom Craig Finn til verda i Boston i Massachutes. Finn er vokalist i The Hold Steady og kan hjå meg høyrast på plata Stay Positive frå 2008. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P. I 2005 slepte Super Furry Animals plata Love Kraft, dette var walisarane si sjuande studioplate.

21.08.2012

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart storbande leiaren William James Basie fødd i Red Bank, New Jersey. Med kallenamnet Count Basie leia han sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Plata Atomic Swing er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døyde i 1984. I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i Detroit. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på platene Greetings from L.A. frå Tim Buckley (1972), Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, og på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater. I 1952 vart John Mellor fødd i Ankara i Tyrkia. Multitalentet Joe Strummer var gitarist, vokalist og låtskrivar for The Clash, han gjorde også stor suksess som produsent. Strummer kan hjå meg høyrst på Clash-plata Combat Rock frå 1982, og på samleplata The Singles, som kom på marknaden i 2007. Strummer er også kreditert som produsent på Pogues-plata Hells Ditch frå 1990, og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song, som du finn i boxen Unearthed frå 2003. I 1954 kom Steve Elliot Smith til verda i Whitman i den amerikanske delstaten Massachusetts. Trommeslagaren Steve Smith vert rekna som ein av verdas framste innan sitt fag, og bidraget hans til mi platehylle finn du på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Peter Edward Clarke til verda i nordvest England. Trommeslagaren Budgie sitt bidrag til mi platehylle finn du på Siouxie & The Banshees si plate Tinderbox frå 1986. Same dag vart Mark Pender fødd i Kansas City. Trompetisten kalla The Loveman har fått plass i mi platehylle på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, og Turnpike Diaries, som The Getaway People slepte i 2000. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døyde Thad Jones. I 1990 gav Alice In Chains ut debutplata si, Facelift og Anthrax gav ut si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo.

20.08.2012

Tjuande august

Tjuande august 1926 vart Frank Rosolino fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Hjå meg kan Rosolino sitt trombonespel høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays 1992. Rosolino døyde i 1978. I 1934 kom Peter E. Kleinow til verda i South Bend i Indiana. Musikaren Sneaky Pete Kleinow har fått legendestatus som medlem av countryrock-legendene Flying Burrito Brothers, hjå meg kan han høyrast medan han spelar flatfele på songen Something To Believe In på Steve Miller Band si plate The Joker frå 1973. I 1941 kom David Anthony Brock til verda i engelske Isleworth. Hawkwindsjefen Dave Brock er den einaste av medlemmene av kultlegendene i Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan Brock høyrast på samleplata Sonic Boom Killers frå 1998. I 1946 vart Ian Clarke fødd i London. Trommisen Clarke spelte for Uriah Heep i perioden 1971-1972 og hjå meg kan han høyrast på plata Look At Yourself frå 1971. I 1947 kom David Andrew Lasley til verda i Branch i Michigan. Songaren David Lasley kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1948 vart songaren Robert Anthony Plant fødd i Birmingham. Songaren Robert Plant slo gjennom med Led Zeppelin i overgangen frå seksti-til syttitalet og har sidan pleia ei solokarriere av særs varierande kvalitet. Hjå meg kan Plant høyrast på studioplatene Led Zeppelin II (1969), Led Zeppelin III (1970), Led Zeppelin IV (1971), Presense (1976), og Coda (1982). I 1949 kom den irske bassisten Philip Parris Lynott til verda i engelske West Bromwich. Phil Lynott var leiar av det irske bandet Thin Lizzy der han også markerte seg som låtskrivar. Før han starta sitt eige band spelte Lynnot bass i mellom anna eit anna legendarisk irsk hard rock band, Skid Row. Hjå meg kan Lynott høyrast på samleplata Dedication, som oppsummerar den kortliva karrieren til Thin Lizzy på ein glitrande måte, i tillegg til soloplata The Phillip Lynott Album frå 1982. Lynnot døyde i 1986. I 1957 vart Eric Ambel fødd i Batavia i Illinois. Gitaristen Ambel sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Love Rock’n Roll, som Joan Jett & The Blackheart gav ut i 1981. I 1970 kom William Frederick Durst til verda i Gastonia i North Carolina. Fred Durst er mannen som syng fyrstestemma i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs frå 2001. I 1978 fekk svenske Helsingborg vitjing av Gasolin. Pas På Svinget I Solrød og Strengelengen er foreviga på band og kan høyrast på samleplata Derudaf – Forever frå 2004. I 1981 var det Doncaster som tok i mot Toy Dolls, det skal ha hendt i Halfway Hotell, same dag gjesta Ramones Santa Cruz Civic i California, USA. I 1983 var Wings Of A Dove Madness sitt bidrag til hitlistene. Resultatet vart ein respektabel andreplass. I 1988 toppa Iron Maiden plakaten på Monsters Of Rock og fekk spele framfor meir enn hundre tusen headbangers & hellraisers på Castle Donnington. I 1990 slepte Prince plata Grafitti Bridge, den tolvte studioplata hans. I 1995 døyde Red Rhodes. I 2009 døyde Larry Knechtel.