31.07.2012
Trettifyrste juli
Trettifyrste juli 1947 vart Karl Anthony Green fødd i nærleiken av Manchester. Bassisten Karl Green spelte i Herman’s Hermits på sekstitalet og kan i mi platesamling høyrast på samleplata No Milk Today. I 1953 kom Hugh Alexander McDowell til verda i London. Cellisten McDowell er best kjend for å spele i Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1957 kom Daniel Gaston Ash til verda i engelske Northampton. Daniel Ash spelte gitar og saksofon i Bauhaus og kan høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. I 1958 vart William Thomas Berry fødd i Bob Dylan si fødeby, Duluth i Minnesota. Trommeslagaren Bill Berry var ein av grunnleggjarane av R.E.M. og kan i mi platehylle i tillegg høyrast medan han held takten for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 kom Quentin Leo Cook til verda i eksotiske Reigate i Surrey i England. Som medlem av The Housemartins og Freak Power og under pseudonym som Fatboy Slim og Norman Cook har han produsert ei rekkje hits, underheldt med mange videoar og fylt utallige dansegolv verda over. I mi platehylle finn ein Cook si arbeid på Freak Power si plate Drive Thru Booty-In Dub-Fried Fink Food (1994), og under aliaset Pizzaman med plata Pizzamania frå 1995. I 1963 døyde Curtis Counce. I 1971 vart Harri Mänty fødd i svenske Västerås. Gitaristen Mänty spelte i Kent i ti år og kan hjå meg høyrast på plata Hagnestad Hill frå 1999, og Du & Jag Döden, som kom på marknaden i 2005. I Grosse Point i Michigan kom John William Lowery til verda. Gitaristen John 5 erstatta Zim Zum i Marilyn Manson i 1998 og har i mi platehylle fått plass på konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999, i tillegg til Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1978 vart William Champion fødd i den engelske hamnebyen Southampton. Will Champion er trommeslagar i Coldplay og hjå meg høyrer du han taktfast på plata X&Y frå 2005. I 1981 kom Toy Dolls til Highfell Club i Gateshead for å spele. I 1982 såg publikum på Westlea i Sunderland Toy Dolls i levande live. I 1992 spelte Iron Maiden for meir enn hundre tusen ellevile sambavante publikumarar på Maracanzinho Stadion i Rio de Janeiro.
30.07.2012
Trettiande juli
Trettiande juli 1945 vart David Sanborn fødd i Tampa i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Sandborn har gjeve ut ei rekkje soloplater og har spelt med fleire store namn som James Brown og Eric Clapton. I mi platesamling kan Sanborn høyrast på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter slepte i 1976. I 1946 kom Jeffrey Hammond til verda i badebyen Blackpool. Hammond laga god basslyd i Jethro Tull i åra frå 1971 til 1975 og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung (1971) og Thick As A Brick (1972). I 1955 var Johnny Cash i legendariske Sun Studios i Nashville, der Sam Philips regjerte, og spelte inn Folsom Prison Blues. Songen vart gjeven ut som Sun Reccords sin single nummer 232 og er i tillegg tilgjengeleg på ei rekkje samleplater, mellom anna plata Murder frå 2000. I 1958 vart Catherine Bush fødd i Kent i England. Kate Bush er vedunderbarnet som fekk platekontrakt som sekstenåring og som har gjeve oss kvalitetspop med ujamne mellomrom sidan. Mi platehylle inneheld den andre studioplata, Lionheart, frå 1978. I mi platesamling kan Bush også høyrast som hjelpevokalist på Big Country si plate The Seer frå 1986. I 1968 kom Sean Moore til verda i Pontypool i Wales. Moore er trommeslagar i bandet Manic Street Preachers og kan hjå meg høyrast medan han held takten på platene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. I 1969 gav Miles Davis ut plata In A Silent Way. I 1983 fekk Motörhead singelen Shine/Hooche Coochie Man (Live) ut på marknaden. I 2001 gjekk Brazz Brothers i Rommarö Studios for å gå i gang med innspelinga av plata Aquarius, medan The Strokes passa på å nytte dagen til å sleppe plata Is This It, bandet sin debut. I 2003 spelte AC/DC på Toronto Rocks Festival på Downsview Park. Trufaste fans fekk høyre dei godt vaksne rockarane framføre If You Want Blood (You’ve Got It), The Jack og You Shook Me All Night Long, som alle kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In.
29.07.2012
Tjueniande juli
Tjueniande juli 1945 kom Mike Garson til verda i New York City. Pianisten Garson kunne på syttitalet høyrast saman med David Bowie, men hjå meg må ein ty til The Smashing Pumpkins og songen Glas And The Ghost Children frå plata Machina/The Machines Of God for å nyte pianospelet hans. I 1948 vart Bryn Haworth fødd i Blackburn. Gitaristen Haworth sitt arbeid kan hjå meg høyrast på plata Joan Armatrading (1976) frå artisten med same namn. I 1953 kom Gary Lee Weinrib til verda i Ontario. Geddy Lee er bassist, songar og tangentmann i det kanadiske bandet Rush. Hjå med kan Lee høyrast på platene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). Same dag hadde Chet Baker fyrste innspelingsdag for songane Carson City Stage og Imagination. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Innspelinga vart avslutta dagen etter og kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1972 kom Simon Robin David Jones til verda i Liverpool. Kva side av Mersey The Verve-bassisten voks opp på, seier ikkje soga noko om, men platehylla mi byr på basspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1974 døyde Cass Elliot. I 1976 avslutta Tom Waits innspelinga av plata Small Change. I 1981 slepte Ramones plata Pleasant Dreams. I 1982 var Toy Dolls å høyre på Hero’s i Sunderland. I 1988 døyde Pete Drake. I 2005 døyde Al McKibbon. I 2007 døyde Art Davis.
28.07.2012
Tjueåttande juli
Tjueåttande juli 1943 vart Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Mike Blomfield landa på ein respektabel tjueandreplass på renommerte Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965. I 1949 kom Simon Frederic St Georg Kirke til verda i London. Simon Kirke har hausta heider som ein av verdas framste trommisar, kjend mellom anna for tida i Free. Hjå meg kan Kirke høyrast medan han trommar for supergruppa Bad Company på plata Straight Shooter frå 1975. I 1950 kom Roy Rogers til verda i Redding i California. Gitaristen Roy Rogers har operert som hjelpegitarist for artistar som John Lee Hooker, Sammy Haggar, Linda Ronstadt og fleire. I tillegg til å gje ut plater under eige namn, er Rogers også frontmann i trioen The Delta Rhythm Kings. Chops Not Chaps frå 1986 er Rogers sitt bidrag til mi platehylle. I 1966 spelte The Byrds inn I Know My Rider (I Know Your Rider) og Psychodrama City. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Fifth Dimension. I 1969 slepte Grand Funk Railroad singelen Time Machine/ High On A Horse, for å promotere plata On Time. Singelen klatra til ein beskjeden førtiåttandeplass på listene. I 1979 vart Kjetil-Vidar Haraldstad fødd. Frost har tromma for fleire norske metallband, som Gorgoroth og Keep Of Kalessin, og spelar i dag i Satyricon og 1349. Det er på plata Demonir, som sistnemnde band slepte i 2010, du finn Frost sitt bidrag til mi platehylle. I 1983 spela Men at Work i Merriweather Post Pavillion i Columbia, Marryland, og hendinga vart spela inn av ABC Rock Radio Network. Songen I Like To (live) kan høyrast på B-sida av singelen Dr. Heckyll & Mr. Jive og samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1986 gav Neil Young ut plata Landing On Water på plateselskapet til David Geffen.
27.07.2012
Tjuesjuande juli
Tjuesjuande juli 1949 kom Roderick Macdonald til verda i Dornoch i Skotland. Bassisten Rory Macdonald var med å grunnleggje Runrig i 1973 og er ein sentral låtskrivar som hjå meg kan høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1960 vart den australske pianisten Conway Savage fødd. Savage har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er best kjend for å spele saman med The Bad Seeds og kan i mi platesamling høyrast med pianospel og hjelpevokal på Nick Cave sine plater The Boatman’s Call frå 1997 og Nocturama (2003). I 1964 gjekk Johnny Cash i gang med innspelinga av ein tidleg versjon av Bob Dylan sin alltid like vakre Mama You’ve Been On My Mind. Denne versjonen vart utgjeven same året i Tyskland, men amerikanarane fekk ikkje nyta han før han dukka opp på ei samleplate så seint som i 2002. I 1982 var Ebba Grön på Rockslagfestivalen i Karlshamn, dei frammøtte fekk høyra Die Mauer, Flyktsoda, Malmö City og Born To Be Wild, som alle kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1984 gav Metallica ut den andre plata si, Ride The Lightning. I 1993 slepte The Smashing Pumpkins plata Siamese Dream, som var bandet si andre studioplate. I 2001 døyde Leon Wilkeson.
26.07.2012
Tjuesjette juli
Tjuesjette juli 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard, og ikkje minst for forhold til fleire profilerte fotomodellar, som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. I 1949 vart Roger Meddows Taylor fødd i Dersingham. Trommeslagaren Taylor er best kjend for å halde takten i Queen, men i mi platehylle han kan høyrast som korist på songen You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys, var Ian Hunter sitt bidrag til musikkhistoria i 1976. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn Sweet Lorraine og Minor Yours. Bandet bestod av Pete Jolly på piano, bassisten Leroy Vinnegar og Stan Levey på trommer. På Minor Yours spelte også saksofonistane Art Pepper og Richie Kamuca. Begge songane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1965 vart James William Lindeberg fødd i Hermosa Beach i California. Jim Lindeberg er best kjend som songare i bandet Pennywise, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre han synge gjestevokal på songen Marked frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen The House That Jack Built. B-sida var ein versjon av Burt Bacharach sin I Say A Little Prayer. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døyde Brent Mydland. I 2010 døyde Ben Keith. I 2011 døyde Frank Foster.
25.07.2012
Tjuefemte juli
Tjuefemte juli 1946 vart Alpharita Constatina Anderson fødd i Sanitago de Cuba på Cuba. Rita Marley voks opp på Jamaica og hadde ei sjølvstendig karriere som songerinne før ho gifta seg med Bob Marley i 1966, seinare ofra ho seg som bakgrunnssongerinne og mor til fire av Bob Marley sine barn. Hjå meg kan Rita Marley høyrast på plata Legend frå 1984. I 1950 kom Mark Clarke til verda i Liverpool. Clarke kan hjå meg høyrast medan han spelar bass på Uriah Heep-songen The Wizzard, som han også var med å komponere. Songen kan høyrast på plata Demons And Wizzards frå 1972. I 1951 vart Verdine White fødd i Chicago. Bassisten White er vetlebror til Earth Wind & Fire-grunnleggjar Maurice White og har spela med bandet sidan 1970. Hjå meg kan White sitt basspel nytast på plata Touch The World frå 1987. I 1955 kom Jem Max Finer til verda i pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Banjospelande Jem Finer var ein av grunnleggarane av folkpunk gruppa The Pogues der han, i tillegg til å spele banjo, også gir sitt bidrag til lydbiletet ved å spele saksofon og ein del andre strengeinstrument. Finer kan også høyrast, saman med resten av The Pogues, på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995. I 1958 vart Thurston Joseph Moore fødd i Coral Gables i Florida. Thurston Moore er ein av grunnleggjarane av Sonic Youth og vert i tillegg rekna som ein habil gitarist. Hjå meg kan Moore høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1960 kom Peter Korhonen til verda i Blackeberg i Stockholm. Trommeslagaren Korhonen sitt bidragt til mi platehylle finn du på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1970 vart Brian Blade fødd i Shereveport i Louisiana. Blade sitt stødige trommespel kan hjå meg høyrast på Steve Earle si plate El Corazón, og på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind, begge frå 1997. Dagen bydde på nok ein trommeslagarfødsel. Dette skal ha skjedd i Perth i Skotland og resultatet heiter Richard Colburn. Colburn held takten for Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1973 kom Daniel Lloyd Davey til verda i Suffolk. Songaren Dani Filth er ein av grunnlegjarane av bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principles Of Evil Made Flesh frå 1994, og Midian, som kom på marknaden i 2000. I 1979 vart Timo Peter Räisänen fødd i Göteborg. Gitaristen Timo Räisänen pleier i dag eiga solokarriere, men hjå meg høyrer du han på plata Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg, som Håkan Hellström slepte i 2000. I 1980 gav AC/DC ut plata Back In Black. Plata er det mest selde hardrockalbumet nokon sinne og eg eig vedunderet både på langspelplate og kompaktdisk. I 1982 kunne Toy Dolls høyrast på Shineyrow Club i Sunderland. I 1989 gav Beastie Boys ut plata Paul’s Boutique, som var den fyrste plata eg kjøpte frå den amerikanske trioen og som gjorde eit usletteleg inntrykk etter at det fyrste sjokket over at det ikkje var ei punkrapplate eg hadde kjøpt hadde lagt seg.
24.07.2012
Tjuefjerde juli
Tjuefjerde juli 1953 kom John Faddis til verda i Oakland i California. Trompetisten Faddis kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1958 var Johnny Cash i Nashville og spela inn It Was Jesus. I tillegg til det faste bandet med Luther Perkins på gitar og Marshall Grant på bass var Murray M. ”Buddy” Harman med på trommer, Marvin Hughes sat bak pianoet og Don Helms spela steel guitar. Songen vart gjeve ut i både stereo og mono og kan høyrast på plata Hymns som vart produsert av Don Law. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 var Johnny Cash i studio i Nashville og spela inn songen Come Along And Ride This Train. Produsent var Bob Johnston og det ferdige produktet vart ikkje tilgjengeleg for platekjøparane før samleplata Johnny Cash’s America kom på marknaden i 2008. Same dato i 1973 vart songen Tiger Whitehead foreviga. Artist var Johnny Cash og denne songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1987 døyde Dick Wellstood.
23.07.2012
Tjuetredje juli
Tjuetredje juli 1928 kom bassisten William James Edwards Lee III til verda i Snow Hill i Alabama. Bassisten Bill Lee sitt arbeid kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1930 vart saksofonisten Richie Kamuca fødd i Philadelphia. Kamuca var ein del av West Coast jazz-scena og kan hjå meg høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Kamuca døyde i 1977. I 1946 kom Andrew Mackay til verda i idylliske Cornwall. Multiinstrumentalisten Andy Mackay er best kjend for tida han trakterte ulike blåseinstrument for Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This frå 1995. I 1950 kom Blair Thornton til verda i olympiabyen Vancouver. Thornton sitt gitarspel kan høyrast på samleplata The Very Best Of, som det kanadiske rockebandet Bachman-Turner Overdrive slepte i 2001. I 1952 vart Janis Siegel fødd i Brooklyn i New York City. Songerinna Siegel slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973 og i mi platehylle høyres ho på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1961 kom Martin Lee Gore til verda i motorbyen Dagenham. Martin Gore har skrive mesteparten av låtane som Depeche Mode har spelt inn og er bandet si eigentlege stjerne. I mi platehylle finn du Gore sitt arbeid på studioplatene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1964 vart Tim Kellett fødd i Yorkshire. Tangentmannen Kellett kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1965 kom Saul Hudson til verda i England. Hudson er best kjend som Slash og kan hjå meg høyrast som sjefsgitarist på dei fem fyrste platene Guns N’Roses slepte, han spelar også med bandet Velvet Revolver, som også har teke plass i platehylla mi med debutplata Contraband frå 2004. I 1968 vart trommeslagaren Nick Menza fødd i München. Menza er best kjend for å ha tromma takten for Megadeth frå 1988 til 1998 og kan i mi platesamling høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics. I 2011 døyde Amy Winehouse.
22.07.2012
Tjueandre juli
Tjueandre juli 1924 kom saksofonisten Bill Perkins til verda i solrike San Francisco. Bill Perkins sitt saksofonspel kan nytast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Perkins døyde i 2003. I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985. I 1944 kom Richard Davies til verda i Swindon. Rick Davies var ein av grunnleggjarane av det britiske bandet Supertramp og kan hjå meg nytast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1947 vart Donald Hugh Henley fødd i Gilmer i Texas. Don Henley er ein av grunnleggjanane av Eagles, men hjå meg er det på med vokalhjelp på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, Against The Wind, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1980, og på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, Eagles-legenda kan høyrast. I 1956 kom trommeslagaren Mick Pointer til verda. Mick Pointer var ein av grunnleggjarane av Marillion og spelte på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 19983. I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1973 fekk Loudon Wainwright III ein son som skulle få namnet Rufus McGarrigle Wainwright. Rufus Wainwright er ein suksessfull musikar og har gjeve ut fleire kritikarroste album. Mi platehylle byr enn så lenge på debutplata Rufus Wainwrith frå 1998. I 1977 gav Yes ut sitt åttande studioalbum, Going For The One, same dag som Richie Kamuca døyde av strupekreft. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls. I 2010 døyde Harry Beckett.
21.07.2012
Tjuefyrste juli
Tjuefyrste juli 1952 kom Nils Gunnar Ljungstedt til verda i Enskede. Trommisen Gunnar Ljungstedt heldt takten for banda Ebba Grön og Imperiet og kan hjå meg høyrast på diverse studio-, konsert- og samleplater med begge banda. I 1953 vart multiinstrumentalisten Eric Bazilian fødd. Bazilian er beste kjend som medlem av The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1955 kom Howard Norman Epstein til verda i ølbyen Milwaukee. Howie Epstein er best kjend for lang og tru teneste for Tom Petty sitt band The Heartbreakers, men hjå meg er det på Johnny Cash i plate Unchained frå 1996 gitarspelet hans kan høyrast. Epstein døyde i 2003. I 1961 vart James Blanco Martin fødd i Oakland i California. Gitaristen Big Jim Martin er best kjend for å ha spelt i Faith No More fram til 1993, og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på plata Angel Dust frå 1992. I 1970 bydde datoen på fyrste innspelingsdag på In From The Storm for gitargeniet Jimi Hendrix. I 1971 kom Charlotte Lucy Gainsbourg fødd i London. Artisten Charlotte Gainsbourg er dotter av den franske songaren Serge Gainsbourg og den engelske skodespelaren Jane Birkin. Hjå meg kan Gainsbourg høyrast på plata IRM, som er produsert av Beck, og kom på marknaden i 2009. I 1972 var dette dagen Johnny Cash festa Little Magic Glasses og (The) Timber Man til lydband heime i Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom på marknaden i 1975. I 1979 vart Sveinung Sundli fødd i Orkdal. Fiolinisten Sundli var, saman med systera Gunnhild, ein av grunnleggjarane av bandet Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I 1984 var Toy Dolls attende og spela på Perkins Palace i Pasadena. I 1987 gav bandet Dio ut sitt fjerde studioalbum, Dream Evil, der den tidlegare Rough Cut-medlemmen Claude Schnell var med på keyboard. Same dag kom Guns ’n Roses med plata Appetite For Destruction som bydde på singlar som Welcome To The Jungle, It’s So Easy og Paradise City. I 1991 kunne Violent Femmes høyrast på The Boathouse i Norfolk. Songen Add It Up frå denne hendinga kan høyrast på ei samleplate med same namn. I 1992 kom Sonic Youth si sjuande studioplate, Dirty. I 1998 slepte Eagle-Eye Cherry debutplata Desireless på den amerikanske marknaden. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Konserten vart foreviga på band og seinare utgjeven som konsertplata Familiar To Millions, som kom på marknaden seinare same året. I 2008 kom Primal Scream si niande studioplate, den fekk namnet Beautiful Future og har mellom anna Josh Homme frå Queens Of The Stone Age med som gjestegitarist.
20.07.2012
Tjuande juli
Tjuande juli 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Atulán de Navarro i Mexico. Supergitaristen Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. Hjå meg kan Santana høyrast på eit konsertopptak med den treffande titelen Live, han er også kreditert for gitarspel på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1952 vart John French Segall fødd i New York City. Jay Jay French er rytmegitarist i glamrockbandet Twisted Sister, eit band eg var heldig å få sjå i levande live så langt attede som i 1986, og hjå meg kan han høyrast i godt driv på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1954 kom Keith Douglas Scott til verda i Vancouver. Keith Scott har vore Bryan Adams sin gitarist sidan dei treftes for fyrste gong i 1976, og i mi platehylle kan Scott høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1956 vart Paul Thomas Cook fødd i London. Paul Cook var trommeslagar i Sex Pistols og sikra seg på det viset ein solid plass i musikksoga. Sjekk plata Never Mind The Bollocks (Here’s The Sex Pistols) frå 1977 om du vil høyre Cook sitt taktfaste arbeid i mi platehylle. I 1959 kom Radney Foster til verda i Del Rio i Texas. Countryartisten Foster si karriere er merkt av arbeidet han gjorde i duoen Foster & Lloyd, men hjå meg høyrer du røysta hans som bakgrunnsvokal på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1964 vart Christopher John Boyle fødd i Seattle. Chris Cornell slo gjennom med bølgja av grunge som skylla over verda på nittitalet. Soundgarden-sjefen er repressentert både som bandleiar, Badmotorfinger (Soundgarden, 1991) og Out Of Exile (Audioslave, 2005), og som soloartist, Scream (2009) i mi platehylle. I 1967 kom Coutney Taylor til verda i den største byen i delstaten Oregon, Portland. Vokalisten og gitaristen Courtney Taylor-Taylor er den leiande krafta i bandet The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1975 spelte Motörhead sin fyrste konsert. Det hendte på Roundhouse i London og i Mojo 212 erindrar Lemmy at We Weren’t Very Good-Bloody Awful, In Fact. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Castleside Club i Consett. I 1981 var dette datoen for utgjevnad av Pleasant Dreams frå Ramones. Media Sound i New York var åstad for innspelinga i mars og april same år og produsent var Graham Gouldman. We Want The Airwawes og The KKK Took My Baby Away kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1984 var Toy Dolls sin Calilfornia-turné komen til Youth Hall i San Diego. I 1998 slepte Trang Fødsel si tredje studioplate, og den fekk namnet Feber
Abonner på:
Innlegg (Atom)