31.05.2012

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Tracy Chapman på hennar debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt. Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i Ealing i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 døyde Sonny Burke. Same dag var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania.

30.05.2012

Trettiande mai

Trettiande mai 1923 vart Harold Winston Beckett til verda på Barbados. Harry Beckett var trompetist og kan mellom anna høyrast på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Roxette-vokalisten Marie Fredrikson fødd i Össjö. Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1965 kom Briana Corrigan til verda i Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og var med på dei tre fyrste studioplatene. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1997 døyde West Arkeen.

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. I 1960 vart Mel George Gaynor fødd i London. Mel Gaynor slo seg saman med Simple Minds i 1982 og har, med untak av eit par korte avbrekk, vore med dei sidan. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden, og har planar om å halde fram med det til krampa tar meg. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle er det som vokalist i Iron Maiden han kan høyrast. Denne dagen i 1967 gav oss Oasis-gitaristen Noel Gallagher. Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane frå Manchester har gjort og kan hjå meg høyrast på platene What’s The Story (Morning Glory), Unplugged, Familliar To Millions og Be Here Now. Sistnemde vert rekna som ein flopp og kan hende er eg litt unik som har investert i det makkverket. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara. I 1997 døyde Tim Buckley. I 2010 døyde Dennis Hopper. I 2012 spelte Ozzy Osbourne og kompisane hans, Geezer Butler, Zakk Wylde og Slash ein glitrande konsert på Koengen i Bergen, og underteikna var sjølvsagt til stades.

28.05.2012

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom jazzpianisten Russel Donald Freeman til verda i Illinois. Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman kan høyrast samleplata Best Of Chet Baker Plays. Russ Freeman døyde i 2002. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee. Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987 og Era si sjølvtittelerte debutplate frå 1996. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren, Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtittelerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardon til verda. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

27.05.2012

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Bud Shank har spela med Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tillegg til Chet Baker, der han kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Shank døyde i 2009. I 1957 var dagen fødselsdag for Eddie Harsch. Harsch trakterar tangentane på alle mine Black Crows plater, men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986. I 1958 vart Neil Mullane Finn fødd i Te Awamutu på New Zeland. Neil Finn er vokalist i Crowded House, som prydar mi platehylle med plata Together Alone frå 1993. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg på plata hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 fekk verda nok ein trommeslagar i Sean Howard Kinney. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift og Dirt. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City.

26.05.2012

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart jazztrompetisten Miles Dewey Davis III fødd i den amerikanske delstaten Illinois. Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på åtte av desse. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i byen Elaine i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. I mi platehylle kan du høyre Helm sitt trommespel på plata Islands frå 1977, og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980). Helm døyde i 2012. I 1944 vart Terrence Allen fødd i idylliske Wales. Mannen som er kjent som Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople, der han spelte keyboard. I 1946 kom Mick Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere før også han slo seg saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate og liveplata Welcome To The Club gitarspelet hans kan høyrast. I 1948 kom Stephanie Lynn Nicks til verda i Phoenix i Arizona. Stevie Nicks var vokalist i Fleetwood Mac og kan høyrast på plata Rumours frå 1977. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, plata Circus frå 1995 er på plass i hylla, i tillegg kan han høyrast som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1975 vart Lauryn Noelle Hill fødd i East Orange i New Jersey. Lauryn Hill vart superstjerne saman med bandet Fugees og har sidan etablert seg som ein solid soloartist, plateprodusent og skodespelar som skyr rampelyset. I 1987 kom Europe si tredje studioplate, gjennombrottet The Final Countdown, som selde i meir enn tre millionar eksemplar berre i USA. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

25.05.2012

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1948 vart Klaus Meine fødd i Hannover. Meine er den nasale songaren i tyske Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1958 fekk verda John William Weller. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam, som i mi platesamling er representert med samleplata Beat Surrender. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er dokumenter på plata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei Gratest Hits samling. Weller kan også høyrast med gitarspel på Robet Wyatt si plate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som plata Olé Coltrane. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på plata Fifth Dimension. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den amerikanske Bilboard-lista.

24.05.2012

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1928 kom bassisten Max Bennett til verda. Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar bass for Ry Cooder på den sjølvtittelerte debutplata hans frå 1970, og på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. I 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i byen Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og har, så langt, vore heldig og opplevd ikonet to gonger, fyrst i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001, og sidan på Koengen i 2011. Begge konsertane bydde på ein Dylan i storform, han smilte litt og vinka til publikum innimellom, og han spela det meste av det beste frå ei lang karriere. Bob Dylan er også kreditert for å ha spela munnspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meidd ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York City. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1947 kom Robert Wachtel til verda i New York. Waddy Wachtel spelar ei rekkje instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Han er også kredittert for gitarspel på Melissa Etheridge-platene Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989) og Yes, I Am (1993). Same dag vart Albert Bouchard fødd i Watertown i New York. Trommisten Bouchard var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1991 døyde Gene Clark. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs. I 2009 døyde Jay Bennett.

23.05.2012

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom den amerikanske bluegrassartisten Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-plata American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.

22.05.2012

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1959 kom ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar til verda. Veganaren og dyrevernaren Steven Patric Morrisey er kan hende like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken han laga saman med The Smiths. Mi platehylle byr på platene Meat Is Murder frå 1985, Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987. I 1967 vart Dan Roberts fødd i canadiske Winnipeg. Bassisten Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate.

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda. Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på enkelte spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1954 vart gitaristen Marc Ribot fødd i Newark i New Jersey. Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på plata Mule Variations frå 1999. I 1955 kom Stanley Lynch til verda i Cincinatti. Stan Lynch kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 fekk verda ein trommeslagar i Pete Sandoval. Sandoval frå El Salvador held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel frå Florida. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var superkvartetten Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn songen Ohio, som protest mot politibrutalitet mot ein politisk studentmarsj, songen vart slept som singel, og kan også høyrast på samleplata Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøde reggealegenda Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades samstundes, noko som vist nok ikkje er heilt vanleg på dei kantar. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

20.05.2012

Tjuande mai

Tjuande mai 1944 kom Sheffield sin store son, John Robert Cocker til verda. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamnt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du konsertplata med den informative titelen Joe Cocker-Live (1990) og studioplata Across From Midnight frå 1997. I 1955 vart Steve George fødd i Phoenix i Arizona. Tangentmannen George var ein av mennene bak Mr. Mister, hjå meg kan høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1972 kom Trevor Tahiem Smith Jr. til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Busta Rhymes sitt bidrag til mi platehylle han høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictiv frå 2001. I 1996 slepte Skunk Anansie plata Stoosh. Dette var bandet si andre studioplate og produsent var Garth Richardson. I 1997 var det klart for Foo Fighters si andre studioplate, The Colour And The Shape, som vart nominert til Grammy for beste plate året etter.