26.10.2011
Tjuesjette oktober
Tjuesjette oktober 1936 vart gitaristen Alvin W. Casey fødd i Long Beach. Al Casey gjorde frå ung alder karriere som studiomusikar og opp gjennom åra spelte han for, mellom anna, Beach Boys, Elvis Presley og Nancy Sinatra. I mi platesamling kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Johnny Cash- platene The Fabolous Johnny Cash frå 1958, Songs Of Our Soil og Hymns By Johnny Cash frå 1959, Ride This Train frå 1960 og Ragged Old Flag frå 1974. Casey døyde i 2006. Frå 1946 hugsar me at Keith Hopwood kom til verda i nærleiken av Manchester. Hopwood gjorde seg merkt som gitarist i Herman’s Hermits på sekstitalet, men har sidan hatt ei meir tilbaketrekt rolle i musikkindustrien. I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda. Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. I 1956 spela Chet Baker inn Darn That Dream. Bandet som støtta trompetisten i dette tilfellet var Conte Candoli og Norman Faye på trompet, Frank Rosolino på trombone og saksofonistane Art Pepper, Bud Shank, Phil Urso og Bill Perkins. I tillegg kunne ein høyre Bobby Timmons på piano, bassisten Jimmy Bond og Lawrence Marable på trommer. Samleplata Best Of Chet Baker Plays er ein fin stad å leite om ein vil høyre denne jazzperla. I 1968 var fyrste gong Page, Plant, Jones og Bonham spelte saman under namnet Led Zeppelin. Det hendte i Boxing Club i Bristol. I 1980 var Toy Dolls attende i Shildon og Old Club var vertskap. Dette er også datoen då, i 1981, Iron Maiden la ut på fem dagar turné i Italia for å få den nye vokalisten, Bruce Dickinson, varm i trøya. I 1982 hadde Toy Dolls tatt turen sør til London og spela på Rock Garden. I 1983 kom Mötley Crue si vanskelege andreplate, Shout At The Devil, som tok dei frå å vere eit undergrunnsband til å vere verdsstjerner. I 1985 fekk alpelandet Sveits høve til å høyre Toy Dolls, det kunne dei gjere i Dolce Vita i Lausanne. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Szenvien i Vien. I 1989 var Toy Dolls komen seg til Braunschweig, der dei stod på scenen i Burgerpark, og Hooters slepte si fjerde studioplate, den fekk namnet Zig Zag og hadde med sekstitalstrioen Peter Paul And Mary som gjestevokalistar på den storselgjande singelen 500 Miles. I 1993 gav canadiske Crash Test Dummies ut plata God Shuffled His Feet, som var bandet si andre plate. I 1998 kom Robbie Williams si andre studioplate, I’ve Been Expecting You.
25.10.2011
Tjuefemte oktober
Tjuefemte oktober 1936 kom den norske trubaduren Alf Cranner til verda i den norske hovudstaden. Cranner er mannen som har fått æra for å ha starta den norske visebølgja og står bak den ganske så geniale slagaren Den Som Var En Løvetann. Cranner sitt bidrag til mi platehylle er eit konsertsamarbeid med kompisen Odd Børretzen frå Sandvika Kino ein desemberkveld i 1974. I 1944 vart John Roy Anderson fødd i Accrington. Jon Anderson var den småvokste vokalisten i det engelske progbandet Yes, som herja både lister og konsertsalar på syttitalet. Anderson sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Yes-plata Going For The One som kom på marknaden i 1977. I 1947 kom Judas Priest-gitaristen Glenn Raymond Tipton til verda i Blackheat i Midt-England. Tipton treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, han er ganske enkelt ein av verdas framste hardrockgitaristar og mannen bak fleire av dei beste Priest-låtane og dei feitaste riffa. I 1951 fekk Tipton selskap av gitarkamerat Kenneth ”K.K” Downing Jr. Downing har utfordra Tipton til utallege gitarduellar og er med det ein minst like viktig del av det mektige lydbiletet til metallegendene i Judas Priest. Downing hoppa diverre av Priest-skuta før årets Farewel Tour og kunne ikkje høyrast eller sjåast på årets konsert i Bergen. I 1954 kom skodespelar og trommeslagar Victor DeLorenzo til verda. DeLorenzo kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for det legendariske traktorpunkbandet Violent Femmes og er representert på platene 3 (1989), Add It Up, New Times (1994) og Freak Magnet (2000). I 1961 fekk verda nok ein trommeslagar, for då vart Chad Smith fødd. Smith kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Red Hot Chili Peppers og på Johnny Cash i plate Unearthed frå 2003. I 1968 gav Jethro Tull ut plata This Was på den engelske marknaden. I 1980 var Ebba Grön i Bellevueparken i Karlshamn. We’re Only In It og Schweden, Schweden kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte på La Salle De Faubourg i Genève. Same dag døyde Gary Holton og The Cars slepte si fyrste samleplate. Plata fekk namnet Greatest Hits og konsentrerte seg om bandet si karriere frå 1977 og fram til 1985 og selde til seks gongar platina i heimlandet USA. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Posthof i Linz. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls frå scenen på Dolce Vita i Lausanne og Melissa Etheridge avslutta innspelinga av den sjølvtittelerte debutplata si, som kom på marknaden og inn i platehylla mi året etter. I 1989 stod Loft i Berlin på Toy Dolls sitt verdsturneprogram.
24.10.2011
Tjuefjerde oktober
Tjuefjerde oktober 1946 kom trommeslagaren Jerry Edmonton til verda som Gerald McCrohan i Oshawa i Canada. Edmonton heldt takten for verdas fyrste hardrockband, Steppenwolf, fram til 1976 og er mannen som held takten på Born To Be Wild. Edmonton døyde i ei bilulukke i California i 1993. I 1959 vart den australske gitaristen Rowland Stuart Howard fødd. Rowland S. Howard er best kjend for å spele med det australske bandet The Birthday Party. Howard døyde i 2009. I 1961 vart Rick Margitza fødd i bilbyen Detroit. Margitza er ein djevel på saksofonen og kan hjå meg høyrast når han spelar saman med jazzlegenda Miles Davis på plata Amandla frå 1989. I 1976 gav den irske gitarguden Rory Gallagher ut plata Calling Card. På denne plata var det Rod de’Ath som hadde teke plass bak trommesettet og heldt takten. I 1977 var The Who i Ramport Studios i Battersea for å spele inn New Song. Innspelinga vart fullførd eit par dagar seinare. I 1980 kunne dei frammøtte på W.M.C i Easington oppleve Toy Dolls frå scenen. Samstundes spelte Joachim Tåström og resten av Ebba Grön i Folkets Park i Huskvarna. Songane Pervers Politiker, Totalvägra, Det Måsta Vara Radion, Vad Skal Du Bli?, Tyst För Faen og Rock And Roll Music frå denne konserten kan alle høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 var det Rotefabrik i Zurich som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1986 slepte Stryper plata To Hell With The Devil, og dei frammøtte på Hofstegrasse i Lustenac fekk høve til å nyte Toy Dolls sin musikk. I 1987 var Toy Dolls i Stuttgart for å spele på Rohde. I 1988 platedebuterte det franske alternativbandet Mano Negra med Patchanka. I 1995 gav The Smashing Pumpkins ut si tredje studioplate, Mellon Collie And The Infinite Sadness, som var ein dobbel CD. Ein ganske så kraftig dose Billy Corgan, med andre ord. Same dag slepte Ozzy Osbourne plata Ozzmosis og Pretenders ytte sitt bidrag til platemarknaden med konsertplata The Isle Of View. I 2000 slepte Moby samleplata Play: The B Sides.
23.10.2011
Tjuetredje oktober
Tjuetredje oktober 1943 fekk verda bassisten Billy Talbot. Talbot har livnært seg i bandet Crazy Horse som heile tida har hatt eit nært samarbeid med Neil Young. I mi platehylle kan Talbot høyrast på platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time(1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1945 var Kim Larsen fødd. Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin. I 1949 kom Michael Burston til verda i engelske Cheltenham. Burston fekk tilnamnet Würzel då han tenestegjorde for den engelske hæren i Tyskland. Seinare var han innom band som Bastards og Warefare før han ordna seg eit namn blant dei store då han spelte gitar på fem Motörhead-plater i perioden frå 1984 og fram til han fekk sparken i 1995. Hjå meg kan Würzel sitt gitarspel nytast på Orgasmaton frå 1986, i tillegg til ei rekkje samleplater. Würzel døyde i 2011. I 1956 vart Dwight David Yoakam fødd i Pikeville i Kentucky. Mannen som var for country for Nashville har jobba ut frå den utradisjonelle countrybyen Los Angeles meir eller mindre heile karriera si, utan at det har lagt dempar på suksessen. I 1964 heldt Grateful Dead hus på Fillmore West Palladium i San Francisco, California. Konserten er utgjeve på plate og dei som vil kan høyre udødelege låtar som Uncle Joe’s Band, Early Morning Dew og Kris Kristofersen sin bestseljar Me & Bobby McGee. I 1966 var datoen via Jimi Hendrix si innspeling av Hey Joe. Seansen gjekk føre seg i Kingsway Studios som ligg i London. I 1969 vart det høve til å kjøpe Aretha Franklin sin versjon av Beatles-songen Eleanor Rigby. I 1987 var Toy Dolls på Hardrock Club i Mannheim. I 1989 kunne Toy Dolls opplevast på scena i Longhorn i Stuttgart.
Tjueandre oktober
Tjueandre oktober 1952 kom tangentmannen Greg Hawkes til verda i Maryland. Hawkes har tent til livets opphald i new wave-bandet The Cars, som leverte raffinerte hitlåtar som perler på ei snor på overgangen mellom sytti- og åttitalet. I 1957 var Count Basie og band i studio og spela inn The Late, Late Show. Sjefen sjølv var solist på piano, Eddie ”Lockjaw” Davis tok rolla som saksofonsolist, og resultatet kan høyrast på plata Atomic Swing. I 1969 gav Led Zeppelin ut plata Led Zeppelin II. Som tittelen indikerer, var dette rockedinosaurane si andre studioplate. I 1978 var The Cow Palace i San Francisco åstad for foreviginga av Neil Young sin Hey, Hey, My, My (Into The Black). I tillegg til samleplata Greatest Hits kan ein høyre denne perla på plata Rust Never Sleeps frå 1979. I 1983 var Toy Dolls heime i Nordaust-England og kunne opplevast på Newcastle Polytechnic. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Rohre i Stuttgart. I 1987 kunne ein atter ein gong oppleve Toy Dolls på Zeche i tyske Bochum. I 1988 slepte Ozzy Osbourne plata No Rest For The Wicked. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne nådd fram til Heidenheim Konserthaus. I 1990 kom Jimi Hendrix sitt dødsbu med nok ei samleplate. Cornerstones var namnet på denne gåvepakka og produktet tok for seg innspelingar gjort i den mest kreative perioden gitargeniet opplevde 1967-1970. I 1991 var det tid for plateslepp frå eit av verdas tøffaste band, Slayer, deira produkt hadde tittelen Decade Of Aggression og var ei konsertplate spela inn i solrike Florida, og London.
21.10.2011
Tjuefyrste oktober
Tjuefyrste oktober 1941 vart verda løna med eit gitargeni, for då vart Steven Lee Cropper fødd. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantastiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps der han var vokalist frå 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, ølbyen München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keyboardspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1953 kom gitaristen Eric Faulkner til verda. Faulkner spelte i det skotske tyggegummibandet Bay City Rollers. I 1957 var Count Basie med storband i studio og spela inn Teddy The Toad og Li’l Darlin’, solist for sistnemnde var Wendell Culley på trompet. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1969 var Grand Funk Railroad i Cleavland Recording Company Studios og festa Please Don’t Worry, Winter And My Soul, Paranoid og Inside Looking Out til platerillene. Alle songane kan ein høyre på plata Grand Funk, som kom på markanden seinare på året. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabrück. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turnéen No Prayer On The Road. Turnéstart denne gongen var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona.
20.10.2011
Tjuande oktober
Tjuande oktober 1950 kom den amerikanske artisten Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Petty herja listene på åttitalet saman med bandet The Heartbreakers, men i mi platesamling er det saman med Johnny Cash han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Got This Thing On The Move, High Falootin’ Woman, In Need og ein demoversjon av Nothing Is The Same. Alle songane finn ein på plata Grand Funk som kom på marknaden i romjula 1969. I 1973 vart Gianpiero Piras fødd i London. Gian Pyres har ei fortid som gitarist i bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1979 spelte eit ungt Toy Dolls, beståande av Olga, Flip, Mr. Scott og Pete Zulu, sin fyrste konsert i Millview Social Club i Sunderland og ei lang teneste i punken si teneste var byrja. I 1985 var Toy Dolls komen til Graz for å spele i Club Ska. Året etter, i 1986, kunne Toy Dolls opplevast på Music Hall i Detmold. I 1987 var Toy Dolls i Paris for å spele på Elyesse Motmare. I 1989 var det publikum i ISC i Bern som kunne høyre og sjå Toy Dolls frå scenen. I 2002 dukka Madrugada si tredje studioplate, Grit, opp i platehyllene. I 2008 gav Imelda May ut si ander studioplate, Love Tattoo. Dagen bydde også på plateslepp for veteranane i AC/DC, deira produkt fekk tittelen Black Ice, og for ein gong skuld var eg tidleg ute og kjøpte ei plate, det har eg ikkje angra på.
19.10.2011
Nittande oktober
Nittande oktober 1944 kom Peter Tosh ut i dagslys i Westmoreland i den karibiske øystaten Jamaica. Reggaeartisten med døypenamnet Winston Hubert McIntosh starta karriera si saman med Bob Marley og Bunny Wailer og The Wailers, men etablerte etter kvart ei stor og spanande platekarriere på eiga hand. Tosh vart kjend utanfor reggaemiljøet då han hadde ein stor hit med duetten Don’t Look Back saman med Rolling Stones-vokalisten Mick Jagger. Tosh døyde i 1987. I 1972 vart Prakazrel Samuel Michel fødd i Brooklyn. Rapparen Praz Michel har røter på Haiti og er best kjend for arbeidet han har gjort med bandet The Fugees. I 1980 er Cornforth Club i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1985 var det Seine Wien i Wien som stod som vertskap for gutane i Toy Dolls. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Grosse Freiheit i Hamburg. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på De La Cite i Rennes og Melissa Etheridge gjekk i gang med innspelinga av debutplata med same namn. I 1989 døyde Eric Dixon og Toy Dolls stod på scenen i Albani i sveitsiske Winterthur. I 1998 kom samleplata Best Of Bachman Turner Overdrive, og det er vel berre å slå fast at You Ain’t Seen Nothing Yet.
18.10.2011
Attande oktober
Attende oktober 1926 såg Charles Edward Anderson Berry dagen lys i St. Louis. Chuck Berry har inspirert musikarar og luftgitaristar i fleire generasjonar, men vert like gjerne sett i samband med ein ganske anti-erotisk gitardans kalla duck-walk som med dei drivande gitarriffa som kjenneteiknar musikken hans. Plata Roll Over Beethoven står i mi platehylle og oppsummerar karriera hans kort og greitt, sjølv om kvaliteten på dei utvalde spora er ujamn. I mi platehylle er det gjerne andre artistar sine versjonar av Berry sine songar som briljerer. I 1977 var The Who i Ramport Studios og spelte inn Love Is Coming Down, som enda opp på plata Who Are You året etter. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast i Aligauhalle i Kempten. I 1987 spelte Toy Dolls på Blackfood Club i Morbihau. I 1989 var det Palladium i Genève som fekk vitjing av gladpunkarane i Toy Dolls. I 1993 slepte Crowded House plata Together Alone, dette var bandet si fjerde studioplate. I 1994 døyde Lee Allen.
17.10.2011
Syttande oktober
Syttande oktober 1957 vart Pino Palladino fødd i Cardif. Bassisten Palladino sitt arbeid kan hjå meg høyrast på gitarlegenda Jeff Beck si plate Who Else! Frå 1999. I 1968 fekk reggae-artisten Bob Marley ein son som han gav namnet David Nesta Marley. Marley junior tok namnet Ziggy Marley og slo seg saman med bandet The Melody Makers som han har turnert og gjeve ut plater saman med. I dag er dette samarbeidet avslutta, men i mi platehylle står ein lemning frå 1989, plata One Bright Day. I 1969 vart rapparen og produsenten Wyclef Jeanelle Jean fødd på Haiti. Wyclef Jean hadde fleire store hist med bandet The Fugees og kan i mi platehylle høyrast på plata The Score frå 1996. I 1972 kom Marshall Bruce Matters III til verda i Saint Joseph i Missouri. Eminem har, som soloartist og saman med rap-kollektivet D12, selt millionar av plater over heile verda. Det harde arbeidet har resultert i fleire Grammy-titlar. I 1977 gav Lynyrd Skynyrd ut plata Street Survivors med mellom anna låtar som That Smell, I Know A Little og You Got That Right. I 1985 kom Toy Dolls til Schwindkircmen i Dorfen. I 1986 var dei same Toy Dolls på plass i den norske hovudstaden og spelte på Sardines. Og i 1987 kunne Toy Dolls opplevast i N.J.C i Listeux. I 1988 slepte Steve Earle plata Copperhead Road. I 1994 slepte Black Sabbath ei samling av dei beste innspelingane frå tida Ozzy Osbourne var vokalist i bandet. Samlinga fekk det treffande namnet The Ozzy Osbourne Years og var fordelt på tre CD-plater. I 2000 døyde Joachim Nielsen, same dag som Johnny Cash gav ut plata American III: Solitary Man. Som tittelen indikerer var dette den tredje plata i serien American Recordings. I 2005 slepte Depeche Mode sitt ellevte studioalbum, Playing The Angel, laus på platekjøparane.
16.10.2011
Sekstande oktober
Sekstande oktober 1938 kom Christa Päffen til verda i Köln. Christa er best kjend som fotomodellen Nico, som også song saman med kunstrockarane i The Velvet Underground. Nico døyde i 1988. I 1943 vart Charles Frederick Turner fødd i Winnipeg. Fred Turner er bassist i bandet Bachman-Turner Overdrive og er representert med ei Best Of-plate i mi hylle. I 1960 kom Robert Arthur Mould til verda i byen Malone i New York State. Bob Mould var gitarist, songar og låtskrivar i det amerikanske undergrundsbandet Hüsker Dü som herja alternativlistene i åra 1979-1988. I 1961 vart Bo Sigvard Sundström fødd i Piteå langt nord i Sverige. Bo Kasper er komponist og musikar og er drivkrafta i det svenske bandet Bo Kaspers Orkester. I 1962 kom Michael Peter Balzary til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Under artistnamnet Flea har Balzary hamra basstakten i Red Hot Chili Peppers frå byrjinga av bandet si karriere. Flea er også involvert i bandet The Mars Voltas, som hjå meg er representert med plata The Bedlam In Goliath frå 2007. I tillegg kan Flea sitt basspel høyrast på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, på fleire spor på Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, og på Johnny Cash si plate Unchained frå 1996. I 1985 var Toy Dolls og underheldt i Zentralsaal i Hamburg. I 1986 var det Trondheim sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. Den utvalde arrangørstaden heit Ritz. I 1987 var Toy Dolls i Reimes for å spele på Theatre De La Maison. I 1989 spela Toy Dolls på Spielboden i Dornbirn i Austerriket. I 1992 slepte Offspring si andre studioplate, Ignition. I 2000 platedebuterte Håkan Hellström med Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg.
15.10.2011
Femtande oktober
Femtande oktober 1943 vart trommeslagaren Larrie Londin fødd og tildelt døypenamnet Ralph Gallant. Londin var ein av fleire trommeslagerar som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. Londin døyde i 1992. I 1946 vart Palle Danielsson fødd i Stockholm. Bassisten Danielsson kan hjå meg høyrast som ein del av Keith Jarret sin European Quartet på plata My Song frå 1978. I 1947 kom gitaristen Bob Weir til verda og fekk namnet Robert Hall Weir. Weir er best kjend for å ha vore med å grunnleggje hippiebandet Grateful Dead. I mi platesamling kan Weir høyrast på plata Dylan & The Dead frå 1989. I 1961 var Elvis Presley og The Jordanaires i studio og spelte inn Good Luck Charm. I 1962 vart Morten Abel Knutsen fødd i Bodø. Morten Abel har ei fortid i band som Mods og The September When, før han etter kvart starta solokarriere i eige namn. Både ein dobbel samle-Cd frå tida i Mods, kalla Originalar, og soloplata Here We Go Then You And I frå 1999 står trygt plassert i mi platehylle. I 1966 var dagen god for framtidige rytmeseksjonar, då fekk platesamlinga mi ikkje mindre enn to trommeslagarar. Fyrst ute var Douglas ”Dougie” Vipond, som kom til verda i skotske Elderslie. Vipond har gjort det meste av den musikalske karriera si i Deacon Blue og kan høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. Same dag vart David Stead fødd i Huddersfield. Dave ”Steady” Stead heldt takten for The Beautiful South og hjå meg er det på plata Painting It Red frå 2000 han kan høyrast. I 1969 MC5 ut singelen Looking At You på plateselskapet Atlantic. I 1984 gav AC/DC ut EP-en ’74 Jailbreak, som inneheld fem tidlegare uutgjevne spor som ei hylling av den avdøyde vokalisten Bon Scott. I 1985 vitja Toy Dolls Metropol i Berlin. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Des Fetes i Strasbourg. På denne haustdagen i 1988 lanserte Motörhead liveplata Nö Sleep At All som er spela inn under ein konsert i nabolandet vårt, Finland, og eit år seinare, i 1989, vitja Toy Dolls Nonthal Arce i Mozart-byen Salzburg i Austerriket. I 1996 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Now I Got Worry. Dette var mitt fyrste møte med dette eksplosive bandet og ein kan trygt seie at det endra mitt syn på korleis ekte rock’n roll skal spelast, det er berre å stappe plata i spelaren og nyte.
Abonner på:
Innlegg (Atom)