30.09.2010

Trettiande september

Trettiande september 1954 kom songerinna Basia Trzetrezelewska til verda i Jaworzno i Polen. Basia er kjend for samarbeidet med gruppa Matt Bianco og er sjølvsagt på plass i mi platehylle med sofistikert jazzpop av åttitalstype på plata Who’s Side Are You On. I 1977 gav Ian Dury ut plata New Boots And Panties!! Nyutgjevingar av plata inneheld det som på mange måtar er blitt Dury sin kjenningsmelodi, Sex & Drugs & Rock & Roll, men denne er ikkje med på originalskiva. I 1983 spelte Toy Dolls sin konsert nummer to hundre. Dette jubileet vart markert på Top Rank i hamnebyen Brighton på den engelske sørkysten. I 1987 var Toy Dolls på Dingwals i London. I 1985 gav Tom Waitz ut plata Rain Dogs, også dette eit album Rolling Stone Magazine skal ha plassert på lista over dei fem hundre platene gjennom tidene.

29.09.2010

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den ernergiske rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis starta karriera si i grenselande mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve han fått tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn for dei musikalske bidaraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, som er den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Les Claypool er kjend som bassisten med den rå lyden og uortodokse teknikken i Primus. I mi platesamling kan han også høyrast på låten Big In Japan frå Tom Waitz si plate Mule Variations. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg ikkje angra på.

28.09.2010

Tjueåttande september

Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods gjeve ut i England. Plata nådde tiandeplass på dei engelske listene. I 1991 ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene.

27.09.2010

Tjuesjuande september

Tjuesjuande september 1947 vart Meat Loaf fødd som Marvin Lee Aday. Meat Loaf er kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell, eit samarbeid med produsenten og komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans og i slike tilfeller passar det greitt med ei samleplate i hylla. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broke Frame, bandet si andre studioplate. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. I 1987 var Toy Dolls på plass i Tamworth for å spele på Rathole.

26.09.2010

Tjuesjette september

Tjuesjette september 1980 var Toy Dolls å finne i Labour Club i Peterlee. Denne datoen i 1981 er den dagen Iron Maiden slepte live EP-en Maiden Japan. I 1982 spelte ein Ozzy Osbourne i storform den fyrste av to konsertar på The Ritz i New York. Resultatet enda opp på liveplata Speak Of The Devil. I 1985 var Toy Dolls på plass i den skotske oljehovudstaden Aberdeen for å spele på Ritzy. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hereford for å spele på Porter House. I 2008 gav Enslaved ut plata Vertebrae som var mixa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.

25.09.2010

Tjuefemte september

Tjuefemte september 1952 kom den engelske songaren Gary Holton til verda. Holton gjorde suksess med diverse undergrunnsband, som mellom anna The Boys, på clubscena i London på syttitalet. I mi platehylle kan Holton høyrast medan han syng saman med nordmannen Stein Groven, alias Casino Steel. Holton døyde diverre av ein overdose i 1985. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1980 spela Toy Dolls i Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh.

24.09.2010

Tjuefjerde september

Tjuefjerde september 1957 var dagen tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk halde. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtitulerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1991 gav Nirvana ut si andre plate, Nevermind, og brått var det tidlegarer undergrunnsfenomenet grunge over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chilli Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amererikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei endelaus rekkje av hitsinglar.

22.09.2010

Tjueandre september

Tjueandre september 1957 var dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave har i ei årrekkje sett sitt preg på punk- og alternativscena verda over og er, i tillegg til eiga solokarriere, kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Jett fødd i Philadelphia med fullt namn Joan Marie Larkin. Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho spelte saman med Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll som toppa Bilboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside, California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits.

21.09.2010

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjek som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kurriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasisvokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul ”Liam” Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som mellom anna (What’s The Story) Morning Glory og Familiar To Millions. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am.

19.09.2010

Nittande september

Nittande september 1946 fekk verda nok ein trommeslagar. John Coghlan heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg før dei starta innselinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. I 1958 vart Runawaysgitaristen Lita Ford fødd i London som Carmelita Rossanna Ford. Veldreide Lita, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platsamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikanskinspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg ernergiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving.

18.09.2010

Attande september

Attande september 1951 vart bassisten Dee Dee Ramone fødd og fekk døypenamnet Douglas Glenn Colvin. Det er nok ikkje naudsynt å nemne at tydinga av Dee Dee sitt basspel er uvurderlig for punkbandet Ramones, men eg gjer det likevel. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døyde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vokst seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit casino i Las Vegas gjer at eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle-upon-Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platinium i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.

15.09.2010

Femtande september

Femtande september 1969 gjekk Jimi Hendrix i gang med innspelinga av Steppingstone. Med seg på innspelinga hadde han Mitch Mitchell på trommer og Billy Cox på bass. I 1984 fekk verda servert Motörhead si No Remorse-plate på denne datoen. Same dag kom Iron Maiden sitt bidrag til ein god platehaust, Powerslave. Eg legg ikkje skjul på at eg er stolt av å eige begge desse platene. I 1987 vert datoen hugsa for at det var den dagen Ramones gav ut Halfway To Sanity. Plata vart spela inn i Intergalactic Studios i New York i mars og april same år og dei skinnkledde gjorde produksjonen sjølv, i samarbeid med Daniel Ray. I 2004 døyde Johnny Ramone på denne datoen.