31.05.2010

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1940 vart August ”Augie” Meyers fødd i San Antonio i Texas. Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm var med å starte den texanske supergruppa Texas Tornados saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez. I 1948 kom den brasilianske perkuissisjonisten Paulinho da Costa til verda i solfylte Rio de Janeiro. Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Miles Davis på plata Amandla frå 1989 og Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London.

30.05.2010

Trettiande mai

Trettiande mai 1955 kom Topper Headon til verda med døypenamnet Nicholas Headon. Topper si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club.

29.05.2010

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda. Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som er faren og ein av dei som er nemnd er David Crosby frå Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har vore fan av denne dama i så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på maknaden. Denne dagen i 1967 gav oss Oasisgitaristen Noel Gallagher. Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane frå Manchester har gjort og kan hjå meg høyrast på platene What’s The Story (Morning Glory), Unplugged, Familliar To Millions og Be Here Now. Sistnemde vert rekna som ein flopp og kan hende er eg litt unik som har investert i det makkverket. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara.

28.05.2010

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1956 er dagen Gerald Calvin Douglas kom til verda i Warren, Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas.

27.05.2010

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1957 er fødselsdag for Eddie Harsch. Harsch trakterar tangentane på alle mine Black Crows plater, men har sidan forlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg på plata hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi.

26.05.2010

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart jazztrompetisten Miles Dewey Davis fødd. Davis rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde i 1991. Mi platehylle byr på platene Birth Of The Cool, Amandla og Decoy. I 1944 kom Terrence Allen til verda. Mannen som er kjent som Verden Allen er ein av grunnleggarane av Mott The Hoople, der han spelte keyboard. I 1946 kom Mick Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere før han slo seg saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter dette med Ian Hunter til han døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut post humt. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo.

25.05.2010

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1958 fekk verda John William Weller. Paul Weller var leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam og er i mi platesamling representert med samleplata Beat Surrender som har ein heilt utruleg driv frå fyrste takt. I 1978 spelte The Who ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 fekk Madness notert topplassering på listene med House Of Fun.

24.05.2010

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman i Duluth i den amerikanske delstaten Minnesota. Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og var heldig og fekk oppleve ikonet i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om ein avskyeleg massakre som fann stad i Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville organisere seg vart meid ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document.

21.05.2010

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda. Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool som er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var Shel Talmy. I 1970 var Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn Ohio, ein singel som også kan høyrast på Neil Young Greatest Hits. I 1981 opnar Iron Maiden sin fyrste turne i Japan. Same dag var det minnekonsert til ære for Bob Marley på Jamaica. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar.

19.05.2010

Nittande mai

Nittande mai 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townhend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy og Who’s Next om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One, med meir, fungerar greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. I 1949 vart Dusty Hill fødd som Joseph Michael Hill. Texanaren Dusty Hill er bassist i skjeggrockbandet ZZ Top og har fryda oss med tung bluesrock i meir enn førti år. Eg er stolt innehavar av platene Fandango, Tres Hombres og Recycler. I tillegg kan eg by på ei litt suspekt samling kalla Viva Las Vegas. I 1951 vart Joey Ramone fødd som Jeffry Ross Hyman. Joey Ramone er kjend som den karismatiske vokalisten i punkgruppa Ramones, men gjekk diverre bort i 2001. I 1954 vart AC/DC-trommeslagaren Phil Rudd fødd som Phillip Hugh Norman Witshke Rudzevecuis og alle som slit med rettskriving forstår kvifor han har valt å forenkle namnet sitt. Phil slo i fyrste omgang trommer for kengururockarane frå 1975 og til 1983. Etter ein lang pause, slo han seg saman med bandet igjen i 1994 og er framleis med bandet. I 1975 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Saturday Night Special. I 1980 opptrådde Ramones på fjernsynsshowet SHA NA NA i Los Angeles, California. I 1984 kom Toy Dolls og underheldt ungdomen i Youth Hall i Leiden. I 1986 gav Ramones ut plata Animal Boy. Plata vart produsert av Jean Beauvoir og spelt inn i Intergalactic Studios og Media Sound i 1985.

18.05.2010

Attande mai

Attande mai 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1973 spelte Johnny Cash inn Nasty Dan og One and One Makes Two i Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut same året. I 1980 seier Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! når Toy Dolls står på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls.

17.05.2010

Syttande mai

Syttande mai 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos. Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Appart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1973 kom Josh Homme til verda som Joshua Michael Homme. Homme er den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. QOTSA si plate Songs For The Deaf frå 2002 er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista.