05.08.2018

Fyrste august

I 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplatene The Thougest (1998), og The Best Of Peter Tosh frå 1999, i tillegg til Grace Jones si samleplate Private Life - The Compass Point Sessions (1998), One Bright Day, som Ziggy Marley & The Melody Makers slepte i 1989, og Light Your Light, som var Toots And The Maytals sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 2007. Thompson døyde i 2014.

Andre jubilantar
Jerry Garcia (1942-1995)
Geoff Britton (1943)
Boz Burell (1946-2006)
Prakash John (1947)
Tim Bachman (1951)
Tommy Bolin (1951-1976)
Robert Cray (1953)
Gloria Estefan (1957)
Robert Buck (1958)
Chuck D (1960)
Maria Vidal (1960)
Professor Griff (1960)
Adam Duritz (1964)
Paul Rosenberg (1971)
John Vinge (1973)

Trettifyrste juli

I 1958 vart William Thomas Berry fødd i Bob Dylan si fødeby, Duluth i Minnesota. Trommeslagaren Bill Berry var ein av grunnleggjarane av R.E.M., men hoppa av musikarkarrieren i 1997 for å trekke seg tilbake på den amerikanske landsbygda og drive berekraftig og økologisk landbruk, dristig val. I mi platehylle kan Berry høyrast på så mange som sju av totalt ni titlar med R.E.M., studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994) og New Adventures In Hi-Fi (1996), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Berry er også kreditert for å spele for den avdøyde musikarfavoritten Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987.

Andre jubilantar
Hugh McDonald (1951)
Daniel Ash (1957)
Norman Cock (1963)
Harri Mänty (1971)
John 5 (1971)
Will Champion (1978)
Øyvind Storli Hoel (1984)

04.08.2018

Trettiande juli

I 1958 vart Catherine Bush fødd i Kent i England. Kate Bush er vedunderbarnet som fekk platekontrakt som sekstenåring og som har gjeve oss kvalitetspop med ujamne mellomrom sidan. Mi platehylle inneheld den andre studioplata, Lionheart, frå 1978. I mi platesamling kan Bush også høyrast som hjelpevokalist på Big Country si plate The Seer frå 1986.

Andre jubilantar
David Sanborn (1945)
Jeffrey Hammond (1946)
Craig Gannon (1966)
Sean Moore (1968)
Dave Eringa (1971)
Seth Avett (1980)

Tjueniande juli

I 1953 kom Gary Lee Weinrib til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Geddy Lee er bassist, songar og tangentmann i det kanadiske bandet Rush, som sidan tidleg på syttitalet har berika verda med ei rekkje plater av særs høg kvalitet. Hjå med kan Lee høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987).

Andre jubilantar
Claudio Fabi (1940)
Mike Garson (1945)
Bryn Haworth (1948)
Joel Derouin (1956)
Martin McCarrick (1962)

03.08.2018

Tjueåttande juli

I 1943 vart Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Mike Blomfield landa på ein respektabel tjueandreplass på renommerte Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965, han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. Bloomfield døyde i 1981.

Andre jubilantar
Ray Ellis (1923-2008)
Simon Pico Payne (1925-2002)
Buddy Spicher (1938)
Richard Wright (1943-2008)
Bobby King (1948)
Christopher Ward (1949)
Simon Kirke (1949)
Roy Rogers (1950)
T.M. Stevens (1953)
Ray Vega (1961)
Nick Banks (1965)
Pascal Kravetz (1970)
Frost (1979)

Tjuesjuande juli

I 1949 kom Roderick Macdonald til verda i Dornoch i Skotland. Bassisten Rory Macdonald var med å grunnleggje Runrig i 1973 og er ein sentral låtskrivar som hjå meg kan høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988.

Andre jubilantar
Andy White (1930-2015)
Tris Imboden (1951)
Probyn Gregory (1957)
Conway Savage (1960)
Karl Mueller (1963)
Juliana Hetfield (1967)
Thomas Seltzer (1969)

Tjuesjette juli

I 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard. Jagger er også kjend for fleire forhold til profilerte fotomodellar, noko som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står, i tillegg til den obligatoriske Stones-plata Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993), ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. Jagger er også kreditert for vokalhjelp på Living Colour si studioplate Time’s Up (1990), utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon (1975), og han syng duett med reggealegenda Peter Tosh på songen (You Gotta Walk) Don’t Look Back, som du finn på samleplatene The Thougest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999).

Andre jubilantar
Casey Jones (1939)
Alan Parker (1944)
Maureen Tucker (1944)
Roger Taylor (1949)
Jim Lindberg (1965)

Tjuefemte juli

I 1946 vart Alpharita Constatina Anderson fødd i Sanitago de Cuba på Cuba. Rita Marley voks opp på Jamaica og hadde ei sjølvstendig karriere som songerinne før ho gifta seg med Bob Marley i 1966, seinare ofra ho seg som bakgrunnssongerinne og mor til fire av Bob Marley sine barn. Hjå meg kan Rita Marley høyrast som bakgrunnsvokal på Bob Marley sine samleplater Legend (1984), His 24 Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers (2001). Marley er også kreditert for å synge på sonen Ziggy Marley & The Melody Makers si studioplate One Bright Day (1989), i tillegg til Peter Tosh si samleplate The Best Of Peter Tosh frå 1999.

Andre jubilantar
Mark Clarke (1950)
Svein Olav Blindheim (1954)
Scott Mathews (1955)
Thurston Moore (1958)
Peter Korhornen (1960)
Brian Blade jr. (1970)
Richard Colburn (1970)
Dani Filth (1973)
Timo Räisänen (1973)

02.08.2018

Tjuefjerde juli

I 1951 vart Lynval Golding fødd i Saint Catherine på reggeaøya Jamaica. Gitaristen Golding har ei fortid i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på deira debutalbum The Specials frå 1979, i tillegg til ein gjesteopptreden på Rancid si plate Live Won’t Wait frå 1998.

Andre jubilantar
Garry Shider (1953-2010)
Jon Faddis (1953)
Jem Finer (1955)
Jarle Farestveit (1956)
Wattie Buchan (1957)
Mick Karn (1958-2001)
Toshinobu Kubota (1962)

Tjuetredje juli

I 1943 kom Tony Joe White til verda i Oak Grove i Louisiana. Tony Joe White er ein av landevegens cowboyar, som har levert sterke plater jamnt og trutt sidan sekstitalet, og oppnådd fortend status som musikkarfavoritt. Salstala har nok ikkje alltid vore slik White skulle håpe på, men det er grunn til å tru at han var meir enn fornøgd med salstala til Tina Turner, som hadde ein kjempehit med White sin song Steamy Window på plata Foreign Affair frå 1989. I mi platehylle finn du White si soloplate Closer To The Truth, han yt også sitt bidrag til mi platehylle som gitarist på den ovanfornemnde Tina Turner-plata.

Andre jubilantar
Alf Prøysen (1914-1970)
Richie Kamucha (1930-1977)
Andy McKay (1946)
Bland Simpson (1950)
Janis Siegel (1952)
Alan Barnes (1959)
Martin Gore (1961)
Tim Kellett (1964)
Slash (1965)
Titiyo Jah (1967)
Nick Menza (1968-2016)
Alison Krauss (1971)
Fran Healy (1973)

01.08.2018

Tjueandre juli

I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på samleplata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985.

Andre jubilantar
Bill Perkins (1923-2003)
Ray Pohlman (1930-1990)
Tommy Thompson (1937-2003)
Rick Davies (1944)
Don Henley (1947)
Richard Bennett (1951)
Mick Pointer (1956)
Rufus Wainwright (1973)

Tjuefyrste juli

I 1953 vart Eric M. Bazilian fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Multiinstrumentalisten Bazilian er beste kjend som medlem av The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I tillegg kan Bazilian sitt gitarspel høyrast på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline (1993), Alannah Myles si plate Arrival (1998), samt Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006.

Andre jubilantar
Sara Carter (1898-1979)
Plas Johnson (1931)
Gunnar Ljungstedt (1952)
Howie Epstein (1955-2003)
Jim Martin (1961)
Ben Matthews (1963)
Charlotte Gainsbourg (1971)
Sveinung Sundli (1979)