03.06.2018

Tjueniande mai

I 1949 var det jubel i familien Rossi i London, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarrièra si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker, avdøyde Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. Hjå meg kan Rossi høyrast på studioplata Rock ‘Till You Drop (1991), konsertplata Live Alive Quo (1992), samt samleplatene 12 Gold Bars I (1980) og 12 Gold Bars II (1984).

Andre jubilantar
Wayne Wallace (1952)
Pandit Dinesh (1955)
Jesse Johnson (1960)
Mel Gaynor (1960)
John Miceli (1961)
Melissa Etheridge (1961)
Blaze Bayley (1963)
Noel Gallagher (1967)
Simon Jones (1972)

Tjueåttande mai

I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley i California. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. Hjå meg finn du den høgst uoffisielle samleplata The Complete Hit Album vol 1 (1990).

Andre jubilantar
Bill Walker (1927)
Gladys Knight (1944)
Leland Sklar (1947)
Wendy O'Williams (1949-1998)
Richard Niles (1951)
Jerry Douglas (1956)
Roland Gift (1961)
Mark Richardson (1970)
Sami Sirviö (1970)
Harry Sommerdahl (1973)

Tjuesjuande mai

I 1957 kom Susan Janet Ballion til verda i swinging London. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater, hatt fleire gode listeplasseringar, og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986.

Andre jubilantar
Budd Shank (1926-2009)
Pete Sears (1948)
Eddie Harsh (1957)
Neil Finn (1958)
Roger Joseph Manning jr. (1966)
Sean Kinning (1966)
André 3000 (1975)
Sturla Eide (1975)

Tjuesjette mai

I 1926 vart Miles Dewey Davis III fødd i Alton i Illinois. Jazztrompetisten Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på ni av desse, Birth Of The Cool (1957), Kind Of Blue (1959), Someday My Prince Will Come (1961), In A Scilent Way (1969), Bitches Brew (1970), Waterbabies (1976), Decoy (1984), Tutu (1986), Amandla (1989) og Biography The Very Best Of Miles Davis. Miles Davis døyde i 1991.

Andre jubilantar
Sivuca (1930-2006)
Levon Helm (1940-2012)
Verden Allen (1944)
Mick Ronson (1946-1993)
Stevie Nicks (1948)
Hank Williams jr (1949)
David Torn (1953)
Richard Sohl (1953)
Åsa Stove Paulsson (1962)
Lenny Kravitz (1964)
Rita Eriksen (1966)
Chris Feinstein (1967-2009)
Alan White (1972)
Lauryn Hill (1975)

Tjuefemte mai

I 1948 vart Klaus Meine fødd i tyske Hannover. Meine er den nasale songaren i Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng lead vocals på samtlege av platene bandet har slept. Hjå meg kan Meine si lett gjenkjennelege røyst høyrast på studioplata Crazy World frå 1990.

Andre jubilantar
Gary Foster (1936)
Tom T. Hall (1936)
Jimmy Capps (1939)
Phil Ranelin (1939)
Jessie Colter (1943)
Steve Ferrone (1950)
Gunnar Låstad (1955)
Cindy Cashdollar (1956)
Paul Weller (1958)
Simon Fowler (1965)
Marion Ravn (1984)

Tjuefjerde mai

I 1928 kom Max Bennett til verda i Des Moines i Iowa. Bassisten Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar for Ry Cooder på den sjølvtitulerte debutplata hans frå 1970, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på plata Hejira, som var Joni Mitchell sitt bidrag til populærkulturen i 1976 og var hennar åttande studioplate.

Andre jubilantar
Bob Dylan (1941)
Waddy Wachtel (1947)
Rosanne Cash (1955)
Guy Fletcher (1960)
Jay Bennett (1963-2009)
Rich Robinson (1969)

Tjuetredje mai

I 1925 kom Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Bluegrassartisten Mac Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash si plate American V: A Hundred Highways frå 2006.

Andre jubilantar
Raymond Fulwood (1944)
Patric Djivas (1947)
Rick Fenn (1953)
Simon Gilbert (1965)
Phil Selway (1967)
Emperor Magus Caligula (1973)
Richard Jones (1974)

Tjueandre mai

I 1959 kom Steven Patric Morrisey til verda i engelske Davyhulme, nær Manchester. Den millitante veganaren og dyrevernaren Morrisey er kjend som ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar og er, kan hende, like kjend for kontroversielle utsegn om dyrevelferd som for musikken sin. Verda sitt fyrste møte med Morrisey kom då han spela saman med supergitaristen Johnny Marr i The Smiths, seinare har han pleia ei solokarriere med ein liten, men ganske så trufast fanskare, dei fleste overlevande frå The Smiths-tida. Mi platehylle byr på The Smiths sine studioplater Meat Is Murder frå 1985, og Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987, i tillegg til tre av Morrisey sine soloplater, studioplatene Viva Hate (1988) og You Are The Quarry (2004), samt samleplata The World Of Morrisey (1995).

Andre jubilantar
Barry Rogers (1935-1991)
Calvin Symon (1972)
Tom Harry Halvorsen (1950)
Jerry Dammers (1955)
Natasha Shneider (1956-2008)
Anne Grete Preus (1957)
Lisa DalBello (1958)
Dan Roberts (1969)

Tjuefyrste mai

I 1954 vart Marc Ribot fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Gitaristen Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på dei to studioplatene Rain Dogs (1985) og Mule Variations frå 1999.

Andre jubilantar
Bill Barber (1920-2007)
Tony Sheridan (1940-2013)
Ronald Isley (1941)
Louis Johnson (1955-2015)
Stan Lynch (1955)
Kevin Shields (1963)
Pete Sandoval (1963)
Sally Boyden (1966)

Tjuande mai

I 1944 kom John Robert Cocker til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du Cocker si tredje studioplate, Something To Say frå 1972, konsertplata med den informative titelen Joe Cocker-Live (1990) og studioplata Across From Midnight frå 1997. Cocker døyde i 2014.

Andre jubilantar
Frode Thingnæs (1940-2012)
Cher (1946)
Warren Cann (1950)
Guy Hoffman (1954)
Steve George (1955)
Tyrone Downie (1956)
Øyvind Staveland (1960)
Patti Russo (1964)
Joey Waronker (1969)
Busta Rhymes (1972)

02.06.2018

Nittande mai

I 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townshend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy (1969) og Who’s Next (1971) om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One (1966), med meir, fungerer greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. Townhend sitt giarspel kan i mi platehylle også høyrast på samleplatene Who Are You (1978), The Kids Are Alright (1979) og My Generatio – The Very Best Of The Who (1996).

Andre jubilantar
Bobby Dyson (1934-1997)
Chip Young (1934-2014)
Herbie Flowers (1938)
John Sheahan (1939)
Paul Brady (1947)
Tom Scott (1948)
Grace Jones (1949)
Dusty Hill (1949)
Stephen A. Love (1950)
Joey Ramone (1951-2001)
Roddy Lorimer (1953)
Phil Rudd (1954)
Webb Vilder (1954)
Boz Borer (1962)
Jesse Peretz (1968)
Stuart Cable (1970-2010)
Geir Zahl (1975)

01.06.2018

Attande mai

I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i Perivale i Middlesex. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Allsidige Wakeman er ein av dei musikarane som har delteke på flest listeplasseringar i England, og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på David Bowie si andre studioplate, Space Oddity frå 1969, han har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band, der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977.

Andre jubilantar
Kai Winding (1922-1983)
Albert Hammond (1944)
Walter Hawkins (1949
Reinhold Heil (1954)
Björn Tollin (1955)
Kjetil Bjerkestrand (1955)
Jim Mogine (1956)
Russel Senior (1961)
Stig Pedersen (1965)
Martin Duffy (1967)