12.06.2017
Tolvte juni
Tolvte juni 1937 kom Lincoln Wayne Moman til verda i La Grange i Georgia. Plateprodusenten Chips Moman har vore i kontrollrommet under innspelingar med Elvis Presley og Bobby Womack, hjå meg kan han høyrast medan han spelar gitar for Aretha Franklin på utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. I 1941 vart Armando Anthony Corea fødd i Chelsea i Massachusetts. Pianisten og jazzlegenda Chick Corea er kjend som orkesterleiar og som ein av føregangsmennen innan elektrifiseringa av jazzen. I mi platesamling Corea høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplatene In A Silent Way (1969), og Bitches Brew (1970), samt på utvalde spor på samleplata Water Babies frå 1976. I bydelen Brooklyn New York City kom Marvin Phillip Aufrichtig til verda. Sportsankeret Marv Albert kan i mi platehylle høyrast medan han parodierar seg sjølv på eit spor på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1944 kom Reginald Maurice Ball til verda i engelske Andover. Reg Presley var vokalist i The Troggs og kan i mi platehylle nytast på ei uoffisiell samleplate oppkalla etter bandet sin største slager, Wild Thing. Presley døyde i 2013. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda i engelske Willington. Multiinstrumentalisten John Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men har også vore innom Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Wetton kan også høyrast som bassist i Uriah Heep på studioplatene Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som kom på marknaden i 1991. Wetton døyde i 2017. I 1951 kom Brad Carlson til verda i Rockford i Illinois. Trommeslagar Bun E. Carlos har hatt levebrødet sitt i det fantastiske rockebandet Cheap Trick sidan starten, men grunna ryggproblem turnerar han for tida lite med bandet, sjølv om han framleis vert rekna som fullverdig medlem. Hjå meg kan Carlos sitt trommespel høyrast på studioplata Latest (2009), konsertplata At Budokan (1978), samt den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet. I 2014 bydde Bergenfest på regnfylt konsert med punklegendene Blondie, ein våt fornøyelse som var verdt kvar ei krone, og som viste ei aldrande Debbie Harry i overraskande storform. Hitparaden bydde på ein artig cover av Beastie Boys sin slager Fight For Your Righ. Også Audrey Horne stod på scenen denne kvelden. Dette var bandet sin fyrste opptreden på festivalen som er for heimebane å rekne og etter det vi fekk sjå må arrangørane vere gale om dei ikkje inviterar dei lokale metall-stjernene attende snarast. Diverre døyde Little Jimmy Scott denne dagen.
11.06.2017
Ellevte juni
Ellevte juni 1920 vart Sheldon Manne fødd i New York City. Jazztrommisen Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og hjå meg kan han høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992, og Tom Waits si studioplate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom Bob Gordon til verda i St. Louis i Missouri. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 som byr på Bob Gordon sitt elegante saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1939 vart Bernard Lee Purdie fødd i Elkton i Maryland. Trommisen Bernard «Pretty» Purdie er ein ettertrakta studiomusikar som i mi platehylle kan høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, og på utvalde spor på James Brown si posthume samleplate The Godfather Of Soul (1998), og The Greatest Hits, som buet etter Nina Simone slepte i 2003. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd i Frankston i skytegale Texas. Trommeslagaren Frank Beard har livnært seg ved å halde takten i den Texas-baserte bluesrocktrioen ZZ Top sidan byrjinga av bandet si karriere, og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet han er utstyrt med, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. Beard held i mi platehylle takten på platene Fandango (1975), og Recycler (1990), samt samleplata Viva Las Vegas (1997), så langt, more to come. I 1953 kom Mark Nauseef til verda i Cortland i den amerikanske delstaten New York. Trommeslgaren Nauseef har ei fortid i Elf og Ian Gilland Band, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på sporet Gino på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom Barry Adamson til verda i engelske Manchester. Bassisten Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er det bidraget han har ytt til mi platehylle under eige namn. Ettertrakta Adamson har i tillegg arbeida med verdsstjernene i Depeche Mode og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Buzzcocks på samleplata Singles Going Steady, med australske The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i engelske Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s, og kan i mi platehylle høyrast på den kritikarroste plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1961 kom Robert Charles Birch til verda i engelske Ruddington. Rob Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1963 vart Hans Olav Sola Jonsen fødd. Trommeslagaren Sola Jonsen held stødig takt for DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1969 vart Steven Gregory Drozd fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Multiinstrumentalisten Steven Drozd fekk jobben som trommeslagar i The Flaming Lips i 1991, men har i dag overtatt jobben som gitarist i same bandet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på studioplata At War With The Mystics frå 2006. I 1974 kom Frode Jacobsen til verda på hurtigrutestoppet Stokmarknes. Bassisten Jacobsen er ein av grunnleggjarane av Madrugada og kan i mi platehylle høyrast på platene Industrial Scilence (1989), The Nightly Disease, Grit (2002) og The Deep End, samt konsertplata Live At Trafalmadore. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.
10.06.2017
Tiande juni
Tiande juni 1910 kom Chester Arthur Burnett til verda i White Station i Mississippi. Howlin’ Wolf slo gjennom som førtieinåring i 1951 og vart gjennom ein kort og hektisk karriere ein av dei mektigaste røystene i rocken si soge. Hjå meg kan Wolf høyrast på samleplata Moanin’ At Midnight – 20 Blues Classics der han ular seg gjennom det meste av det beste han slepte gjennom karriera si. Howlin’ Wolf døyde i 1976. I 1956 vart Michael Timmothy Curry fødd i New Haven i Connecticut. Trommeslagaren Mickey Curry er best kjend for å ha samarbeida med Bryan Adams i ei årrekkje og kan hørast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Curry er også kreditert for å spele trommer på eit spor på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985, og på eit spor på Blondie-vokalist Debbie Harry si soloplate Rockbird frå 1986. I 1958 stod Elvis Presley i studio og song inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompagnementet var ved The Jordanaires. Dagen bydde også på plateslepp frå «The King», platekjøparane kunne høyre Elvis Presley syngje om ei som vist nok var ei Hard Headed Woman. Songen var henta frå filmen King Creole og klatra heilt til fyrsteplassen på listene i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1961 vart Max Alfred Elliot fødd i London. Songaren Maxi Priest sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Set The Night To Music, som kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. I Dayton i Ohio kom Kimberley Ann Deal til verda. Bassisten Kim Deal var lenge sentral i undergrunnsbandet The Pixies, men har i dag sagt takk for seg i bandet. Deal har også pleia eiga karriere i The Breaders, samt kjempa med eit formidabelt rusproblem. Deal sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på The Pixies sine studioplater Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1964 kom den amerikanske trommeslagaren James Joseph Chamberlin til verda i Joliet i Illinos. Jimmy Chamberlin har vore av og på trommeslagar for The Smashing Pumpkins og kan i mi platehylle høyrast bandet sine studioplater Gish (1991), Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995), Machina/The Machines Of God (2000) og Zeitgeist (2007). I 1965 vart Joseph Alberto Santiago fødd i Manilla på Filippinane. Gitaristen Joey Santiago spelte tidlegare i The Pixies og kan hjå meg høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1971 vart Erik Rutan fødd i New Jersey. Rutan kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for death metallbandet Morbid Angel på plata Domination frå 1995. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1985 slepte R.E.M. plata Fables Of The Reconstruction. I 1986 starta AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på DVD’en Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide The Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo. I 2002 slepte Mark E. Smith og bandet hans, The Fall, plata 2G+2, som er ei samleplate med blanding av studioinnspelingar og konsertmateriale frå USA-turneen året før. I 2004 døyde Graeme Kelling. I 2009 døyde Barry Beckett. I 2012 var det Motörheadkveld i Peer Gynt Salen i Grieghallen i Bergen, ekstase.
09.06.2017
Niande juni
Niande juni 1928 kom Sheldon Kurland til verda i bydelen Brooklyn i New York City. Felespelande Shelly Kurland har stått for strengearrangement for eit utal countryartistar på Nashville-scena og er i mi platehylle kreditert for diverse strengespel på Neil Young si studioplate Comes A Time frå 1978, samt utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999. Kurland døyde i 2010. I 1941 vart Jonathan Douglas Lord fødd i engelske Leicester. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), Come Taste The Band (1975) og Perfect Stranger (1984), i tillegg til samleplata Power House frå 1977, og konsertplata Nobody’s Perfect frå 1987. Lord døyde i 2012. I 1947 vart Michael Frederic Box fødd i Walthamstov aust i London. Gitaristen Mick Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman, Uriah Heep, og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. Sjølv var eg blant dei utvalde som fekk høyre Box i storform saman med resten av bandet på Maxime i Bergen i 1989. Hjå meg kan du høyre Box på så mange som ti ulike studioplater med det best og viktigaste Uriah Heep har gjort. Lista tel studioplatene Very ‘Eavy Very ‘Umble (1970), Look At Yourself (1971), Salisbury (1971), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976), Fallen Angel (1978), Abiminog (1982) og Raging Silence (1989), samt samleplata Echoes In The Dark, frå 1991. I 1949 kom Andrew Francis Kenneth Monkman til verda i London. Francis Monkman spelar Hammond Orgel for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder vart fødd i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull, og er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep, der han i si tid erstatta John Wetton. Bolder kan hjå meg høyrast på platene Fallen Angel, frå 1978 og Raging Silence frå 1989, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark (1991). Bolder si merittliste omfattar også spel med bysbarnet Mick Ronson. Dei spelte saman i bandet The Rats, noko som leia til at Bolder var eit naturleg val då bassen skulle trakterast på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet. Desse platene står alle høgt på ynskjelista mi. Bolder døyde i 2013. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Pete Gill har traktert trommene for fleire store engelske band, som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel frå 1980. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er i tillegg kreditert for fleire spor på samleplatene No Remorse frå 1984 og From The Vaults (1990). I Los Angeles i California kom James Newton Howard til verda. Hjå meg høyrest Howard sitt tangetspel på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, og på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1963 vart Gilad Atzmon fødd i den israelske hovudstaden Tel Aviv. Saxofonisten Atzmon kan hjå meg høyrast på Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I Owensboro i Kentucky kom John Christopher Depp II til verda. Skodespelaren Johnny Depp er best kjend for å utøve yrket sitt, men hjå meg kan han høyrast medan han lagar rare gitarlydar på eitt spor Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995, og på like mange spor på Oasis si plate Be Here Now frå 1997. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta fleire Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1981 kom Anoushka Shankar til verda i London. Sitarspelande Shankar er dotter av den avdøyde sitarlegenda Ravi Shankar og kan i mi platehylle høyrast medan ha trakterar sitar på eitt spor på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i The Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode konsertplata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo si fjerde studioplate Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, med andre ord mykje bra musikk for pengane. I 2003 slepte Radiohead si sjette studioplate Hail To The Thief. I 2015 døyde James Last.
08.06.2017
Åttande juni
Åttande juni 1944 kom William Royce Scaggs til verda i Canton i Ohio. Boz Scaggs har gjennom åra servert ei rekkje solide plater som har markert seg på salslistene verda over, både som soloartist og som medlem av Steve Miller Band. Scaggs sitt bidrag til mi platehylle heiter Dig og kom på marknaden i 2001. I 1952 kom Jeff Rich til verda i London. Trommeslagaren Rich held til vanleg den stødige takten for boogierocklegendene Status Quo og mi platehylle byr på trommespelet hans på studioplata Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1953 kom trivselfylket Sogn Og Fjordane sitt fremste musikalske bidrag til verda i saftbygda Sogndal. Bartekongen Olav Stedje har herja listene på Norsktoppen med fleire elegante popsongar og har i tillegg spela til dans over store delar av landet. Mi platehylle byr på samlinga 21 Beste som kom ut på plateselskapet Tylden i 1998. I 1956 vart Stephen Martin Walwyn fødd i engelske Southam. Steve Walwyn har vore sjefsgitarist i Dr. Feelgood frå 1989 og kan hjå meg høyrast på plata Primo frå 1991. I 1960 kom Michael Hucknall til verda i Denton nordvest England. Mick Hucknall var songar i bandet Simply Red frå byrjinga og fram til dei sa takk for seg i 2009. Hjå meg kan Hucknall høyrast på bandet si fjerde studioplate Stars frå 1991, i tillegg til at han kan høyrast i samarbeid med Tom Jones på eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1962 vart Nicholas James Bates fødd i den engelske industribyen Birmingham. I hine hårde dagar spelte Nick Rodes keyboard i Duran Duran, men hjå meg kan han høyrast på The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 slepte Bob Dylan si tiande studioplate, Self Portrait. I 1979 slepte The Who samleplata The Kids Are Allright, som var musikk til ein dokumentarfilm om bandet og hadde med musikk frå heile karrieren. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1987 hoppa trommisen Yogi Horton ut frå syttande etasje av Dumont Hotel i New York City og ein taktfastt karriere, med spel for mellom anna Luther Vandross og Aretha Franklin, var over. Hjå meg kan Horton sitt trommespel høyrast på Aretha Franklin si plate Aretha (1986), og Blondie-vokalist Debbie Harry si soloplate Rockbird (1986). I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Frå denne plata kan Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Også Faith No More nytta dagen til å gje ut plate på denne dagen, den fekk tittelen Angel Dust og var gruppa si fjerde studioplate. I 1993 gav Urge Overkill ut si fjerde studioplate Saturation. I 1999 slepte Red Hot Chili Peppers studioplata Californication. I 2004 platedebuterte supergruppa Velvet Revolver med plata Contraband. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine skjøre trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekevis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise. I 2011 døyde Alan Rubin.
07.06.2017
Sjuande juni
Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Treforest i det kongelause monarkiet Wales. Sir Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload frå 1999 og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom Jonathan Clegg til verda i engelske Bacup i Lancashire. Den sørafrikanske artisten Johnny Clegg er i mi platesamling ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld platene Grafitti Bridge (1990), The Gold Experience frå 1995, og Musicology, som kom på marknaden i 2004. Prince er også kreditert for å syngje bakgrunnsvokal og spele keyboards på eitt spor på No Doubt si studioplate Rock Steady frå 2001. Prince døyde i 2016. I 1959 vart Esther Lene Ridgeway fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Songerinna Esther Ridgeway danna i barneåra vokalgruppa Ridgeway Sisters, saman med systrene Gracie og Gloria, og song innom ei rekkje sjangrar. I mi platehylle er Ridgeway kreditert for å syngje bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1986. Ridgeway døyde i 2003. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window, som du finn på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1961 vart David Catching fødd i Memphis i Tennessee. Gitaristen Dave Catching kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar for Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabiez To Paralyze frå 2005. I 1963 kom Gordon Gano til verda i ølbyen Milwaukee i Wisconsin. Gano var den kreative krafta i Violent Femmes og med gitaren i handa leia han an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. Hjå meg kan Gano høyrast på studioplatene The Blind Leading The Naked (1986), 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up (1993). I 1967 vart David Michael Navarro fødd i badebyen Santa Monica i California på den amerikanske stillehavskysten. Dave Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og hjå meg kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Navarro kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995, og på songen You Oughta Know frå Alanis Morissette si plate Jagged Little Pill, også den frå 1995. Som om det ikkje var nok, kan Navarro sin gitarlyd også høyrast på songen I Don’t Like The Drugs (But The Drugs Like Me) på Marilyn Manson si plate Mechanical Animals frå 1998. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som så langt er NIN sitt bidrag til mi samling. I New York var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio, med seg i studio denne tidlege sommerdagen hadde han musikarane Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams. Saman spela dette elitelaget inn songen Water Babies, som vart gjeven ut på plata med same namn i 1976. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 1993 slepte Tears For Fears plata Elemental. Dette var den fjerde studioplata med bandnamnet, men etter som Curt Smith hadde forlete duoen er ho i røynda eit soloprosjekt i regi av Roland Orzabal. I 2004 slepte The Killers si debutplate, Hot Fuss. I 2009 døyde Kenny Rankin.
06.06.2017
Sjette juni
Sjette juni 1946 vart Anthony Frederick Levine fødd i Boston i Massachusetts. Bassisten Tony Levine er best kjend for å spele i King Crimson, i mi platehylle kan han høyrast medan han yt sitt bidrag til musikksoga på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985, på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Levine er også kreditert for basspel på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, og på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1959 kom James Samuel Harris III til verda i Minneapolis i Minnesota. Nevenyttige Jimmy Jam spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med diverse perkusjon, gitar og vokalarbeid på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989, i tillegg til at han er kreditert for å spele bass på eit spor på Gwen Stefani si plate Love Music Angel Baby frå 2004. I 1960 vart Steven Siro Vai fødd i Carle Place i delstaten New York. Gitargeniet Steve Vai har seld millionar av plater på eiga hand, hjå meg kan han høyrast på soloplata Passion And Warfare, samt medan han spelar på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du Araya sitt arbeid på studioplata Christ Illution (2010), samt den doble konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kreditert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart Jay Dee Bently fødd i Wichita i Kansas. Bassisten Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1970 kom James Christian Shaffer til verda i Rosedale i California. Gitaristen Munky har vore med i Korn sidan starten i 1993 og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtitulerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1979 vart Idar Burheim fødd. Burheim nyttar artistnamnet Archaon når han spelar gitar i 1349, som hjå meg kan høyrast på bandet si femte studioplate Demonoir frå 2010. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.
05.06.2017
Femte juni
Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i idylliske New Haven i Connecticut. Pianisten Pete Jolly kan du høyre om du følgjer med på fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle kan du nyte pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom Michael Davis til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Bassisten Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5 på bandet si andre studioplate Back In The USA frå 1970. Davis døyde i 2012. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis i Missouri. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf der røysta henner hjå meg kan høyrast på studioplatene Bat Out Of Hell frå 1977, og Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), samt samleplata Hits Out Of Hell frå 1984. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si konsertplate Welcome To The Club frå 1980, og for The Clash på studioplata Combat Rock, som kom på marknaden i 1982. I 1952 kom Michael Henry McBrain til verda i ein av London sine austlege bydelar. Trommisen Nicko McBrain var innom Pat Travers og Trust før han slo seg saman med Iron Maiden i 1982. Hjå meg kan McBrain sitt arbeid høyrat på studioplatene Piece Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1998), No Prayer For The Dying (1990), Fear Of The Dark (1992), The X-Factor (1995), Virtual XI (1998), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo frå 2012. I 1957 vart John Fumo fødd i Kenosha i Wisconsin. Trompetisten Fumo kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988, samt på Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin song Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock. Songen enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som kom på marknaden i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 sa Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre solostudioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose narkotiske stoff. Også Curtis Amy sitt liv ebba ut denne dagen. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.
04.06.2017
Fjerde juni
Fjerde juni 1937 kom Baldemar Garza Huerta til verda i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Songaren Freddy Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikkar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, som hjå er samla på den høgs uoffisielle samleplata Wasted Days And Wasted Nights. Hjå meg kan Fender si røyst også høyrast medan han briljerar som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Tread, og på samleplata The Best Of Texas Tornados (1994). Fender døyde i 2006. I 1944 vart Roger Ball fødd i den skotske småbyen Brougthy Ferry. Ball spelte keyboard og saksofon i Average White Band fram til 1989 og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Average White Band. Ball er også kreditert for saksofonspel på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I Long Beach i California kom Holly Michelle Gilliam til verda. Songerinna Michelle Phillips gifta seg med John Phillips i 1962 og saman spelte og song dei i The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Phillips høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. I 1947 kom Toni Wine til verda i Washington Heights i New York City. Songerinna Wine har produsert solohits og filmmusikk på eiga hand, hjå meg høyrer du ho syngje hjelpevokal på Waylon Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977. I 1964 kom Chris Kavanagh til verda i London. Kavanagh var trommis i Sigue Sigue Sputnik, som freista å lure verda til å tru dei kom frå det ytre rom eller noko liknande. Hjå meg kan du høyre Kavanagh på plata Flaunt It frå 1986. I 1969 slepte Johnny Cash konsertplata Live At San Quentin, som vart spela inn i fengselet med same namn tjuefjerde februar same år. I 1971 kom Anthony McCarroll til verda i engelske Manchester. Trommisen Tony McCarroll var den fyrste som sleit på trommestolen i Oasis og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Definitely Maybe frå 1994, i tillegg til eit spor på den neste plata (What’s The Story) Morning Glory (1995). I 1972 kom Mikael Jorgensen til verda. Den norskætta tangentmannen Jorgensen slo seg saman med Wilco før innspelinga av bandet si sjette studioplate, A Ghost Is Born, som kom på markanden i 2004, og dette er hans bidrag til mi platehylle. I 1974 vart Stefan Kahil Lessard fødd i Anaheim i California. Bassisten Stefan Lessard spelar til dagleg i Dave Matthews Band og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1975 kom Julian Richardo Marley til verda i London. Rastafarien Julian Marley er son av meir meritterte Bob Marley og har si eiga musikkarriere. Hjå meg kan Marley høyrast med gitarspel på eit av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1983 vart Motörhead si konsertplate Another Perfect Day lansert for platekjøparane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld. I 1994 døyde Derek Leckenby. I 1996 slepte Metallica plata Load, dette var bandet si sjette plate og har selt i meir enn fem millionar eksemplar. I 1997 døyde Ronnie Lane, og same dag vart liket av Jeff Buckley, som drukna nesten ei veke tidlegare, funne i Wolf River. I 2002 platedebuterte Avril Lavigne med Let Go. I 2007 slepte The Clash samleplata The Singles, som inneheld det meste av det best frå Strummer & Co.
03.06.2017
Tredje juni
Tredje juni 1926 vart Allen Ginsberg fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Beatpoeten Allen Ginsberg sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på The Clash si plate Combat Rock frå 1982, der han er kreditert for bakgrunnsvokal på songen Ghetto Defendant. Ginsberg døyde i 1997. I 1927 kom Homer Louis Randolph III til verda i Paducah i Kentucky. Saksofonisten Boots Randolph var mannen som spelte kjenningsmelodien til Benny Hill Show, og kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. Randolph er også kreditert for saksofonspel på utvalde spor på samleplata Elvis 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. Randolph døyde i 2007. I 1939 vart Ian Hunter Patterson fødd i Oswestry i engelske Shropshire. Ian Hunter var vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, i tillegg til at han har gjeve ut ei rekkje soloplater av høg kvalitet. I tillegg til eiga musikarkarriere, har Hunter produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var konsertversjonen av Irene Wild frå konsertplata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta, og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. Hjå meg høyrer du Ian Hunter på Mott The Hoople sine plater Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tillegg til soloplatene Ian Hunter (1975) og All American Alien Boy (1976), samleplatene Shades Of Ian Hunter og The Very Best Of Ian Hunter, og konsertplata Welcome To The Club (1980). I 1946 kom Michael James Dick til verda i Spokane i Washington. Trommeslagaren Michael Clarke er best kjend for arbeidet han gjorde med The Byrds, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clarke døyde av ei stadig skrumpande lever i 1993. I 1950 kom Susan Kay Quatro til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit ved Lake Michigan sine bredder. Suzi Quatro har utvilsamt vore med å forme mitt forhold til både lærkledde damer og kvinnelege bassistar, og eg er framleis vonbroten av at ho valgte å legge musikken på hylla for ei skodespelarkarriere. Heime hjå meg er dei største slagarane Quatro produserte på syttitalet samla på samleplata The Wild One The Greatest Hits frå 1990. Trommeslagaren Knut Helge Køningsberg kom også til verda denne dagen. Køningsberg heldt takten for Stavangerensemblet i deira mest blomstrande periode og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1952 vart William Norris Powell fødd i Corpus Christi i skytegale Texas. Tangentmannen Billy Powell slo seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i 1970 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. Powell døyde i 2009. I 1964 kom Kerry King til verda i storbyen Los Angeles i California. Gitaristen King var med å grunnleggje Slayer i 1981 og spelar med bandet framleis. Hjå meg kan King høyrast på studioplata Christ Illution (2010), i tillegg til den doble konsertplata Decade Of Aggression frå 1991. King kan også høyrast medan han spelar gitarsolo på songen No Sleep ‘Till Brooklyn på Beastie Boys si debutplate Licensed To Ill frå 1986, eit samarbeid som kom i stand fordi dei to banda nytta same produsent, nemleg Rick Rubin. I 1974 vart Kelly Jones fødd i walisiske Cwmaman. Wiskeyrøysta Jones er Stereophonics sin gitarist, låtskrivar og frontmann og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin slagar Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på marknaden i 1999. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas i den ugjestmilde Nevada-ørkenen. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1990 døyde Richard Sohl. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på. På vår kant av verda var det Bel Canto som stod for platesleppet denne dagen, deira bidrag fekk tittelen Birds Of Passage. I 2011 døyde Andrew Gold.
02.06.2017
Andre juni
Andre juni 1949 kom Tommy Mandel til verda i storbyen New York City. Tangentmannen Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Cindy Lauper, men er best kjend for å spele med Bryan Adams. I mi platesamling kan Mandel høyrast medan han spelar for sistnemnde på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Mandel er også med som ein del av Ian Hunter sitt band på konsertplata Welcome To The Club frå 1980, og på B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. Og som om det ikkje var nok, er det glitrande arbeidet hans kreditert som Polly Mandel på The Clash si femte studioplate, Combat Rock frå 1982. I 1951 vart David Flett fødd i den skotske hamnbyen Aberdeen. Gitaristen Dave Flett erstatta i si tid Gary Moore i Thin Lizzy, men er best kjend for å spele med Mannfred Mann’s Earth Band, og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Mannfred Mann’s Earth Band – Remastered frå 1999. I 1955 vart Michael Steele fødd. Bassisten Micki Steele har ei fortid i jentebandet The Runaways, men hjå meg kan ho høyrast som medlem av The Bangles på samleplata Greatest Hits. I 1962 kom Ian Shaw fødd i walisiske St. Asaph. Songaren og komikaren Shaw sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Yello si åttande studioplate Zebra frå 1994. I 1970 kom Louis Freese til verda i South Gate i California. Rapartisten B-Real sitt bidrag til mi platehylle høyrer du som hjelpevokal på Rage Against The Machine si plate Renegades frå 2000. I 1975 kom allsidige Aimee Springer til verda. Zia McCabe spelar bass, keyboard og trommer i The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen plassert i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1978 slepte Uriah Heep si tolvte studioplate, Fallen Angel. I 1980 vart Fabrizio Moretti fødd i den brasilianske storbyen Rio De Janeiro. Moretti er til daglig trommeslagar for The Strokes, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på bandet sine to fyrste studioplater, Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som vart deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtitulerte prosjektet Hallford.
01.06.2017
Fyrste juni
Fyrste juni 1924 vart Herbie Lovelle fødd i Brooklyn i New York City. Trommisen Herb Lovelle var aktiv sidan siste halvleik av førtitalet og handterte fleire sjangrar innom populærmusikken. Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på studioplata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Lovelle døyde i 2009. I 1926 kom Norma Jeane Mortenson til verda i Los Angeles i California. Modellen og skodespelarinna Marilyn Monroe tok verda med storm i tidene rundt slutten av andre verdskrigen og det heile toppa seg med rykta om ein romanse med president John F. Kennedy. Det er ikkje tvil om at det var modell- og skodespelarkarriera hennar som, med rette, har farga ettermælet hennar mest, men dama song også. Hjå meg finn du den sjarmerande, men ujamne samleplata Golden Hits. Marilyn Monroe døyde i 1962. I 1947 kom Ronald David Wood til verda i engelske Hillingdon. Den noverande Rolling Stones-gitaristen Ron Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones, som har lurt samleplata Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993) inn i mi platehylle. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling på studioplata Smiler frå 1974, og på samleplata The Mercury Anthology (1992). Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i den engelske universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. Hjå meg kan Robinson høyrast på den doble plata Cabaret ’79: Glad To Be Gay/The Last Tango. I 1953 vart Rob Walkenhors fødd i Norborn i Missouri. Gitaristen og songaren Walkenhorst er best kjend som frontman i The Rainmakers, som leverte eit par bra plater på overgangen mellom åtti- og nittitalet, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene The Rainmakers (1986), Tornado (1988) og The Good News And The Bad News (1989), i tillegg til konsertplata Oslo – Wichita Live (1990). Walkenhorst kan også høyrast på plata No Abandon (2009), som han slepte saman med Jeff Porter. I 1958 vart Michael Landau fødd i Los Angeles i California. Hjå meg høyrer du gitaristen Landau sitt arbeid på Miles Davis si plate Amandla frå 1989, plata Some People’s Lives, som var Bette Midler sitt bidrag til populærkulturen i 1990, Jagged Little Pill, som Alanis Morissette slepte i 1995, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1960 kom Simon Jonathon Gallup til verda i Surrey i England. Bassisten Simon Gallup slo seg saman med Robert Smith og The Cure i 1979 og er den av Smith sine disiplar som har holdt ut lengst i bandet. Hjå meg høyrer du Gallup på platen Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987, Disintegration (1989) og Wild Mood Swings, som kom på marknaden i 1996. I 1963 vart Michael Joyce fødd i engelske Fallowfield. Trommisen Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Meat Is Murder (1985) og Strangeways, Here We Come frå 1987, i tillegg til samleplata Louder Than Bombs frå 1987. I 1969 kom Damon Minchella til verda i engelske Ince-in-Makerfield, det ligg i Lancashire. Bassisten Minchella spelar til dagleg i The Players, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Dr. John (Anutha Zone, 1998) og Paul Weller (Studio 150, 2004). I 1974 kom Alanis Nadine Morissette til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Songerinna Alanis Morissette har seld meir enn seksti millionar plater verda over, og hausta sju Grammy-statuettar, vidare presentasjon er ikkje naudsynt. Hjå meg finn du studioplatene Jagged Little Pill (1995), Supposed Former Infatuation Junkie (1998), Under Rug Swept (2002) og So-Called Chaos (2004). I 1979 kom det offisielle lydsporet til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 vart Brandi Carlile fødd i Ravensdale i den amerikanske delstaten Washington. Den erklerte lesbiske folkrockaren Carlile syng bakgrunnsvokal for like lesbiske Melissa Etheridge på plata Lucky frå 2004. Same kveld var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1982 slepte The Clash singelen Rock The Casbah, som berre klatra til ein trettiandeplass på dei britiske singellistene. Ni år seinare, i 1991 vart singelen relansert, denne gongen med ein femtandeplass som høgaste plassering. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 1998 slepte Barry Adamson plata As Abowe So Below. I 1999 slepte dei svenske pønkarane i No Fun At All EPen Live In Tokyo, som var spela inn året før. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste konsertplata kom som jordbær på eit strå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)