12.01.2016

Tolvte januar

Tolvte januar 1944 vart John Henry Schroer fødd. Som medlem av The Caledonia Soul Orchestra spelte saksofonisten Jack Schroer på er rekkje av Van Morrison sine plater. Hjå meg kan Jack Schroer sitt saksofonspel høyrast på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone, som Van Morrison slepte i 1998. Schroer døyde i 1995. I 1946 kom George Duke til verda i San Rafael i California. Duke har skaffa seg sjølv eit namn som keyboardspelar i bandet til Frank Zappa, men i mi samling høyrer du han medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Miles Davis sine plater Tutu (1986), og Amandla frå 1989. Duke er i tillegg kreditert for å spele på plata Touch The World, som Earth Wind & Fire slepte i 1987, og på Queen Latifa si studioplate Travlin’ Light frå 2007. I 1948 vart Chris Michie fødd i Ithaca i New York. Gitaristen Michie er best kjend for arbeidet han gjorde med Van Morrison. Hjå meg kan Michie høyrast på Van Morrison si studioplate No Guru, No Method, No Teacher frå 1986, i tillegg til utvalde spor på samleplalta The Philosopher’s Stone frå 1998. Michie døyde i 2003. I 1950 kom Henryk Arkadiusz Lysniak til verda i Polen. Pianisten Henryk Lysniak hadde den prisløna karrieren sin i Noreg og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Trond Viggos Beste, som Trond Viggo Torgersen slepte i 1997. Lysniak døyde i 2005. I 1957 var Elvis Presley i studio for å spele inn All Shook Up. Musikken var ved The Jordanaires. I 1959 vart Hans Kristian Emmerich fødd i den vestlege delen av Berlin. Gitaristen og komponisten Blixa Bargeld er i mi platesamling representert som gitarist i The Bad Seeds, bandet som står for musikken når Nick Cave syng på platene From Here To Eternity frå 1984 og The Boatman’s Call frå 1997. I Halmstad kom Per Håkan Gessle til verda. Per Gessle har herja platelistene med både Gyllene Tider og Roxette og hjå meg kan han høyrast på sistnemde si plate Joyride frå 1991. I 1963 vart Guy Chambers fødd i London. Plateprodusenten Chambers er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på Robbie Williams si studioplate I’ve Been Expecting You frå 1998. I 1970 kom Zacarias Manuel de la Rocha til verda i Long Beach i California. Zack de la Rocha var fram til 2000 songar i no oppløyste Rage Against The Machine, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), i tillegg til konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003). I 1973 vart Matthew Wong fødd i Hilo på Hawaii. Bassisten Matt Wong var ein av grunnleggjarane av Reel Big Fish, men sa takk for seg i bandet i 2007. Hjå meg kan Wong sine musikalske bravadar høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1980 var det Labour Club i Hordon som fekk vitjing av gutane i Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls på plass i den californiske hovudstaden, Sacramento og spelte på Minimal. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Oden i Münster. I 1993 slepte Dennis Leary plata No Cure For Cancer, ei plate som er ein fin blanding av Stand-Up og studioinnspelingar. I 1999 bydde dagen på plateslepp frå The Black Crows og dagens gåve til folket hadde namnet By Your Side og var bandet si femte studioplate. I 2003 døyde Maurice Gibb.

11.01.2016

Ellevte januar

Ellevte januar 1934 kom Egil Johansen til verda i Oslo. Trommisten med tilnamnet Bop var ein prisløna percusjonist og kan hjå meg høyrast på The Brazz Brothers si fantastiske konsertplate AfroBrazz frå 1993, i tillegg til utvalde spor på samleplatene Guldkorn Från Master Cees Memoarer (1996) og Guldkorn (Samhällskritikern) (2001), begge i regi av Cornelis Vreeswijk sitt dødsbu. Johansen døyde i 1998. I 1942 vart Clarence Anicholas Clemons jr fødd i Norfolk County, seinare Chesapeak, i Virginia. Saksofonisten Clarence Clemons er beste kjend som ein del av Bruce Springsteen sitt E Street Band, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Carlene Carter på utvalde spor på den doble plata Two Sides To Every Woman/Musical Shapes (1979/1980). Clemons døyde i 2011. I 1955 vart Michael Thomas Cocks fødd i den australske storbyen Sydney. Gitaristen Mick Cocks er best kjend for arbeidet han gjorde med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Som så mange andre medlemmer av Rose Tattoo døyde Cocks av kreft, i Cocks sitt tilfelle hendte det i 2009. I 1958 vart Victoria Anna Theresa Peterson fødd i Los Angeles i California. Vicki Peterson er gitarist i jentebandet The Bangles og kan hjå meg høyrast saman med resten av jentegjengen på samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1967 kom Jacquire King til verda i Washington D.C. Platerpodusenten King er i mi platehylle kreditert for programmering på to spor på Tom Waits si tolvte studioplate, Mule Variations frå 1999. I 1968 vart Thomas Martin Dumont fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Tom Dumont spelar til dagleg i No Doubt og trakterar også keyboard i bandet når det røyner på. Hjå meg kan Dumont høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003). I 1971 kom Thomas Owen Mostyn Rowlands til verda i London. Tom Rowlands er den eine halvleiken av electronica-duoen The Chemical Brothers og er i mi platesamling representert med den kritikarroste plata Drop The Bomb frå 2005. I Bronx vart Mary Jane Blige fødd. Rapartisten Mary J. Blige sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998, og på Whenever I Say Your Name på Sting si studioplate Sacred Love frå 2003. I 1975 vart Jason Diakité fødd i Malmö. Den svenske rap-artisten Timbuktu har gjeve ut fleire rap-plater av høg kvalitet og mi platehylle byr på Oberoandeframkallande frå 2007. I 1981 var Toy Dolls å oppleve i levande live i West Cornfort i Durham. I 1985 var Iron Maiden på si fyrste vitjing til Sør-Amerika der dei spelte for nærare 200 000 på gigantiske Marracana stadion under Rock in Rio. Same kveld var det Korn i Hannover som fekk vitjing av Toy Dolls, dette var Pete Zulu sin fyrste konsert i den andre perioden han var med bandet. I 2010 døyde Mick Green. I 2012 døyde David Whitaker.

10.01.2016

Tiande januar

Tiande januar 1924 kom Maxwell Lemuel Roach kom til verda i Newland i North Carolina. Trommeslagaren Max Roach var ein pioner i sjangeren Be Bop og vert rekna som ein av tidenes viktigaste perkusjonistar. Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er, etter ein uheldig operasjon på stemmebanda, med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast for alle som elskar den musikken som gjorde fyrste halvleik av syttitalet verda å leve. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og hjå meg han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I hylla står også studioplatene Smiler (1974), Vagabond Heart (1991), og ei heller dårleg konsertplate kalla Live USA. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i engelske Liverpool. Trommeslagaren Aynsley Dunbar vert av mange rekna som ein av tidenes beste rocketrommisar. Hjå meg kan Dunbar høyrast medan han held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976, og på eit par av spora på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1948 vart Donald Jay Fagen fødd i Passiac i New Jersey. Donald Fagen er ein av grunnleggjarane av bandet Steely Dan og kan hjå meg høyrast i elegant samspel med kompisen Walter Brecker på ei høgst uoffisiell samleplate kalla The Masters. I 1952 kom Scott Troy Thurston til verda i Medford i konservative Oregon. Multiinstrumentalisten Scott Thurston sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på Melissa Etheridge sine plater Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989), Never Enough (1992) og Yes, I Am (1993). I 1955 vart den tyske gitaristen Michael Schenker fødd i Sarstedt. Schenker er kjend som ein av verdas mest humørsjuke gitaristar og elles for å ha spelt saman med band som Scorpions, Ratt, MSG og UFO. Det er nettopp sistnemnde som er grunnen til at Michael har fått plass i denne bloggen, bidraget heiter Obesssion og vart tilgjengeleg for platekjøparane i juni 1978. I 1956 vart Shawn Colvin fødd i Vermillion i South Dakota. Colvin sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på to spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1991. Same dag var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1959 kom Curtis Matthew Kirkwood til verda i Wishita Falls i skytegale Texas. Gitaristen Curt Kirkwood er, saman med broren Cris, ein av grunnleggjarane av Meat Puppets og har i tillegg ei omfattande solokarriere. Hjå meg kan Kirkwood høyrast medan han spelar gitar på tre spor på Nirvana si kvasikonsertplate MTV Unplugged In New York, som kom på marknaden i 1995. I 1964 kom Bradley Kenneth Roberts til verda i canadiske Winnipeg. Brad Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1976 døyde Howlin’ Wolf. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

09.01.2016

Niande januar

Niande januar 1914 kom trommeslagaren Kenneth Speareman Clarke til verda i Pittsburgh i Pennsylvania. Kenny Clarke, som har spela med store namn, som mellom anna Charlie Parker og Dizzie Gillespie, og kan hjå meg høyrast medan han trommar for trompetisten Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Clarke døyde i 1985. I 1931 vart Carson Raymond Smith fødd i San Francisco i California. Bassisten Carson Smith har spelt med artistar som Gerry Mulligan og Billie Holiday, men hjå meg er det på samleplata Best Of Chet Baker Plays, som Chet Baker slepte i 1992 at han kan høyrast. Carson Smith døyde i 1997. I 1941 kom Joan Chandos Baez til verda på Staten Island i New York. Songerinna Joan Baez har vore ein sentral del av den amerikanske folk-rock-rørsla sidan byrjinga og turnerar framleis. I tillegg til musikken har Baez vore sentral i kampen for både menneskerettar og homofile sine rettar. Baez var ei tid gift med Bob Dylan. Mi platehylle byr på plata Diamonds And Rust frå 1975, eit av Baez sine sterkaste kort musikalsk sett. I 1944 vart James Patrick Page fødd i engelske Heston. Jimmy Page var allereie ein etablert studiomusikar då han erstatta Eric Clapton i Yardbirds i 1964. Nokre år seinare etablerte Page det fantastiske bandet Led Zeppelin og verda vart aldri den same. Hjå meg kan Page nytast på Led Zeppelin sine studioplater II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og Mothership (2007). I 1956 kom Robert B. Rivkin til verda i Minneapolis i Minnesota. Musikaren Bobby Z har ei fortid i bysbarnet Prince sitt band, i mi platesamling er han kreditert for å progammere trommelyd på The Manhattan Transfer si plate The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1963 vart Eric Erlandson fødd i storbyen Los Angeles i California. Gitaristen Erlandson har tent til livets opphald med feite riff i bandet Hole og kan i mi platehylle høyrast på plata Celebrity Skin frå 1998. I 1967 vart den amerikanske artisten og skodespelaren David John Matthews fødd i Johannesburg i Sør-Afrika. Dave Matthews er sjefen i Dave Matthews Band, han er aktiv engasjert i å samle inn pengar til miljøvern og etterlatne etter naturkatastrofar. Matthews har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med gitaristen i Dave Matthews Band, Tim Reynolds. I mi platehylle står, i tillegg til Dave Matthews Band si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994, konsertopptaket Live At Luther College frå 1999, som er eit samarbeidsprosjekt med nettopp Tim Reynolds. I 1970 spelte Led Zeppelin i Royal Albert Hall i London. Eit opptak av I Can’t Quit You Baby frå lydprøva kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1971 kom Daniel Dumile til verda i London. Hip Hop-artisten MF Doom sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005.

08.01.2016

Åttande januar

Åttande januar 1906 kom Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Trompetisten Wendell Culley spelte saman med storbandleiaren Count Basie på femtitalet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart Luther Monroe Perkins fødd i musikkbyen Memphis i Tennessee. Gitaristen Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash, der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Perkins sitt arbeid kan i mi platehylle nytast på studioplatene The Fabolous Johnny Cash/Songs Of Our Soil (1958), Hymns By Johnny Cash (1959), Now There Was A Song (1960), Ride This Train (1960), og Orange Blossom Special (1965), i tillegg til konsertplata At Folsom Prison frå 1968. Perkins døyde altfor ung i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis Presley fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Hjå meg finn du samleplata 30 #1 Hits frå 2002. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1937 vart Shirley Veronica Bassey fødd i Tiger Bay ved Cardiff i Wales. Songerinna Shirley Bassey er ei av dei mest populære songerinnene i Storbritannia gjennom det tjuande hundreåret, og vert gjerne hugsa for stor suksess tre ulike kjenninsmelodiar til tre ulike James Bond-filmar. I mi platehylle kan Bassey si flotte røyst høyrast på Yello si plate One Second frå 1987. I 1946 vart Robert Alan Krieger fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Robby Krieger slo gjennom med The Doors og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1980. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969, samt Never Let Me Down, som kom på marknaden i 1987. Bowie er også kreditert for å spele saksofon og synge hjelpevokal på tittelsporet på Mott The Hoople si femte studioplate All The Young Dudes frå 1972, ein song han også har komponert, og for bakgrunnsvokal på høvesvis Lou Reed si plate Transformer frå 1972, og Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1954 vart Jerry Vivino fødd i Paterson i New Jersey. Vivino sitt saksofonspel kan i mi platesamling nytast på Bon Jovi si studioplate These Days frå 1995. I 1958 vart Marc Moreland fødd i West Covina i California. Gitaristen Moreland er best kjend for arbeidet han gjorde med bandet Wall Of Voodoo, og hjå meg kan han høyrast på plata Happy Planet frå 1987. Moreland døyde i 2002 av leversvikt etter massivt alkoholforbruk. Same dag kom Stephen Garvey til verda i engelske Manchester. Bassisten Steve Garvey er kjend for å ha spela med Buzzcocks i to periodar og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1959 vart Paul Newell Hester fødd i den tidlegare australske olympiabyen Melbourne. Trommeslagaren Paul Hester er best kjend for arbeidet han gjorde med Crowded House og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på plata Together Alone frå 1993. Hester gjekk til det dramatiske steget at han tok sitt eige liv i 2005. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

Sjuande januar

Sjuande januar 1953 vart Earl Lindo fødd i Kingston på reggeaøya Jamaica. Tangentmannen Lindo slo seg saman med Bob Marley & The Wailers i 1972 og hjå meg kan han høyrast på den storsellgjande samleplata Legend, som kom på marknaden i 1984, i tillegg til utvalde spor på samleplata His 24 Greatest Hits frå 1998. Lindo sitt arbeid kan også høyrast på utvalde spor på samleplatenen The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999), begge posthume utgjevingar frå Peter Tosh sitt dødsbu. I 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spelte den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blaserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.

Sjette januar

Sjette januar 1924 vart Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Banjogeniet Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Earl Scruggs er far til musikaren Randy Scruggs. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash si plate Ragged Old Flag frå 1974, samt utvalde spor på Dwight Yoakam si samleplate In Others Words, som kom på marknaden i 2003. Scruggs døyde i 2012. I 1931 kom David Sinclair Whitaker til verda i engelske Surrey. Komponisten og dirigenten David Whitaker har gjort strengearrangement for mellom anna våre eigne Kings Of Convenience, i mi platehylle er han kreditert for same jobben på Air si plate Moon Safari frå 1998. Whitaker døyde i 2012. I 1937 kom Dorris Elaine Higginsen til verda i bydelen The Bronx i New York City. Songerinna Dorris Troy vert av fansen gjerne referert til som Mama Soul, hjå meg kan Troy høyrast Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, og på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Troy døyde i 2004. I 1949 vart Chris Laurence fødd i London. Bassisten Laurence spelar til vanleg innom jazzsjangeren og har spelt med både Keith Jarrett og Chick Corea, hjå meg kan arbeidet hans høyrast på eitt spor på Tom Jones si storsegjande samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1951 kom Kim Wilson til verda i Detroit i Michigan. Bluesartisten Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med supergitaristen Jimmie Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds, som har vore nominert til Grammyprisen fleire gonger. Hjå meg kan du høyre Wilson si røyst på studioplata Hot Number frå 1987. I 1959 kom Kathy Sledge til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saman med systrene Kim, Debbie og Joni, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1963 vart Tina Landon fødd i Los Angeles i California. Koreografen Landon er i mi platehylle kreditert for å syngje på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1964 kom Truls Waagø til verda. Bassisten Waagø spelar til dagleg saman med Trondheim Symfoniorkester, hjå meg kan han høyrast på eit spor på Tre Små Kinesere si plate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 2007 døyde Sneaky Pete Kleinow. I 2010 døyde Shelly Kurland.

05.01.2016

Femte januar

Femte januar 1930 kom Lionel Augustus Martin til verda i Croft’s Hill på reggeaøya Jamaica. Saksofonisten Saxa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på songen Funny How Love Is frå Fine Young Cannibals si sjølvtitulerte debutplate frå 1985. I 1934 vart felespelaren og gitaristen Rufus Thibodeaux fødd i Ridge i Louisiana. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980), begge i regi av Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005. I 1946 fekk verda den nordnorske trubaduren og visesongaren Halvdan Sivertsen. Eg har ein sambuar som har plassert plata Kjærlighetslandet frå 1994 i platehylla mi, og det vert nok det einaste bidraget frå denne artisten. I 1950 kom Christopher Stein til verda i Brooklyn i New York City. Chris Stein er gitarist og låtskrivar i den amerikanske new wave-gruppa Blondie og kjem du innom kan du få høyre gitarspelet hans på studioplatene Parallel Lines (1978), og No Exit, som eit attforeina band slepte i 1999. Stein spelar også gitar på eit spor på eks-kona Debbie Harry si andre soloplate Rockbird frå 1986. I 1963 vart Grant Young fødd i Iowa City i Iowa. Trommisen Young var andremann ut på trommekrakken i Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på dei to studioplatene While You Were Out (1986) og Grave Dancers Union (1992), i tillegg til EP-plata Clam Dip And Other Delights, som kom i platehyllene i 1989. I 1969 kom Brian Hugh Warner til verda i Canton i Ohio. Marilyn Manson freista å ta skrekkrocken til nye høgder, om han lukkast er det delte meiningar om, men det er ikkje tvil om at det er god driv i musikken hans. Mi platehylle byr på studioplata Mechanical Animals (1998) og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1970 vart Darrel Higham fødd i engelske Bedford. Gitaristen Higham spelar til dagleg for Imelda May, ein artist han også er gift med, og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Love Tattoo (2008) og Mayhem (2010). I den californiske storbyen Los Angeles kom Troy Dean Van Leeuwen til verda. Multiinstrumentalisten Troy Van Leeuwen sine bidrag til mi platehylle kan høyrast på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate Lullabies To Paralyze frå 2005, der han er kreditert for spel på bass, gitar, keyboard, i tillegg til å syngje bakgrunnsvokal. I 1976 slepte Bob Dylan si syttande studioplate, den fekk tittelen Desire og toppa den amerikanske Billboard-lista i fem veker. I 1980 nytta Toy Dolls denne dagen til å spele for dei innsette i fengselet Aklington, men det er uvisst om det gjorde tilværet betre eller verre for dei innelåste. I 1982 nytta Madness denne januardagen til å smyga seg inn på fjerdeplass på listene med singelen It Must Be Love. Denne datoen i 1991 fekk verda høve til å handle Motörhead-singelen The One To Sing The Blues/Dead Mans Hand. I 2004 døyde John Guerin.

Fjerde januar

Fjerde januar 1922 kom Frank Wellington Wess til verda i Kansas City i Missouri. Saksofonisten Frank Wess kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing, som kom ut i 1999, og på utvalde spor på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol1., som souldronninga slepte i 1994. Wess døyde i 2013. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. McLaughlin er av gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way (1969), og Bitches Brew (1970). I 1947 kom John James King til verda i Kingsport i Tennessee. Trommeslagaren John King spelte for både Elton John og The Beach Boys, men gjorde det viktigaste arbeidet sitt for Steve Miller Band. Hjå meg kan King høyrast på plata The Joker frå 1973. King døyde i 2010. I 1954 kom Michael Thompson til verda. Thompson trakterar til dagleg Fransk Horn og hjå meg høyrere du han på Paul McCartney si plate Flaming Pie frå 1997. I 1955 kom Brian Thomas Ray til verda i solrike California. Gitaristen og bassisten Brian Ray sitt arbeid er hjå meg å høyra på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I 1956 kom Bernard Edward Sumner til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bernard Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order, og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance frå 1987 og 1988, den fyrste med New Order og den siste med Joy Division. Sumner er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000, og for bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music Baby. frå 2004. I 1957 vart Patricia Lee Ramey fødd i Pikeville i Kentucky. Countrysongerinna Patty Loveless sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I engelske Cuckfield kom Jay Stapley til verda. Gitaristen Stapley er i mi platehylle kreditert for å spele på Suede si plate Dog Man Star frå 1994. Dette var også dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart John Michael Stipe fødd i Decatur i Georgia. Songaren i R.E.M, Michael Stipe, treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått ni ulike titlar signert Stipe og Co, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er hjå meg også kreditert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og med hjelpevokal på Patti Smith si plate Peace & Noice (1997), i tillegg til same jobben på eit spor på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein, som eg var så heldig å få oppleve på Koengen i Bergen i 2010. Lindemann sitt bidrag til mi platehylle heiter Sensucht og kom på marknaden i 1997. I 1965 vart Caitlín O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Cait O’Riordan kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985, som begge er trygt på plass i mi platehylle. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste The Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. Gibbons kan også høyrast med bakgrunnsvokal når Portshead hjelp Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1967 kom Benjamin Darvill til verda i den canadiske byen Winnipeg. Mannen som i dag opptrer under artistnamnet Son Of Dave har ei fortid i Crash Test Dummies og hjå meg finn du mandolinspelet hans på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash og kan i mi platehylle høyrast på Sometimes, som er ein EP og kom på marknaden i 2002. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty og Mick Kern.

Tredje januar

Tredje januar 1943 kom Van Dyke Parks til verda i Hattiesburg i Mississippi. Parks er best kjend for arbeidet han gjorde med innspelinga av strandgutane i The Beach Boys si legendariske plate Smile på slutten av sekstitalet, men hjå meg er det på The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966, og på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970, Parks sine tangentlydar kan høyrast. Parks er også kreditert for å stå for vokalarrangement på The Manhattan Transfer si studioplate The Offbeat Of Avenues, som kom på marknaden i 1991, og for strengearrangement på Rufus Wainwright si sjølvtitulerte debutplate frå 1998. I 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i cowboy-byen Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si samleplate Greatest Hits frå 1998, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Sidcup i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin, der han kan høyrast på bandet sine studioplater II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og Mothership (2007). Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme frå Queens Of The Stone Age og sjefen i Foo Figthers Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i idylliske The Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dictators og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. Funicello har seinare livnært seg i bandet Manowar, som enn så lenge er funnen for lett for mi platehylle. I 1962 kom Guy Pratt til verda i London. Bassisten Pratt si liste over bidrag til mi platehylle startar med Madonna si soundtrackplate frå filmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990, han var også ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si andre soloplate, Storyville frå 1991, han gav sitt bidrag til Tears For Fears på deira fjerde studioplate Elemental frå 1993, og på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. Og som om det ikkje var nok, kan Pratt sitt basspel også høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001, og på utvalde spor på Bryan Ferry og Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1963 vart Andy Hernandes fødd i New York City. Perkusjonisten Coat Mundi har spela med båda Hall & Oates og Nona Hendryx, men er best kjend for å spele med Kid Creole & The Coconuts. I mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på samleplata 100% Juicy – 18 Hits, som Kid Creole & The Coconuts slepte i 1996. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Kjell Moberg frå Os, ein kort, men akk så svingete køyretur sør for den vakre vestlandshovudstaden Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda, og i det siste særleg i Kina, med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som i mi platehylle er representert med studioplatene Punishment Park (Punishment Park) og You Can’t Kill Rock’n Roll og People Like Us In A Pretty Pink World (K-Jell). I 1975 kom Thomas Bangalter til verda i Paris. Bangalter er den eine halvleiken av den franske elektronikaduoen Daft Punk, og hjå meg høyrer du han på plata Human After All frå 2005. I 1979 kom songar og frontfigur i Surferosa, Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund. Hjå meg kan Thomassen sitt arbeid nytast på platene Shanghai My Heart (2003) og The Beat On The Street (2008). I 2014 døyde Phil Everly.

02.01.2016

Andre januar

Andre januar 1946 vart Michael George Churchill fødd i engelske Ilkeston. Tangentmannen Chick Churchill er best kjend for å spele i Woodstock-legendene Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på legendene si sjette studioplate, Watt, som kom på marknaden så tidleg som i 1970. I 1954 kom John Barlow Jarvis til verda i Pasadena i solfylte California. Pianisten og komponisten Barlow Jarvis har hausta nominasjonar og utmerkingar på eiga hand, hjå meg kan han høyrast på countrylegenda George Jones si studioplate Walls Can Fall (1992), og på Steve Earle si studioplate Copperhead Road (1988), samt på utvalde spor på same Earle si samleplate The Collection, som kom på marknaden i 2002. I 1966 kom Niko Röhlcke til verda. Den svenske musikaren Röhlcke er for det meste oppteken med å skape filmmusikk, men spelar også i Weeping Willows og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, Into The Light frå 2002. I 1975 vart Børge Fjordheim fødd på Randaberg. Trommisen Fjordheim er ein av Morten Abel sine faste samarbeidspartnarar, i tillegg til at han spelar i ei rekkje andre band, og kan i mi platehylle høyrast på Abel si studioplate Here We Go Then, You And I frå 1999. I 1978 døyde Andrew Walter.

01.01.2016

Fyrste januar

Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2016, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at Alfred McKibbon kom til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Al McKibbon kom frå ein musikalsk familie og heldt seg i livet som profesjonell bassist. Hjå meg kan McKibbon høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis slepte i 1957. McKibbon døyde i 2005. I 1931 kom Bobbie Lee Nelson til verda i Abbot i skytegale Texas. Bobbie Nelson er systera til country outlaw-legenda Willie Nelson og kan i mi platehylle høyrast medan ho spelar piano og orgel på vetlebroren si studioplate Accross The Borderline frå 1993. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, gitarspelet hans kan nytast. Ripley er også kreditert for å spele på utvalde spor på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. I London vart Stephen Morgan Fisher fødd. Tangentmanen Morgan Fisher kan i mi platesamling høyrast på Mott The Hoople si sjuande studioplate The Hoople frå 1974. I 1979 kom Bree Johanna Alice Robinson til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Punkartisten Brody Dalle kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på songen You Got a Killer Scene There, Man... på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate Lullabies To Paralyze frå 2005. I 2009 slepte Walkenhorst & Porter plata No Abandon.