12.10.2014

Tolvte oktober

Tolvte oktober 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars vol II (1984), studioplata Rock ’Til You Drop (1991) og konsertplata Live Alive Quo (1992), og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. I 1962 vart den bergenske supergitaristen Mads Eriksen fødd. Eriksen har gjeve ut nesten eit dusin studioplater på eiga hand, og hjå meg finn du Journey (1990), Storyteller (1991) og Intermesso Troldhaugen (1993), som alle er instrumentalplater. I Portland i Oregon kom Christopher Stephen Botti til verda. Trompetisten Chris Botti kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1966 kom Brian Edward Patric Kennedy til verda i Belfast i Nord-Irland. Songaren Brian Kennedy er bror av Energy Orchard-sjefen Bab Kennedy, og hjå meg høyrer du han medan han syng hjelpevokal for Van Morrison på plata Back On Top frå 1999. I 1974 kom The Who si samleplate Odds & Sods ut i USA. Amerikanarane gjekk ut og kjøpte nok plater til at det vart ein femtandeplass på listene. I 1982 herja det Toy Dolls feber på Tiffany’s i Newcastle. I 1985 stod Toy Dolls på scenen i Bremen, skiltet på utsida annonserte at staden heit Slatchuf. Same dag døyde Ricky Wilson av eit ublidt møte med eit HIV-virus ei tid tidlegare. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Gøteborg, på Errols. I 1987 var Toy Dolls på Coo Club i den franske mathovudstaden Lyon. I 1992 slepte Talking Heads samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads. I 1993 gav Alice Cooper ut samleplata The Beast Of Alice Cooper. Denne plata gjev deg det meste av det beste frå dei tidene då horrorrockens far enno var ein kreativ musikar som kunne sakene sine. Salt’n Pepa slepte si fjerde studioplate Very Necessary, som var deira beste plate.

11.10.2014

Ellevte oktober

Ellevte oktober 1929 kom Curtis Amy til verda i oljebyen Houston i Texas. Saxofonspelande Amy gjorde det sterkt på den amerikanske jazzmarknaden, hjå meg kan han høyrast medan han speler på songen Touch Me på The Doors si samleplate Greatest Hits frå 1980. Amy døyde i 2002. I 1946 vart Gary Mallaber fødd i Buffalo i delstaten New York. Trommisen Mallaber kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1950 kom Andrew Woolfolk til verda i den skyteglade delstaten Texas. Saksofonisten og percusjonisten Woolfolk er ein av grunnleggjarane av Eart, Wind & Fire og i mi platehylle kan arbeidet hans nytast på studioplata Touch The World frå 1987. I 1963 døyde Spurven, den franske songerinna Edith Piaf. I 1971 kom fiolinisten Petra Haden til verda i New York. Haden er dotter av meir kjende jazzmusikar Charlie Haden, og ho har gjeve ut plater på eiga hand, i tillegg til at ho har spelt med kjente namn som Weezer og Beck. I mi platesamling finn du dei musikalske innslaga hennar på Green Day si plate Nimrod frå 1997. I 1986 var dette datoen då Iron Maiden slepte plata Somewhere In Time, som debuterte med ein tredjeplass på platelistene. Same dag var Toy Dolls i Sverige og vitja Odden i Karlskrona. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Heartbreak Club i Sete. I 1988 kom Pet Shop Boys med plata Introspective, som var duoen si fjerde studioplate. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Bayern, nærare bestemt München der dei stod på scenen i Theaterfabrik. I 1999 slepte evigunge Morten Abel plata Here We Go Then, You And I.

10.10.2014

Tiande oktober

Tiande oktober 1948 vart Cyril Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Perkusjonisten Neville har vore innom storebror sine band The Meters og Neville Brothers, men hjå meg er det på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991 han kan høyrast. I 1953 kom James Ure til verda i skotske Cambuslang. Midge Ure er best kjend som frontmann i Ultravox og er den mindre profilerte halvleiken av Live Aid-konseptet. Hjå meg kan Ure høyrast samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997, til tillegg til med gitar- og tangentspel på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1959 vart Kirsty Anna MacColl fødd i Croydon på Themsen si sørside. Songerinna Kirsty MacColl hadde fleire hit på eiga hand frå fyrste halvleik av 1980-talet, men best kjend er ho som den kvinnelege røysta i The Pouges sin julesong Fairytale Of New York. Hjå meg kan MacColl høyrast på nettopp The Fairytale Of New York frå The Pogues si samleplate The Best Of The Pogues, og på Ask og Golden Lights frå The Smiths si samleplate Louder Than Bombs frå 1987. MacColl døyde i ei drukningsulukke i 2000. I 1960 vart Simon Townshend fødd i London og storebror Pete var truleg fornøgd med å få ein medmusikant i familien. I mi platehylle er Townshend kreditert for hjelpevokal på The Who si fjerde studioplate Tommy frå 1969. I 1963 vart Marco Prince fødd i Paris. Trombonisten og vokalisten Prince, med røter i Benin, var ein av drivkreftene i det franske funkrockbandet Fedèration Francaise de Funk (FFF), som var aktive mellom 1987 og 2000. Bandet sine tre fyrste plater, Blast Culture, Free For Fever og FFF, står som tre spanande fargeklattar i mi platehylle. I 1969 spelte Johnny Cash inn songen 'Cause I Love You for bruk i filmen I Walk The Line med tilhøyrande soundtrack. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. Same dag var hardarbeidande Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Mr. Limousine Driver til bruk på plata Grand Funk seinare same år. Songen vart gjeven ut på singel i november og klatra til nittisjuandeplass på listene. I 1975 slepte Deep Purple si tiande studioplate. Jubileumsplata fekk tittelen Come Taste The Band. I 1980 stod universitet i stålbyen Sheffield som vertskap for kveldens Toy Dolls konsert. I 1982 var det Comrades Club i Blackhill som vart invadert av Toy Dolls fans. I 1986 hadde Toy Dolls for andre gong teke turen til Sverige for å spele og kunne opplevast på Arris i Lindköping. I 1987 var Toy Dolls og spela i Bikini Club i Toulouse, same dag vart glamrockarane frå New York, Twisted Sister, oppløyst etter ein konsert i norskamerikanarane sin hovudstad, Minneapolis. Heldigvis var ikkje denne avgjerda endeleg og etter ein pause er det gledeleg å registera at bandet spelar framleis. I 1989 fekk Batschkapp i Frankfurt i Tyskland vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Willy DeVille ut plata Backstreets Of Desire, som inneheld ein særs alternativ og flott versjon av Jimi Hendrix sin krigskritiske slagar Hey Joe. I 1994 slepte Suede si andre studioplate, Dog Man Star, produsent var Ed Buller. I 1995 gav No Doubt ut plata Tragic Kingdom. Dette var bandet si tredje plate og singelen Don’t Speak gjorde bandet til allemannseige. Også kanadiske k.d. Lang slepte si tredje plate denne dagen, produktet fekk namnet All You Can Eat, så då er det berre å hugge innpå. Same dag platedebuterte engelske Black Grape med It’s Great When You’re Straight Yeah. I 2002 døyde Abe Most.

09.10.2014

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i det myteomspunne poporkesteret The Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Lennon var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. Hjå meg kan Lennon sin musikk nytast på The Beatles si samleplate Anthology 1, som omfattar den tidlegaste perioden av Fab Four si karriere. Lennon vart skoten av Mark Chapman i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i elvebyen New Orleans i Louisiana. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. John Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanande og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Den norskætta miljøforkjemparen Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I 1954 kom James Fearnley til verda i engelske Worsley. Fearnley spelar til vanleg accordion i folk-punk-bandet The Pogues. Hjå meg høyrer du Fearnley på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Fearnley også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1955 vart Shona Laing fødd på New Zealand. Gitaristen Laing har solokarriere med ein beskjede, men trufast tilhengjarskare i heimlandet, hjå meg kan ho høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1956 kom Geir Langslet til verda i marinebyen Horten. Kapellmester og pianist Langslet kan skilte med meir enn tjue års fartstid i Lava, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på tre ulike samleplater. Absolute Prima Vera (1994), 21 Beste (Olav Stedje) (1998), og Trond-Viggos Best, som var Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1958 vart Alain David Jourgensen fødd i Havanna på den karibiske perla Cuba. Al Jourgensen er grunnleggjar av, og vokalist i, industrimetallbandet Ministry. Hjå meg kan du høyre Jourgensen på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1959 vart Thomas Wydler fødd i den sveitsiske finansbyen Zürich. Trommeslagaren Wydler vert rekna som ein av kjernemedlemmene i Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast medan han held takten på plata The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit i Michigan velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan i mi platesamling høyrast medan han spelar altsaksofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yoevil sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda i engelske Bridport. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på studioplatene Rid Of Me (1993), To Bring You My Love (1995, Is This Desire (1998), Stories From The City. Stories From The Sea (2000) og White Chalk (2007), og fleire vert det nok i framtida, for dama produserer musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1967 vart Mathew David Osman fødd i den engelske hagebyen Welwyn Garden City. Bassisten Mat Osman spelar i Suede og kan hjå meg høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1970 vart Atle Byström fødd. Al DeLoner var gitarist og pianist i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på platene Midnight Choir (1994) og Unsung Heroin (2000). I 1978 døyde Jacques Brel. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallais De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2000 slepte britiske The Beautiful South plata Painting It Red. I 2001 var det klart for plateslepp frå Leonard Cohen, produktet fekk namnet Ten New Songs og hadde, ganske riktig, ti nye songar. I 2012 slepte Kiss si tjuande studioplate, Monster.

08.10.2014

Åttande oktober

Åttande oktober 1932 kom Roddis Franklin Drake til verda i sørstatsbyen Augusta i Georgia. Pete Drake tente til livets opphald som plateprodusent, i tillegg til å spele det kuriøse instrumentet steel-guitar. Hjå meg Drake høyrast med stålgitaren sin på Bob Dylan sine studioplater John Wesley Harding og Nashville Skyline, begge frå 1967. Drake døyde i 1988. I 1941 vart David Arbus fødd i engelske Leicester. Dave Arbus er best kjend for å spele i bandet East Of Eden, hjå meg kan han høyrast med violinspel på Baba O’Riley frå The Who si plate Who’s Next frå 1971. I 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones, som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over til å kle seg i svarte skinnjakkar. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el-gitaristar før han døyde i 2004. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home, End Of The Century, Pleasant Drams, Mania og Brain Drain. I 1949 vart Hamish Stewart fødd i Glasgow. Stewart spelte gitar og bass i Average White Band fram til 1982 og kan hjå meg høyarst på samleplata The Best Of Average White Band. I 1950 kom Robert Earl Bell til verda i Youngstown i Ohio. Kool har, saman med resten av The Gang, levert dansbare hits sidan platedebuten i 1969. Hjå meg Kool høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. Kool er også, under eige døypenanm, kreditert for basspel og trommeprogrammering på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. I 1952 kom Clifford Adams til verda i Trenton i New Jersey. Trombonisten Adams kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Kool & The Gang si samleplate Anthology – 20 Great Tracks, som kom på marknaden i 1991. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1963 slepte John Coltrane konsertplata Live At Birdland 1962. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls. I 2002 gav Soft Cell ut plata Cruelty Whithout Beauty. I 2007 gav Robert Wyatt ut si ellevte soloplate, Comicopera, der “The Modfather” Paul Weller var ein av fleire gjestemusikarar. I 2011 døyde Mickey Welsh.

07.10.2014

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Felespelaren Terry kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Johnny Cash på studioplatene Ride This Train og Now, There Was A Song, begge frå 1960. Terry døyde i 2006. I 1945 vart musikaren og produsenten Kevin Michael Godley fødd i engelske Prestwich. I mi platehylle kan Kevin Godley høyrast medan han trommar for den engelske gruppa 10cc på samleplata Live In Concert Volume 1. I 1953 kom Hector Samuel Juan Torres til verda i den amerikanske delstaten New York. Kubanskætta Tico Torres er kjend som trommis for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på studioplata These Days frå 1995. I 1956 vart Arnould Massart fødd i EU-hovudstaden Brussel. Autodidakten Massart er ein meritert jazzpianiste i heimlandet og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på Vaya Con Dios si studioplate Time Flies frå 1992. I 1964 vart den engelske songarinna Samanta Brown fødd i Stratford. Mi platehylle byr på Sam Brown si plate Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1968 kom Thomas Edward Yorke til verda i engelske Northamptonshire. Thom Yorke er frontmann i Radiohead og kan hjå meg høyrast på debutplata Pablo Honey (1993), og på OK Computer frå 1997. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minna frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på konsertplata Nine Tonight. I 1987 var Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland. I 1997 slepte Steve Earle plata El Corazón og Janet Jackson slepte si sjette studioplate The Velvet Rope.

06.10.2014

Sjette oktober

Sjette oktober 1954 vart David Hidalgo fødd i storbyen Los Angeles i California. Multiinstrumentalisten Hidalgo er best kjend for arbeidet han har gjort i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast med både gitar- og akordionspel på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992, og med bass og gitarspel på utvalde spor på samelplata Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det legendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådeleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på konsertplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. I 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platina. Same dag vart det høve til å kjøpe Stevie Ray Vaughan And Double Trouble si konsertplate In The Beginning. Plata vart spela inn i Austin i Texas fyrste april 1980 og då det ferdige produktet endeleg kom på marknaden, hadde hovudpersonen vore daud i to år. I 1997 nytta Suede dagen til å sleppe si fyrste samleplate, Sci-Fi Lullabies, som inneheldt B-sider frå bandet sine singelplater frå dei tre fyrste studioplatene. I 1998 slepte den baskiske alternativartisten Manu Chao plata Clandestino.

05.10.2014

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs tmellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Hjå meg kan Connolly høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I mi platehylle kan Johnson høyrast på platene Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008). I 1950 vart Edward Clarke fødd i London. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Fast Eddie Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1957 kom Lee Jay Thompson til verda i London. Saksofonspelande Lee Thompson er ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan du høyra alle hans lokkoande tonar på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 vart Rolf Ågrim Tekrø fødd i Oslo. Totningen Ronni Le Tekrø har gjort utenkjelege gitartriks til ein leveveg i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med konsertplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland, og Joe Cocker spelte i Memorial Auditorium i Lowell i Massachusettes, ein konsert som kan høyrast på plata Joe Cocker-Live som kom i platehyllene i mai året etter. I 1991 kom Heart si andre livekonsertplate, Rock The House! Live på marknaden.

04.10.2014

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997 talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001), i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda i Wausau i Wisconsin. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1959 vart Christopher Sean Lowe fødd i badebyen Blackpool. Chris Lowe er tangentmannen i electronicaduoen Pet Shop Boys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Introspective frå 1988. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1972 kom Daniel Bejar til verda i olympiabyen Vancouver i British Columbia. Songaren Dan Bejar er oppførd som hemmeleg medlem i The New Pornographers på plata Electric Version frå 2003. I 1974 slepte Rod Stewart soloplata Smiler, den siste plata han slepte på Mercury Records. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1, same dag som Danny Gatton tok sitt eige liv. I 1999 slepte Manfred Mann’s Earth Band samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned. I 2012 døyde Farrel Morris.

03.10.2014

Tredje oktober

Tredje oktober 1946 kom Patricia Ann Cole til verda i storbyen Los Angeles i California. Songerinna P.P Arnold slo gjennom med eit par kraftfulle soulhit på slutten av sekstitalet, heime hjå meg kan ho høyrast med vokalhjelp på Pink Floyd-grunnleggjaren Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1947 vart Lindsey Adams Buckingham fødd i Palo Alto i solrike California. Gitaristen Lindsey Buckingham er best kjend for tida han spelte i Fleetwood Mac og i mi platehylle kan han høyrast medan han herjar på den storselgjande plata Rumours frå 1977. I tillegg kan Buckingham sitt glitrande gitarspel høyrast på songen Sea Of Heart Break frå plata Unchained som Johnny Cash slepte i 1996. I 1948 kom Artis The Spoonman til verda i Kodiak i Alaska. Gateartisten Artis The Spoonman held til i det hippe strøket Pike Place Market i Seattle i Washington og gutane i bandet Soundgarden fann det bryet verdt å heidre mannen med songen Spoonman på plata Superunknown (1994) og mannen sjølv kan høyrast medan han spelar på skeier på songen Spoonman. I 1951 kom Nick Glennie-Smith til verda i London. I mi platehylle er komponisten Glennie-Smith kreditert for å spele både strengeinstrument og tangentar på evigunge Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I Great Lakes i Illinois vart William Earl Branch fødd. Munnspelvirtousen Billy Branch sine bidrag til mi platehylle finn du på gitarlegenda Johnny Winter sine studioplate Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991). I 1953 var Chet Baker i studio og spelte inn All The Things You Are, Happy Little Sunbeam og Bea’s Flat. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Alle tre songane kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1954 kom Stephen Ray Vaughan til verda i Dallas i Texas. Supergitaristen Stevie Ray Vaughan gav ut totalt atten plater på eiga hand og saman med bandet Double Trouble før han omkom i ei helikopterulukke i 1990. I tillegg til studioplata Texas Flood (1983) og konsertplata In The Beginning (1992), som han gav ut saman med Double Trouble, har eg det beste av Stevie Ray sitt arbeid samla på ei samling med det treffande namnet Best Of…. I 1955 vart Douglas Allen Woody fødd i Nashville i Tennessee. BassistenAllen Woody, som har fått ein eigen bass-serie oppkalla etter seg hjå produsenten Epithome (Allen Woody Rumblecat), slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, eit band han spelte med parallet med sidebandet Gov’t Mule fram til han døyde brått i 2000. I mi platehylle høyrer du Woddy sitt arbeid på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band – First Set frå 1992. I 1962 kom greskamerikanaren Thommas Lee Bass til verda i den greske hovudstaden Athen. Trommeslagaren Tommy Lee er kan hende betre kjend for alle skandalane frå ekteskapet med den kanadiske fotomodellen Pamela Anderson enn for arbeidet med Mötley Crüe, men det er bak trommesettet han fungerer best. Det viste han mellom anna under ein konsert med høg mimrefaktor i Bergenshallen i juni 2009. Hjå meg kan Tommy Lee sitt taktfaste arbeid nytast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1967 døyde visesongaren Woodie Guthrie, og Johnny Cash var i studio og spelte inn songen I Tremble For You, som etter lang tid i arkivet fekk plass på samleplata Love frå 2000. Denne dagen i 1969 er fødselsdagen til Gwen Renée Stefani. Gwen Stefani vart fødd i Fullerton i California og er til dagleg vokalist i No Doubt. Stefani har også prøvd seg som motedesignar, og ho har også gjeve ut fleire soloplater, som mellom anna Love. Angel. Music. Baby frå 2004, som er på plass i mi hylle. I 1972 gjorde Johnny Cash den fyrste fengselskonserten utanfor USA då han spelte for dei innsette på Österakeranstalten utanfor Stockholm. Enno ein konsert dei fleste, innerst inne, er glad dei ikkje måtte vere tilstades på og som kan høyrast på plata Live At Österaker. Musikarane som assisterte The Man In Black på denne konserten var, forutan den faste gjengen med Marshall Grant, W.S. Holland og Carl Perkins, Bob Wooton på gitar og Larry Butler på piano. Songane Oreleans Parish Prison og Jacob Green kan også høyrast på samleplata Murder. Konsertplata kom på markanden i 1973. I 1982 rocka Toy Dolls Bedlington Club i Bedlington. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Stafford Polytechnic. I 1995 spelte R.E.M. i Fleet Center i Boston. Sonen Undertow kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 2003 døyde Benjamin Orr. I 2005 gav Franz Ferdinand ut plata You Could Have It So Much Better. Plata var den andre frå dei skotske indierockarane. I 2006 døyde Patrice Holloway. I 2009 døyde Robert Kirby.

02.10.2014

Andre oktober

Andre oktober 1925 vart saksofonisten Phil Urso fødd i Jersey City i New Jersey. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er så langt den einast plata eg eig som byr på Urso sine trillande saksofontonar. Urso døyde i 2008. I 1933 vart Albert Ronald Ross fødd i den indiske storbyen Calcutta. Saksofongeniet Ronnie Ross spelte for Matt Bianco, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Whose Side Are You On frå 1984. Ross er også kreditert for saksofonhjelp på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. Ross døyde i 1991. I 1945 vart Donald McLean Jr. fødd i New Rochelle i delstaten New York. Den amerikanske songaren og komponisten Don McLean er best kjend for songen American Pie som kom på marknaden i oktober 1971 og kan nok trygt plasserast i kategorien One-Hit-Wonder. Mi platehylle byr på nettopp plata American Pie, og samling vert neppe utvida. I 1950 kom Michael John Cleote Crawford Rutherford til verda i Guildford i engelske Surrey. Gitaristen Mike Rutherford er ein av grunnleggjarane av Genesis og har elles gjort seg merk med bandet Mike + The Mechanics. Hjå meg kan Rutherford høyrast på platene We Can’t Dance, som Genesis slepte i 1991, og Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth, også den frå 1991. I 1951 kom Gordon Mathew Thomas Sumner til verda i Wallsend i England. Sting slo gjennom med bandet The Police på slutten av syttitalet, han har også hatt ei karriere som skodesplar. Mi platehylle byr på både The Police si samleplate Greates Hits og soloplata Sacred Love frå 2003. I 1957 vart Katharine Elinor Margaret St John fødd i London. Oboisten Kate St John kan i mi platesamling høyrast på Van Morrison si plate No Guru No Method No Teacher frå 1986, og på plata Modern Life Is Rubbish, som Blur slepte i 1993. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I Noreg kom Sigtryggur Baldursson til verda. Trommisen Baldursson flytta snart heim til Island der han var med å grunnleggje Sugarcubes. Hjå meg kan Baldursson sitt arbeid høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1965 vart Mauri Juhani Sumén fødd i finske Lappeenranta. Mauri Sumén sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på trekkspel og tangentar på Leningrad Cowboys sine studioplater We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space (1996), i tillegg til filmmusikken til filmen Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993. Sumén sa takk for seg i Leningrad Cowboys i 2006. I 1966 kom Mustafa Gündoğdu til verda i Hagen i tyske North Rheine-Westfalen. Den tyrkisketta DJ’en Mousse T. er best kjend for kjempehiten Sex Bomb som han gjorde saman med Tom Jones på plata Reload frå 1999. I Los Angeles i California vart Daniel Shulman fødd. Bassisten Shulman er ein ettertrakta studiomusikar, men er best kjend for å spele med bandet Garbage. Hjå meg kan Shulman sitt arbeid høyrast på studioplata Version 2.0, som vart slept laus på Garbage-fansen i 1998. I 1969 kom Damond Gogh til verda i engelske Bolton. Gogh opptrer med kunstnarnamnet Badly Drawn Boy og leverar med jamne mellomrom solide bidrag til musikksoga. Hjå meg finn du, enn så lenge, plata Have You Feed The Fish frå 2002. I 1970 vart Martin Sköld fødd i Eskilstuna. Bassisten Sköld er ein av grunnleggjarane av Kent og hjå meg kan han høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999) og Du & Jag Döden frå 2005. I 1973 vart DeShaun Dupree Holton fødd i bilbyen Detriot i Michigan. Rapparen Proof var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen), og hjå meg høyrer du han på debutplata Devil’s Night frå 2001. Proof kan også høyrast på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Proof vart skoten daud på ein nattklubb i Detroit i 2006. I 1977 kom David Wallumrød til verda i byen som er best kjend for ein knekk, Kongsberg. Pianisten Wallumrød har spelt med fleire store namn i norsk musikkliv, hjå meg kan pianotrillene hans høyrast på sporet I Don’t Wanna på Bigbang si plate Too Much Yang frå 2007. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time, der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1987 var Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1989 platedebuterte bandet The Beautiful South med plata Welcome To The Beautiful South. I 1995 gav Iron Maiden ut si fyrste plateinnspeling der Blaze Bayley var ansvarlig for vokalen. The X-Factor var namnet på den babyen, som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle. Same dag slepte Manchester sine største furtetryner, Gallagher-brørne og resten av Oasis, si andre studioplate, (What’s The Story) Morning Glory. I 2000 platedebuterte Tom McRae med ei plate med den fantasifulle tittelen Tom McRae, og Radiohead slepte si fjerde studioplate Kid A. I 2006 kom The Killers si andre studioplate på marknaden, ho hadde tittelen Sam’s Town.

01.10.2014

Fyrste oktober

Fyrste oktober 1932 kom Albert Collins til verda i Leona i Texas. Gitaristen Collins hadde stor suksess på eiga hand då han starta med plateinnspelingar på 1960-talet. Hjå meg kan Collins høyrast på songen The Blues Is Alright frå Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Collins døyde i 1993. I 1940 vart Brynjar Hoff fødd på Orkdal. Oboisten og budisten Hoff vart profesjonell musikarar allereie som femtenåring, då han byrja å spele med Trondheim Symfoniorkester, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Cornelis Vreeswijk si samleplate Guldkorn Från Master Cees Memoarer, som kom på marknaden i 1998. I 1945 vart Donny Edward Hathaway fødd i Chicago i Illinois. Songaren Donny Hathaway sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Where Is The Love, som sikra dei ein Grammy-statuett i 1973, og kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. Hathaway tok sjølvmord i 1979. I 1946 kom Dave Holland til verda i engelske Wolverhampton. Bassisten Holland sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Miles Davis si studioplate In A Silent Way, frå 1969, og Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1959 vart Youssou N’Dour fødd i rallybyen Dakar. Den tidlegare presidentkandidaten Youssou N’Dour har ei stor karriere på eiga hand, men hjå meg høyrest han med vokalbidrag på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1963 kom Dimitris Yerasimos til verda i porten til Orienten, Istanbul. Electronica-artisten og Dj’en Dimitri From Paris mixar musikk frå ’50, ’60, ’70 og ’80-talet med moderne rytmar og kan hjå meg nytast på plata A Night At The Playboy Mansion frå 2000. I 1965 vart Ida Eva-Anna Schultz fødd i Stockholm. Songerinna og skodespelaren Irma Schultz har ei solid karriere i heimlandet Sverige. Hjå meg kan Schultz høyrast med bakgrunnsvokal på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album (1975) er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1980 platedebuterte Bauhaus med In The Flat Field, absolutt ei plate det er verd å få med seg. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah på marknaden. Plata inneheldt diverse liveopptak trioen hadde spela inn over tid. Også New York-gjengen Pist On nytta høve til å sleppe ei plate denne dagen, den fekk namnet Number One og var deira fyrste langspelplate. I 1998 oppsummerte Mano Negra ei innhaldsrik karriere med eit Best Of-Album. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When. I 2004 døyde Bruce Palmer. I 2007 slepte eit attforeina The Cult plata Born Into This, dette var bandet si åttande studioplate.