11.05.2013
Ellevte mai
Ellevte mai 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. Hjå meg kan Trucks sine taktfaste merittar høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati, Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, men med tanke på tidlegare merittar har det ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein. Same dag vart Christiane Hebold fødd i tyske Hohenthurm. Bobo er best kjend for sitt eige band, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdslansering av Garbage si plate Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden.
10.05.2013
Tiande mai
Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i engelske Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Hjå meg kan Gouldman høyrast på samleplata Live In Concert Volume One. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I Kingston på Jamaica vart Lowell Fillmore Dunbar fødd. Trommeslagaren Sly Dunbar kan hjå meg høyrast på Peter Tosh si plate Wanted Dread And Alive frå 1981. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga og toppa det heile med å ta livet av kjærasten Nancy Spungen. Hjå meg kan Vicious høyrast på samleplata Flogging A Dead Horse. Vicious døyde av ein overdose i 1977. I Houston i Texas kom Carleen Cassandra Anderson til verda. Songerinna Carleen Andreson har gjort suksess i england og i mi platehylle kan ho høyrast på Paul Weller si sjuande studioplate Studio 150 frå 2004. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kredittert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1975 vart Torbjørn Brundtland fødd i Tromsø. Brundland er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish, og Rancid platedebuterte med plata Rancid. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek. I 1998 døyde Lester Butler. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy.
09.05.2013
Niande mai
Niande mai 1944 vart Paul Richard Furay fødd i Yellow Springs i Ohio. Richie Furay var ein del av legendariske Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på bandet si andre studioplate, Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1949 vart William Martin Joel fødd av jødiske immigrantforeldre i New York City. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), konsertplata Kohuept, som vart spela inn i Moskva i 1987, og studioalbumet Stormfront frå 1989. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. I 1951 kom bassisten John Victor Edwards til verda i London. Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i engelske Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som fotballhooligan i ein valdeleg suporterfraksjon som støtta Sheffield United, men er langt betre kjend for tida som songar i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. I Essex kom Dave Gahan til verda. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1971 kom Paul Francis McGuigan til verda i engelske Barton-Upon-Irwell. Bassisten Paul McGuigan var ein av grunnleggjarane av Oasis og hjå meg kan han høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1989 slepte John Cougar Mellencamp plata Big Daddy, dette var den siste plata der han nytta resten av scenenamnet frå tida som Johnny Cougar. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination. I 2000 slepte Calexico plata Hot Rail.
08.05.2013
Åttande mai
Åttande mai 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus i Georgia. Gitaristen Danny Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975. Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972. I 1945 vart Keith Jarrett fødd i Allentown i Pennsylvania. Pianisten Jarrett har brilljert i Miles Davis sitt band, men hjå meg kan han høyrast på ei plata under eige namn, My Song frå 1977, der vår eigen Jan Garbarek er ein del av bandet. I 1951 kom Phillip Irwin Bailey til verda i Denver i Colorado. Songaren Phillip Bailey har vore ein viktig del av lydbiletet hjå Earth Wind & Fire sidan han slo seg saman med bandet i 1972. Hjå meg kan Bailey høyrast på plata Touch The World frå 1987. I Fort Cambell i Kentucky vart Charlton Christopher Frantz fødd. Trommisen Chris Frantz etablerte Tom Tom Club i 1980, men var då allereie ein etablert artist i Talking Heads. Hjå meg kan Frantz høyrast på to titlar med sistnemnde, konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1962 vart Max Costa fødd i Caracas i Venezuela. Perkusjonisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1964 kom David Alexander de Home Rowntree til verda i engelske Colchester. Dave Rowntree er trommeslagar for bandet Blur, som ærar platehylla mi med så mykje som seks ulike titlar frå bandet si storhetstid, Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999). I 1976 vart Martha Wainwright fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Wainwright er dotter av artistane Loudon Wainwright III og Kate McGarrigle, og søster av Rufus Wainwrigth, eit slektskap som skapar forventningar. Hjå meg kan Wainwright høyrast med bakgrunnsvokal på storebror si sjølvtittelerte debutplate frå 1998, og på same mann si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1984 kom ei samleplate frå Bob Marley sitt dødsbu. Den storselgjande plata fekk tittelen Legend, og er kan hende den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på tilgjengeleg på den opne marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i vanlege platebutikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke.
07.05.2013
Sjuande mai
Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn i 1964, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Kreutzmann kan også høyrast på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1948 vart William Peter Wingfield fødd i Hampshire. Plateprodusenten Peter Wingfield kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for The Beautiful South på debutplata deira Welcome To The Beautiful South frå 1989, han er også kreditert for stødig tangentspel på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I London kom Alan Spenner til verda. Bassisten Spenner sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Gitaristen Bernie Marsden har spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet og kan i mi platesamling høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. Plata heiter Unplugged Live In Hell og kom på markanden i 1994. I 1955 kom Steve Diggle til verda i Manchester. Gitaristen Diggle kan hjå meg høyrast på Buzzcocks samleplata Singles Going Steady. I 1961 vart Philip Anthony Campbell fødd i walisiske Pontypridd. Gitaristen Phil Cambell slo seg saman med Motörhead i 1983 og held ut med Lemmy & Co enno. Sjølv har eg vore heldig og sjå og høyre Cambell i levande live to gonger, 2004 og 2012, begge gonger i Bergen. Hjå meg kan Campbell sitt gitarspel høyrast på studioplatene Orgasmatron (1986), 1916 (1991), March Ôr Die (1992), Kiss Of Death (2006), Motörizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010), i tillegg til diverse samleplater. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. Same dag vart den danske bassisten Mick Grøndahl fødd. Hjå meg kan Grøndahl høyrast medan han spelar på Jeff Buckley si debutplate Grace frå 1994. I Stuebenville i Ohio kom Nora Louise Kuzma til verda. Skodespelaren Traci Lords vekte i ung alder verdas merksemd i eit stort tal filmar med grovt pornografisk innhald. I mi platehylle kan Lords høyrast i duett med James Dean Bradfield på songen Little Baby Nothing frå Manic Street Preachers-plata Generation Terrorists (1992). I 1975 kom Martina Topley-Bird til verda i London-bydelen St. Pancras. Topley-Bird yt vokalbidrag på eit spor på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2010 døyde Stuart Cable.
06.05.2013
Sjette mai
Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel studioplatene Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980), The Distance (1982) og The Fire Inside, i tillegg til konsertplatene Live Bullet (1976) og Nine Tonight (1981). Seger er i tillegg kreditert for bakgrunnsvokal på Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1950 vart Robbie McIntosh fødd i skotske Dundee. McIntosh var trommeslagar i Average White Band frå starten i 1972 og fram til han døyde i 1974. Hjå meg kan McIntosh høyrast på samleplata The Best Of Average White Band. I 1951 kom Davey Johnstone til verda i den skotske hovudstaden, Edinburg. Gitaristen Johnstone er best kjend for å spele med Elton John, men hjå meg høyrest han best på platene From The Inside, som var Alice Cooper sitt bidrag til musikksoga i 1978, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1956 vart Steve Lindsey fødd i New York City. Plateprodusenten Lindsay er i mi platehylle kreditert for å spele tantentar på Rod Stewart si plate Vagabond Heart frå 1991. I 1962 vart Juliet Roberts fødd i London. Robers kan i mi platehylle høyrast som hjelpevokalist på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, og på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1966 kom N’Dea Davenport til verda i Atlanta i Georgia. Songerinna Davenport sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokalist på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, som kom på marknaden i 1992. I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1983 døyde Kai Winding. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterer i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 1996 slepte The Cure si tiande studioplate, Wild Mood Swings. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media. I 2008 døyde Micky Waller.
05.05.2013
Femte mai
Femte mai 1898 er dagen William Samuel McTier skal ha blitt fødd, og det skal ha hendt i Thomson i den amerikanske delstaten Georgia. Blind Willie McTell var ein pioner i å spele tolvstrengs gitar og i tillegg ein habli slidegitarist. Blind Willie McTell inspirerte Bob Dylan til å skrive ein av sine sangar, den fekk same namn som ispirasjonskjelda. Hjå meg kan du høyre McTell sitt strålande gitarspel på den doble samleplata Teh Definitive Blind Willie McTell frå 1994. McTell døyde i 1959. I 1935 vart Edward Jordan fødd i Crowley i Louisiana. Saksofonisten Kidd Jordan kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på R.E.M. si plate Out Of Time frå 1991. I 1948 kom William Thomas Ward til verda i bydelen Aston i den tradisjonsrike industribyen Birmingham. Trommeslagar Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iommi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen i 2005 og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1953 vart Stuart Alexander Elliot fødd i London. Trommeslagaren Stuart Elliot har ein imponerande CV og kan hjå meg høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1955 kom Roderick James Byers til verda i engelske Keeresley. Roddy Radiation var gitarist i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på debutplata The Specials frå 1979, i tillegg til ein gjesteopptreden på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1959 vart Ian Stephen McCulloch fødd i hamnebyen Liverpool. Songaren Ian McCulloch var ein av grunnleggjarane av bandet Ecco And The Bunnymen og kan hjå meg nytast på samleplata Ballyhoo The Best Of frå 1997. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom konsertplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 døyde Marshall Royal. I 1997 slepte The Beatles-legenda Paul McCartney soloplata Flaming Pie. I 1998 slepte Tori Amos si fjerde studioplate, From The Choirgirl Hotel. I 2003 var det plateslepp frå The Dandy Warhols, produktet fekk namnet Welcome To The Monkey House.
04.05.2013
Fjerde mai
Fjerde mai 1937 vart Ron Carter fødd i Ferndale i Michigan. Bassisten Carter skal ha vore med på fleire tusen plateinnspelingar og er ein av verdas mest nytta jazzmusikarar. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies (1976), på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990, og for Eryka Badu på hennar debutplate Baduizm frå 1997. I 1940 kom Ronald James Bullis til verda i engelske Andover. Trommisen Ronnie Bond slo gjennom som rytmeseksjon for The Troggs og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Wild Thing, som er oppkalla etter bandet sin største slager. Bond døyde i 1992. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar saman med bandet framleis. Hjå meg kan Hunt høyrast på studioplatene If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1951 vart Sigmund Esco Jackson fødd i Gary i Indiana. Jackie Jackson er nummer to i den omfattande syskenflokken som er grunnlaget for ei rekkje suksessrike Jackson-konstellasjonar. Hjå meg høyrer du Jackson med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1966 spela The Byrds inn ein instrumentalversjon av John Riley. Songen er ein av seks instrumentalspor som kan høyrast på nyugjevingar avbandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1969 vart den amerikanske musikaren og produsenten Luis Edgardo Resto fødd i universitetsbyen Ann Arbor. Detroit-baserte Luis Resto er best kjend for å samarbeide med Eminem, men mi platesamling byr på keyboardspelet hans på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin frå 2003. I 1972 kom Michal Ryan Pritchard til verda i Berkley i California. Bassisten Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og hjå meg kan han høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible frå 2005. I 1977 vart Victoria Bergsman fødd. Komponisten Bergsman kan i mi platesamling høyrast på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008, der ho er kreditert som gjest. I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1987 slepte Yello si femte studioplate, One Second, som inneheld vokalbidrag frå den walisiske songerinna Shirley Bassey. I 1992 spelte Jethro Tull i tyske Dortmund og på konsertplata A Little Light Music frå 1992 kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut si andre studioplate, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell. I 2012 døyde Adam «MCA» Yauch.
03.05.2013
Tredje mai
Tredje mai 1920 vart John Aaron Lewis fødd i LaGrange i Illinois. Pianisten John Lewis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 vart James Joseph Brown fødd i Barnewell i South Carolina. The Godfather Of Soul, James Brown si karriere tel eit utal slagarar, gullplater, ekte og uekte arvingar, og fengselsopphald etter diverse episodar av hustruvald. Brown gjorde seg fortent til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits, som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udødelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerer som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også supplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1940 kom Konrad Plank til verda i tyske Hütschenhausen. Plateprodusenten Conny Plank spedde på inntektene med å spele perkusjon og hjå meg kan han høyrast på Gianna Nannini si plate Profumo frå (1986). Plank døyde i 1987. I 1944 vart Pete Staples fødd i engelske Andover. Bassisten Staples slo gjennom med The Troggs og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Wild Thing, som er oppkalla etter bandet sin største slager. I 1959 vart David James Ball fødd i tivolibyen Blackpool. Tangentmannen Dave Ball er best kjend for å spele i Soft Cell og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Cruelty Without Beauty frå 2002. I 1964 kom Sterling Campbell til verda i New York City. Trommisen Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på halve studioplata Grave Dancers Union frå 1992, og som fullverdig bandmedlem på Candy From A Stranger frå 1998. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, og på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1966 var The Byrds i studio og foreviga flyentusiasten Roger McGuinn sin song 2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song). Det ferdige resultatet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension som kom på marknaden seinare same året. I 1968 vart Jay Darlington fødd i engelske Sidcup, som vistnok ligg i Kent. Tangentmannen Darlington har ei fortid i bandet Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I New York City var Jimi Hendrix Experience i studio og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Children’s Album. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks, der ein finn klassikarar som Back In The Saddle og Last Child. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music. I 2005 døyde Pierre Moerlen.
02.05.2013
Andre mai
Andre mai 1945 kom John Raymond Goadsby til verda i kanadiske Toronto. Tangentmannen Goldy McJohn gjorde suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf, og i mi platehylle kan han høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 1968. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda. Glascock spelte bass i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1956 vart David Rhodes fødd i London. Rhodes sitt gitarspel kan høyrast på Tori Amos si plate Little Earthquakes frå 1992. I 1962 kom Alain Johannes Moschulski til verda i Chile. Multiinstrumentalisten Alain Johannes er i mi platehylle lista som ein av ei lang rekkje gjestemusikarar på Queen Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo og Melissa Etheridge platedebuterte med ei sjølvtittelert plate som klatra til tjueandreplass på den merriterte Bilboard 200-lista. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 1998 spelte No Fun At All andre av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare.
01.05.2013
Fyrste mai
Fyrste mai 1945 kom Rita Coolidge til verda i Lafayette i Tennessee. Coolidge leverte hits nok til å sikre seg ei rekkje Grammy-nominasjonar på syttitalet, i tillegg var ho ei stund gift med Kris Kristofferson, noko som resulterte i dottera Casey. Hjå meg kan Coolidge høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1952 vart Phillip King fødd i irske Cork. Hjå meg kan King høyrast medan han syng for Sinead O’Connor på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1953 kom Glen Ballard til verda i Natchez i Mississippi. Produsenten Ballard er i mi platehylle kreditert for å spele både gitar og keyboard på Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill frå 1995, og Supposed Former Infatuation Junkie (1998). I 1954 vart Ray Erskine Parker jr. fødd i Detroit. Gitaristen Ray Parker jr. vert gjerne knytt til soullegenda Barry White, men kan hjå meg høyrast på Marvin Gaye-plata I Want You frå 1976, og Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i South Haven i Michigan. Bassisten D’arcy Wretzky si musikalske karriere omfattar spel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1970 vart Bernard Joseph Butler fødd nord i London. Bernard Butler sitt ettermæle er sikra etter at han var med å starte Suede. Hjå meg kan Butler høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1973 kom Tord Riiser til verda. Trommisen Riiser spelte i Trang Fødsel frå 1997 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Feber frå 1998. I 1975 vart Aslak Rakli Hartberg fødd i Oslo. Kontrabassisten Aslak Hartberg var med i rapgruppa Klovner I Kamp og hjå meg kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1979 gjekk gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 1998 spelte No Fun At All fyrste av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.
Trettiande april
Trettiande april 1933 kom Willie Hugh Nelson til verda i Abbot i Texas. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, var Willie Nelson lenge berre representert med ei samling av det beste han gjorde saman med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings. Men no er samlinga utvida, og studioplatene Stardust, frå 1977, og Across The Borderline, er kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 kom Wayne Kramer til verda i Detroit i Michigan. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Hjå meg kan Pinto høyrast på plata Arise. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Greensburg i Pennsylvania. Detar har ei fortid som gitarist i Zao og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)