12.04.2013

Tolvte april

Tolvte april 1940 kom Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago i Illinois. Jazzpianisten Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. Hancock er også kreditert for å spele på Wayne Shorter si plate Adams Apple frå 1966. I 1944 vart Joachim Fritz Krauledat fødd i Tilsit i det som den gongen var Tyskland og som i dag er ein del av Russland. Krauletda var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. Hjå meg kan John Kay si røyst høyrast på steppeulvane si debutplate Born To Be Wild frå 1968. I 1951 kom Jackson Spires til verda. I mi platehylle er trommisen Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder (1981) og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1952 vart John Sinclair fødd i London. Tangentmannen Sinclair sitt bidrag til mi platehylle finn du på Uriah Heep si plate Abiminog (1982), i tillegg til to av Ozzy Osbourne sine studioplater, No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991). I 1953 kom Tony James til verda i London. James sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sigue Sigue Sputnik si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1957 vart Vincent Grant Gill fødd i Norman i kvegstaten Oklahoma. Grammy-grossisten og multiinstrumentalisten Vince Gill sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1958 vart Will Sergeant fødd i nærleiken av den engelske hamnebyen Liverpool. Gitaristen Sergeant er den einaste av Ecco And The Bunnymen sine grunnleggjarar som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan han høyrast på samleplata Ballyhoo: The Best Of Ecco And The Bunnymen frå 1997. I 1965 vart bassisten Sean Welch fødd i engelske Enfield. Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på platene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Raise Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18. - 19.) same året. I 1975 slepte Bob Seger plata Beautiful Loser. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Live Bullet. I 1978 vart Guy Rupert Berryman fødd i skotske Kirkcaldy. Guy Berryman er bassist i Coldplay og hjå meg høyrer du han på plata X&Y frå 2005. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate.

11.04.2013

Ellevte april

Ellevte april 1950 kom Thomas Hill til verda i den engelske hamnebyen Newcastle-upon-Tyne. Bassisten Tom Hill, som også har dubba stemma for den engelske versjonen av frukostblandinga Frosties, kan i mi platesamling høyrast på Geordei si samleplate Can You Do It frå 1999. I 1955 vart Neville Eugenton Staple fødd i Manchester på den karibiske reggeaøya Jamaica. Songaren Neville Staple er best kjend for å synge i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på debutplata The Specials frå 1979. Staple er også kreditert for hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1957 kom Jim Lauderdale til verda i Troutman i North Carolina. Gitaristen Lauderdale sitt bidrag til mi platehylle kan du høyre på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1958 vart William Stuart Adamson fødd i engelske Manchester. Stuart Adamson var vokalist i Big Country og kan hjå meg høyrast på plata The Seer frå 1986. Adamson tok livet av seg i 2001. I 1959 kom John Parish til verda i engelske Yeovil. Sjølv om multiinstrumentalisten Parish har spela med ei rekkje musikarar er karriera hans nesten uløyseleg knytt til PJ Harvey og hjå meg kan han høyrast på platene Is This Desire frå 1998, og White Chalk, som kom på marknaden i 2007. I 1962 kom skodespelaren Vincent Gallo til verda. Gallo har innimellom filminnspelingane teke seg tid til å spele inn litt musikk. Plata When frå 2001 er på plass i platehylla utan at det er så mykje å skryta av. I 1966 kom den tidlegare CC Cowboys-bassisten Håvard Eidsaunet til verda. Eidsaunet sitt bidrag til mi platehylle heiter Ecco CC Cowboys Beste som er ei samleplate. Same dag vart Lisa Jane Stainsfield fødd i Nord-vest England. Lisa Stainsfield si sjølvtittelerte femteplate frå 1997 er på plass i hylla. I 1969 kom Cerys Elisabeth Matthews til verda i den vallisiske hovudstaden Cardiff. Songerinna Cerys Matthews kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1971 kom Oliver Riedel til verda i Schwerin i Aust-Tyskland. Riedel spelar bass Rammstein og kan i mi platehylle høyrast på plata Sensucht. I 1972 vart Klas Frans Åhlund fødd i Stockholm. Gitaristen Klas Åhlund sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1998. I 1977 kom Heidi Marie Vestrheim til verda. Musikaren, låtskrivaren og programleiaren Vestreim platedebuterte i 2000 saman med bandet Atakamara, hjå meg kan ho høyrast på soloplata Signs And Fiction frå 2004. I 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert han spelte. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen. Kjeldene mine hevdar at dei spelte både i Hollywood Palladium og Civic Auditorium i Santa Cruz i California denne fredagen. Kan hende spelte dei unge og energiske pønkarane begge stader eller kan hende er det nokon som rotar med datoane i materialet sitt. I 1988 gav Neil Young ut plata This Note’s For You på sitt faste plateselskap, Reprise Records. Produsent var Young sjølv, saman med Niko Bolas. I 1995 slepte The Muffs si andre studioplate, Blonder And Blonder. I 2000 slepte No Doubt si fjerde studioplate, Return Of Saturn. I 2005 kom Madrugada si fjerde studioplate, The Deep End. I 2006 døyde rapparen Proof, same deg som Judas Priest slepte samlinga The Essential Judas Priest, ein dobbel CD med trettifire av dei grommaste låtane bandet har spela inn.

10.04.2013

Tiande april

Tiande april 1949 kom Eric Lee Troyer til verda i Elkhart i Indianna. Tangentmannen Eric Troyer, som var ein sentral medlemm av den andre utgåva av ELO, kan i mi platehylle høyrast på Gene Simmons si soloplate frå 1978, og på Meat Loaf sine plater Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993 Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som kom på marknaden i 2006. I 1954 vart Lenny Picket fødd i Las Cruces i New Mexico. Saksofonisten Picket kan i mi platehylle høyrast på Paul Simon si sjuande soloplate Graceland frå 1986, og på Bat Out Of Hell II: Back Into Hell, som Meat Loaf slepte i 1993. I 1957 kom Steve Gustavson til verda i Sevilla i Spania. Gustavson er bassist og ein av originalmedlemmene i 10 000 Maniacs. I 1959 kom Brian Robert Setzer til verda i Massapequa i New York. Den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I tillegg er Setzer kreditert for gitarspel på eit spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1964 kom Alan John Wren til verda i Manchester. Reni var trommeslagar for The Stone Roses og kan hjå meg høyrast på plata The Second Coming. I 1965 vart Tim Alexander fødd i Cherry Point i North Carolina. Trommisen Herb Alexander spelte tidlegare i Primus og kan i mi platehylle høyrast på plata Porc Soda frå 1993. I 1970 kom Jonathan Davis til verda i New York City. Raparen Kamaal Ibn John Fareed, som har konvertert til Islam, nytta scenenamnet Q-Tip då han hjalp Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994, og kunstnarnamnet hang framleis ved han då han gjorde vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1971 vart jazzpianisten Joey DeFrancesco fødd i industribyen Philadelphia i Pennsylvania. DeFrancesco er kåra til verdas beste jazzpianist i ei årrekkje og har spelt med ei rekkje store artistar. Som syttenåring fekk han høve til å turnere med trompetlegenda Miles Davis og i mi platehylle kan han høyrast på nettopp Davis si plate Amandla frå 1989. I 1978 slepte Jethro Tull plata Heavy Horses. I 1979 vart Sophie Michelle Ellis-Bextor fødd. Sophie Ellis-Bextor starta karrieren sin i bandet Theaudience og har seinare gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg finn ein den fyrste soloplata, Read My Lips frå 2001. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen. I 1981 slepte The Clash singelen The Magnificent Seven, som nådde trettifjerdeplass som høgaste plassering på dei britiske singellistene.

09.04.2013

Niande april

Niande april 1932 kom gitaristen og komponisten Carl Lee Perkins til verda i Tiptonville i Tennesssee. Carl Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive slagaren Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb og spelar gitar for Johnny Cash på fleire av hans innspelingar. Perkins døyde i 1998. I 1945 vart Stephen Kendall Gadd fødd i Irondequoit i New York. Trommeslagaren Steve Gadd kan hjå meg høyrast på plata The Magazine, som Rickie Lee Jones slepte i 1984, og Paul Simon si sjuande studioplate Graceland frå 1986, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B King og Eric Clapton, og kom på marknaden i 2000. I 1950 vart pianisten Peter John Wood fødd i Middelsex i England. Peter Wood sitt pianospel frå 1976 kan høyrast på Joan Armatrading si plate med same namn som artisten. Peter Wood døyde i 1993. I 1961 kom Mark Colbert Kelly til verda i Dublin. Mark Kelly har spela keyboard på alle plateutgjevingar frå Marillion, og hjå meg kan han høyrast på debutplata Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1975 vart Gisle Martens Meyer fødd. Meyer er mannen bak elektronikaprosjektet Ugress og prydar mi platehylle med den sterke plata Resound frå 2002. I 1978 gav Rainbow ut plata Long Live Rock’n Roll, der kanadiaren David Stone (Michael David Stoyanoff) spelar keyboard. I 1980 vart Albert Louis Hammond Jr fødd i Los Angeles. Albert Hammond Jr er gitarist i The Strokes, og kan høyrast på debutplata Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. Same dag la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo, som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 2002 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Plastic Fang. Dette var det hardtrockande alternativbandet si sjuande studioplate, produsent var Steve Jordan. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrassfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på fleire plater signert legenda Johnny Cash.

08.04.2013

Åttande april

Åttande april 1929 vart den Jacques Romain George Brel fødd i belgiske Schaarbeek. Visesongaren Jacques Brel hadde fleire hits i den franskspråklege delen av Europa på femti- og sekstitalet, og tekstane hans er oversett til ei rekkje språk. Best kjend her heime er kan hende canadiske Terry Jacks sin engelskspråklege ¬versjon av Le Moribond, Seasons In The Sun, som plagar radiolyttarar med jamne mellomrom. Hjå meg finn du samleplata Infiniment, som gjev oss nitten spor med det beste Brel spela inn i si levetid. Brel døyde i 1978. I 1932 kom Thomas Clark Cogbill til verda i Johnson Grove i Tennessee. Bassisten Tommy Cogbill markerte seg i miljøet rundt studioet Muscle Shoals og står mellom anna for basslinene på Dusty Sprinfield sin kjempehit Son Of A Preacher Man. Cogbill kan i mi platehylle høyrast på plata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til populærkulturen i 1973. Cogbill døyde i 1982. I 1947 kom Stephen James Howe til verda i Holloway. Steve Howe er best kjend for å traktere gitaren for Yes, men har også vore innom band som Asia. Howe sitt bidrag til mi platehylle er Yes si plate Going For The One, som kom på marknaden i 1977. I 1951 kom bassisten Mel Scharcher til verda i Flint i Michigan. Scharcher si karriere er omfattar spel i Grand Funk Railroad og i mi platesamling kan han høyrast på platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1962 vart Jeffrey Dean Isbel fødd i Lafayette i Indiana. Izzy Stradlin er best kjend for arbeidet han gjorde som gitarist og komponist i bandet Guns N’Roses, eit band han sa takk for seg i i 1991, etter den doble Use Your Illusion-missæren. Hjå meg kan Stradlin høyrast på bandet sine fire fyrste plater. I 1965 vart Marcel Theo Hall fødd i Baltimore. Biz Markie hjelpte Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994. I 1968 kom Pål Flåta til verda. Paal Flaata var songar i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på platenen Midnight Choir (1994) og Unsung Heroine (2000). I 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte medlemmen av grungebandet Nirvana, Kurt Cobain, funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg har Nirvana-samlinga vokse i det siste og Kurt kan no høyrast både på den mest kjende plata, Nevermind frå 1991, i tillegg til In Utero, Unplugged In New York og From The Muddy Banks Of The Wishkah. I 1991 slepte Simple Minds plata Real Life, dette var bandet sitt niande album, og klatra til andreplass på platelistene på heimemarknaden. I 1994 kom Offspring si tredje studioplate, og den fekk namnet Smash. I 1997 relanserte MU330 plata Chumps On Parade på plateselskapet Asian Man. Plata vart eigentleg utgjeven på Dill Records året før så nokon offisiell sleppdato er dette ikkje, men det er det næraste eg kjem. I 2009 døyde Herbie Lovelle. I 2010 døyde tidlegare Sex Pistols-manager Malcolm McLaren.

07.04.2013

Sjuande april

Sjuande april 1915 vart Eleanora Fagan fødd i Philadelphia. Billie Holiday fekk kjælenamnet Lady Day av jazzkollega Lester Young, og har sidan hatt stor påverknad på kvinneleg vokal i både pop og jazz. Hjå meg finn du plata Lady In Satin. Holiday døyde dessverre så tidleg som i 1959. I 1920 kom Robindro Shaunkor Chowdhury til verda i indiske Varanasi. Sitarfantomet Ravi Shankar var ei etablert superstjerne allereie då han vekte The Beatles-gitaristen George Harrison si interesse på sekstitalet. Shankar døyde i 2012. I 1934 kom den engelske jazzmusikaren Victor Stanley Feldman til verda i Edgware. Tangentmannen Victor Feldman har gjeve ut ei rekkje jazzplater under eige namn, men i mi platehylle er det på plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976, Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og Waits sin eks-kjæraste Ricki Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, dei musikalske ferdighetene hans kan høyrast. Feldman døyde i 1987. I 1938 vart tromptisten Frederick Dewayne Hubbard fødd i motorsportbyen Indianapolis i Indiana. Freddie Hubbard har spelt inn og gjeve ut fleire plater under eige namn og har i tillegg spelt på så og seie alle viktige jazzinnspelingar med alle viktige jazzartistar på seksti- og syttitalet. I mi platehylle er det på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962 Hubbard sin trompet kan høyrast. Hubbard døyde i 2008. I 1951 kom Janis Eddy Fink til verda i New York City. Janis Ian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1965 vart David Palmer fødd. Yorkie spelte tidlegare i Space og kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 døyde Jimmy Garrison. I 1980 var Heaton Buffs i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Brilleaux. I 2005 slepte Audrey Horne plata No Hay Banda, ei plate dei vart løna med Spelemannspris for. I 2008 døyde Phil Urso.

06.04.2013

Sjette april

Sjette april 1927 kom Gerald Joseph Mulligan til verda i Queens i New York City. Jazzmusikaren Gerry Mulligan trakterte til vanleg saksofonen, og han gav sitt musikalske bidrag til mi platehylle på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis gav ut i 1957. Mulligan døyde i 1996. I 1937 vart Merle Ronald Haggard fødd i Oildale i California. Countrylegenda Merle Haggard har gjeve ut ei rekkje soloplater, og hjå meg kan du høyre han på samleplata Wanted 7. I tillegg yt Haggard hjelp med både gitarspel og bakgrunnsvoka på songen I’m Leaving Now frå Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000. I 1946 vart gitaristen Danny Kortchmar fødd i New York City. I mi platesamling har Kortchmar ytt sitt bidrag med glitrande seksstrengslyd på fleire spor både på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate Shot Of Love frå 1981, The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Jackson Browne si Lawyers In Love frå 1983, på Neil Young si plate Landing On Water frå 1986, og på Boz Scaggs’ Dig frå 2001. I 1950 kom Peter Van Hooke til verda i engelske Stanmore. Trommeslagaren Van Hooke spelte i Mike + The Mechanics i to periodar og kan i mi platesamling høyrast på plata Word Of Mouth frå 1991. Van Hooke spelar også på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1952 kom Udo Dirkschneider til verda i den tyske småbyen Wuppertal. Udo har i dag sitt eige band, men gjorde i hine hårde dagar stor suksess som vokalist i det tyske Gay Metall-bandet Accept og han kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate, Balls To The Wall frå 1982. I 1960 vart Warren Haynes fødd North Carolina. Haynes slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, og han skal etter sigande ha vore med dei sidan. Hjå meg kan du høyre Haynes på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1965 kom Charles Michael Kittridge Thompson IV til verda i Boston i Massachutsetts. Black Francis er den kreative krafta i The Pixies og kan hjå meg høyrast på platene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). Same dag vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley sin singel Crying In The Chappel, som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass for “Kongen”. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children Of The Grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead And Alive frå Falcon Neue Medien. I 1983 var Johnny Cash i studio og spela inn Bruce Springsteen sin song Highway Patrolman som har vore på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1992 spelte Violent Femmes på The Commodore Ballroom i OL-byen Vancouver, ein song med same namn som vertsbyen kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1996 fekk publikum ein smakebit frå den nært føreståande CD-plata frå The Cranberries med singelen Salvation.

05.04.2013

Femte april

Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1948 kom James Leslie Binks til verda i nordirske Portadown. Trommeslagaren Les Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på plata Stained Class, som kom i sal i 1978. I Wolverhampton, vart utruleg nok Binks sin erstattar David Holland fødd. Pederasten Dave Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. Hjå meg kan Fältskog høyrast på samleplatene Abba Gold (1992) og The Hits. I 1966 kom Michael David McCready til verda i flyplassbyen Pensacola i Florida. Gitaristen Mick McCready var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991, i tillegg til studioplata Vitaology frå 1994. McCready er også kreditert for å spele gitar på Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtittelerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1997 døyde Allen Ginsberg. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen. I 2012 døyde Barney McKenna.

Fjerde april

Fjerde april 1913 vart McKinley Morganfield fødd i Issaquena i Mississippi. Muddy Waters vert rekna som sjølvaste Gudfaren i det som har fått tilnamnet Chicagoblues. Hjå med kan Muddy Waters høyrast med både gitarspel og vokal på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Muddy Waters døyde i 1983. I Texas-hovudstaden Austin kom Gene Ramey kom til verda. Bassisten Ramey har vore innom bandet til mellom anna Miles Davis og fleire andre store jazzartistar, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på Bob Dylan si plate The Freewheelin Bob Dylan frå 1963. Ramey døyde i 1984. I 1939 vart Daniel Henry Edward Thompson fødd i engelske Devon. Bassisten Danny Thompson sitt basspel er godt kjend over heile verda og kan hjå meg høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969, og hjå Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1946 kom David John Hill til verda i idylliske Devon. Gitaristen Dave Hill har tent til livets opphald i Slade og kan i mi platehylle høyrast på studioplatenen Play It Loud (1970) og Slayed (1972), i tillegg til konsertplatene Slade Alive (1970) og Slade On Stage (1982), og samleplata The Slade Collection ’81-87. I 1948 kom Arne Moslåtten til verda. Musikklæraren Moslåtten spelar til dagleg i Hellbillies, han er tekstforfattar for fleire av bandet sine best kjende låtar, og i mi platehylle kan han høyrasat på tre av bandet sine tidlege studioplater, i tillegg til ei konsertplate frå 1997. I 1952 kom Robert William Gary Moore til verda i Belfast i Nord-Irland. Supergitaristen Gary More er nok best kjend for si eiga solokarriere, mellom anna med bluessviskeplata Still Got The Blues, men i mi platesamling er han representert med oppfølgjarplata After Hours frå 1992, og som gitarist i det irske hardrockbandet Thin Lizzy, der han, tidlegare i karrieren, samarbeida med Phil Lynnot. More døyde i 2011. Ei som delar gebursdag med More er den italienske songarinna Fiorella Mannoia, som kom til verda i Roma. Fiorella sitt bidrag til mi platesamling heiter Belle Speranza, var dama si tiande studioplate, og kom på marknaden i 1997. I 1957 vart Graeme Hunter Kelling fødd i skotske Paisley. Gitaristen Graeme Kelling spelte i Deacon Blue fram til 1998, og tapte diverre kampen mot kreften i 2004. Hjå meg kan Kelling høyrast med vakre gitartriller på platene Fellow Hoodlums (1987) og Raintown (1991). Kelling døyde i 2004. I 1958 kom den tyske bassisten Peter Baltes til verda. Baltes har spelt på femten av dei tyske metallheltane Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1966 vart Micaehel Christopher Starr fødd i ukulelemetropolen Honolulu på Hawaii. Bassisten Mike Starr var ein av grunnleggjarane av Alice In Chains og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Facelift (1990) og Dirt (1992). Starr fekk sparken under turnéen bandet la ut på for å promotere Dirt. Starr rakk også å utmerkje seg ved å vere med på fjernsynsprogrammet Celebrity Rehab på ein amerikansk musikkanal før han døyde i 2011. I 1972 kom Magnus Johan Svenningsson til verda i Falköping. Bassisten Magnus Svenningsson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1980 spelte Toy Dolls på Old Twenty Nine i Sunderland. I 1984 melder Toy Dolls-nyhenda at dei var på plass på The Loft i Berlin. I 1991 spelte Iron Maiden i Tokyo for andre kvelden på rad.

03.04.2013

Tredje april

Tredje april 1943 vart Richard George Manuel fødd i Stratford i kanadiske Ontario. Richard Manuel vert hugsa for arbeidet han gjorde med den kanadiske supergruppa The Band, der han trakterte ei rekkje instrument. Richard Manuel sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Islands frå 1977. Manuel døyde i 1986. I 1946 kom David Murray Oates til verda i London. Bassisten Dee Murray hadde sine best musikalske år i Elton John sitt band, hjå meg finn du basspelet hans på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. Murray døyde i 1992. I 1949 kom songaren og gitaristen Richard John Thompson til verda i London. Richard Thompson er best kjend for tida med folkrockbandet Fariport Convention og har i ettertid turnert verda over i ulike band og konstellasjonar, mellom anna med den bergenske gitaristen Mads Eriksen. I mi platehylle Thompson høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969. I 1958 vart David Lasater Ragsdale fødd. Fiolinisten David Ragsdale spelar til dagleg for Kansas, men i mi platehylle kan han høyrast medan han hjelp Queensrÿche med litt felespel på plata Hear In The New Frontier frå 1997. I 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1970 vart Kirk Jones fødd i New York City. Rapartisten Sticky Fingaz kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I 1977 spelte AC/DC inn eit opptak for ABC sitt program Countdown. Videoen Dog Eat Dog er frå denne seansen og kan nytast på DVD’en Family Jewels. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls. I 1991 fekk NHK Hall i Tokyo vitjing av Iron Maiden. I 1992 spelte Violent Femmes på Leavey Activities Center i Santa Clara. Caleb Alexander sin kassettinnspeling av Lies kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 kom Hellbillies si tredje studioplate, denne gongen på eit stort plateselskap, BMG. Produktet fekk namnet Laka Fant. I 2000 kom Hothouse Flowers si tredje studioplate, Songs From The Rain. I 2006 slepte The Flaming Lips si ellevte studioplate, At War With The Mystics, og rapkollektivet Asian Dub Foundation nytta dagen til å sleppe plata Rafi’s Revenge laus på folket.

02.04.2013

Andre april

Andre april 1926 vart Kenny Hagood fødd i Detroit i Michigan. Pancho Hagood kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist for Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Hagood døyde i 1989. I 1928 kom Lucien Ginsburg til verda i Paris. Songaren Serge Gainsbourg vert rekna som ein av verdas mest innflytingsrike popmusikarar og hadde ei rekkje store hits verda over. Hjå meg finn du plata Historie De Melody Nelson frå 1971. Gainsbourg døyde av hjertestans i 1991. I 1939 vart Marvin Pentz Gay Jr. fødd i det amerikanske maktsentrumet Washington D.C. Plateprodusenten og songaren Marvin Gaye hadde i åra frå 1958 til 1984 ei rekkje hits og vart rekna som The Prince Of Motown. Gaye vart skoten av sin eigen far etter ein durabeleg krangel i 1984. I 1947 kom Emmylou Harris til verda i Birmingham i Alabama. Countrysongerinna Harris har gjeve ut fleire soloplater, men det er som anonym kordame for andre artistar dei fleste stiftar kjennskap til ho. Verdas beste kordame kan i mi platesamling høyrast i framgrunnen på si eigen soloplate Pieces Of The Sky, som ho gav ut i 1975, og i bakgrunnen på plater med store namn som Johnny Cash, Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, på Steve Earle si sjuande studioplate El Corázon frå 1997, på songen Stars Of Betlehem for Neil Young på plata American Stars’N Bars frå 1977, og på Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold (2000), i tillegg til på Lucinda Williams si gjennombrotsplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1949 vart David Robinson fødd. Robinson er trommeslagar i The Cars, som har to studioplater, The Cars (1978) og Door To Door (1987), og ei samleplate, Greatest Hits (1985), i mi platehylle. I 1952 vart David Eric Bronze fødd i Essex. David Bronze har spelt bass med både Eric Clapton og Procol Harum, men hjå meg finn ein basspelet hans på Dr. Feelgood si plate Primo frå 1991. I Newport i Rhode Island kom Leon Russel Wilkeson til verda. Bassisten Leon Wilkeson slo seg saman med Lynyrd Skynyrd i 1972 og spelte med sørstatrockarane til han døyde i 2001. Hjå meg kan Wilkeson høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som kom på marknaden i 1998. I 1956 var Johnny Cash i studio og spelte inn det som av mange vert sett på som sjølvaste signaturlåten hans, I Walk The Line. Innspelinga vart produsert av legenda Sam Phillips og kom ut som Sun Reccords sin singel nummer 241. Denne songen er representert på ei rekkje samleplater i mi platehylle, mellom anna plata Love frå 2000. I 1972 vart Frode Lamøy fødd. Trommisen Lamøy kan i mi platehylle høyrast som innleid musikar på TNT si sjuande studioplate Transistor frå 1999. I 1974 kom Håkan Georg Hellström til verda i Gøteborg. Håkan Hellström sitt bidrag til mi platehylle heiter Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg og var hans solodebut frå 2000. I 1975 slepte Bad Company si andre studioplate, Straight Shooter. I 1978 gav Kiss ut samleplata Double Platinum, som summerte opp karrieren til dei maskekledde fram til då. I 1984 nytta gutane i Toy Dolls kvelden til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i den vidgjetne sportsarenaen Madison Square Garden i verdsmetropolen New York. I 1991 slepte Mike + The Mechanics plata Word Of Mouth, som var deira tredje studioplate. I 1996 slepte Beastie Boys den instrumentale samleplata The In Sound From Way Out. I 2009 døyde Bud Shank. I 2010 ebba livet ut for Mike Zwerin.

01.04.2013

Fyrste april

Fyrste april 1945 fekk Aaron Kenneth Buttrey livet i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Trommeslagaren Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling kan Buttrey sitt stødige trommespel høyrast på plata Blonde On Blonde, som Bob Dylan gav ut i 1966, og John Wesley Harding, som same artist slepte året etter. Buttrey kan også høyrast på Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1973, og på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Buttrey døyde i 2004. I Passiac i New Jersey vart John Barbata fødd. Trommeslagaren Barbata har heldt takten i band som Jefferson Airplane og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Barbata høyrast på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970. I 1946 kom Ronald Frederick Lane til verda i East London. Bassisten Ronnie Lane var mannen bak band som The Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si plate Long Player frå 1971. Lane døyde av MS i 1997. I 1950 vart William Lee Currie fødd i engelske Huddersfield. Tangentmannen Billy Currie er best kjend for å spele i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1954 vart Jeffery Thommas Porcaro fødd i Hartford i Connecticut. Trommisen Jeff Porcaro var ein av verdas mest nytta trommisar og har namnet sitt på meir enn hundre plateproduksjonar, best kjend er han kan hende for arbeidet med supergruppa Toto. Hjå meg kan Jeff Porcaro høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, Madonna si soundtrackplate frå filmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på marknaden i 1990, Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til populærkulturen i 1991, på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, og på plata Good Stuff, som den elleville gjengen i The B52s gav ut i 1992. Porcaro døyde i 1992. I 1967 kom Dag Stokke til verda. Tangentmannen Stokke har spelt med fleire norske store namn, som Jorn og Vagabond. Hjå meg kan Stokke høyrast som innleid musikar på TNT si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. Stokke døyde i 2011. I 1968 var Janis Joplin i Columbia Studio E i New York og spelte inn songane Missery’n og Catch Me Daddy. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company og innspelingane kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1971 vart Clifford Smith fødd på Staten Island ved New York City. Hip Hop-artisten Method Man, frå Wu-Tang Clan sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1979 kunne ein endeleg kjøpe den sju år gamle The Who-låta Long Live Rock på singel. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturné. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. Same dag døyde Marvin Gaye ein tragisk daud, skoten av sin eigen far dagen før han ville fylt trettifem år. I 1991 nytta kampsportsentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle. Same dagen gav Mano Negra ut plata King Of Bongo, som burde vere obligatorisk i alle platesamlingar.