13.05.2012

Tolvte mai

Tolvte mai 1912 kom den amerikanske klarinettisten Marshall Royal til verda i Oklahoma. Royal spelte saman med Count Basie i meir enn tjue år og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Royal døyde i 1995. I 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian Patrick McLagan til verda i Hunslow. Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på plata Long Player frå 1971. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough frå 1992, Yes, I Am frå 1993, i tillegg til Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1956 vart Gregory Arthur Phillinganes fødd i Michigan. Greg Phillinganes er ein merritert tangentmann og kan hjå meg høyrast på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 kom den amerikanske trommeslagaren Eric Singer til verda i byen som i følgje Ian Hunter rockar, Cleveland. Singer, som har døypenamnet Eric Doyle Mensinger, har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og kan hjå meg høyrast på plata Alive III. I 1961 vart William Henry Duffy fødd i Manchester. Billy Duffy er gitarist i det engelske bandet The Cult, og kan hjå meg høyrast på plata Born Into This frå 2007. I 1962 vart Bad Religion-gitaristen Bret Gurewitz fødd i Los Angeles. Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar liveplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

11.05.2012

Ellevte mai

Ellevte mai 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati, Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, men med tanke på tidlegare merittar har det ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein. Same dag vart Christiane Hebold fødd i tyske Hohenthurm. Bobo er best kjend for sitt eige band, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdlansering av Garbage-plata Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden.

10.05.2012

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga. Vicious døyde av ein overdose i 1977. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kredittert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy.

09.05.2012

Niande mai

Niande mai 1944 vart Paul Richard Furay fødd i Yellow Springs i Ohio. Richie Furay var ein del av legendariske Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på plata Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1947 kom Michael Frederick Box til verda i London. Gitaristen Mick Box har vore med i den engelske hardrockgruppa Uriah Heep sidan starten og har såleis opplevd både oppturar og nedturar med bandet som ein gong i tida fylte store konsertsalar over heile verda. Box er ein gudnåda gitarist som briljerte stort under ein konsert på Maxime i Bergen i 1989. i mi platehylle kan Box sitt gitarspel nytast på så mange som elleve ulike titlar. I 1949 vart William Martin Joel fødd i New York av jødiske immigrantforeldre. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), konsertplata Kohuept, som vart spela inn i Moskva i 1987, og studioalbumet Stormfront frå 1989. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. I 1951 kom bassisten John Victor Edwards til verda i London. Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som fotballhooligan i ein valdeleg suporterfraksjon som støtta Sheffield United, men er langt betre kjend for tida i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. Same dag kom Dave Gahan til verda i Essex. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination. I 2000 slepte Calexico plata Hot Rail.

08.05.2012

Åttande mai

Åttande mai 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus, Georgia. Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975. Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972. I 1945 vart pianisten Keith Jarrett fødd i Allentown i Pennsylvania. Jarrett har brilljert i Miles Davis sitt band, men hjå meg kan han høyrast på ei plata under eige namn, My Song frå 1977, der vår eigen Jan Garbarek er ein del av bandet. I 1951 kom Phillip Irwin Bailey til verda i Denver i Colorado. Songaren Phillip Bailey har vore ein viktig del av lydbiletet hjå Earth Wind & Fire sidan han slo seg saman med bandet i 1972. Hjå meg kan Bailey høyrast på plata Touch The World frå 1987. I 1964 kom David Alexander de Home Rowntree til verda i Colchester. Dave Rowntree er trommeslagar for bandet Blur, som ærar platehylla mi med så mykje som seks ulike titlar frå bandet si storhetstid. I 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1984 kom ei samleplate frå Bob Marley sitt dødsbu. Den storselgjande plata fekk tittelen Legend, og er kan hende den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på tilgjengeleg på den opne marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i vanlege platebutikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke.

07.05.2012

Sjuande mai

Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Kreutzmann kan også høyrast på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1948 vart William Peter Wingfield fødd i Hampshire. Plateprodusenten Peter Wingfield kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for The Beautiful South på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Gitaristen Bernie Marsden har spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet og kan i mi platesamling høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. I 1955 kom Steve Diggle til verda i Manchester. Gitaristen Diggle kan hjå meg høyrast på Buzzcocks samleplata Singles Going Steady. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. Same dag vart den danske bassisten Mick Grøndahl fødd. Hjå meg kan Grøndahl høyrast medan han spelar på Jeff Buckley si debutplate Grace frå1994. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

06.05.2012

Sjette mai

Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel titlar som Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976) og The Distance (1980). I 1950 vart Robbie McIntosh fødd i skotske Dundee. McIntosh var trommeslagar i Average White Band frå starten i 1972 og fram til han døyde i 1974. I 1951 kom gitaristen Davey Johnstone til verda i den skotske hovudstaden Edinburg. Johnstone er best kjend for å spele med Elton John, men hjå meg høyrest han best på platene From The Inside, som var Alice Cooper sitt bidrag til musikksoga i 1978, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1962 vart Juliet Roberts fødd i London. Robers kan i mi platehylle høyrast som hjelpevokalist på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1983 døyde Kai Winding. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterer i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 1996 slepte The Cure si tiande studioplate, Wild Mood Swings. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media. I 2008 døyde Micky Waller.

05.05.2012

Femte mai

Femte mai 1948 kom trommeslagar William Thomas Ward til verda. Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iommi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen for nokre år sidan og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1953 vart Stuart Alexander Elliot fødd i London. Trommeslagaren Stuart Elliot har ein imponerande CV og kan hjå meg høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1959 vart Ian Stephen McCulloch fødd i Liverpool. Songaren Ian McCulloch var ein av grunnleggjarane av bandet Ecco And The Bunnymen og kan hjå meg nytast på samleplata Ballyhoo The Best Of. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom liveplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 døyde Marshall Royal. I 1997 slepte The Beatles-legenda Paul McCartney soloplata Flaming Pie. I 1998 slepte Tori Amos si fjerde studioplate, From The Choirgirl Hotel. I 2003 var det plateslepp frå The Dandy Warhols, produktet fekk namnet Welcome To The Monkey House.

Fjerde mai

Fjerde mai 1937 vart Ron Carter fødd i Ferndale i Michigan. Bassisten Carter skal ha vore med på fleire tusen plateinnspelingar og er ein av verdas mest nytta jazzmusikarar. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies, og for Eryka Badu på hennar debutplate Baduizm frå 1997. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar saman med bandet framleis. Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1966 spela The Byrds inn ein instrumentalversjon av John Riley. Songen er ein av seks instrumentalspor som kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1969 vart den amerikanske musikaren og produsenten Luis Edgardo Resto fødd i universitetsbyen Ann Arbor. Detroit-baserte Luis Resto er best kjend for å samarbeide med Eminem, men mi platesamling byr på keyboardspelet hans på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin frå 2003. I 1972 kom Michal Ryan Pritchard til verda i Berkley i California. Bassisten Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og hjå meg kan han høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997). I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1992 var Jethro Tull i Dortmund og på konsertplata A Little Light Music kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut den andre plata si, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell. I 2012 døyde Adam «MCA» Yauch.

03.05.2012

Tredje mai

Tredje mai 1920 vart pianisten John Aaron Lewis fødd i LaGrange. Lewis kan høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 vart The Godfather Of Soul, James Joseph Brown fødd i South Carolina. James Brown si karriere tel eit utal slagarar, gullplater, ekte og uekte arvingar, og fengselsopphald etter diverse episodar av hustruvald. Brown gjorde seg fortent til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits, som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udødelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerer som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også supplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1964 kom trommisen Sterling Campbell til verda i New York City. Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan høyrast på plata Grave Dancers Union frå 1992. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1966 var The Byrds i studio og foreviga flyentusiasten Roger McGuinn sin song 2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song). Det ferdige resultatet kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1968 var Jimi Hendrix Experience i New York og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks, der ein finn klassikarar som Back In The Saddle og Last Child. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music.

Andre mai

Andre mai 1945 er dagen pianisten og keyboardspelaren John Raymond Goadsby kom til verda i Toronto. Under artistnamnet Goldy McJohn gjorde Goadsby suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda. Glascock spelte bass i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1956 vart David Rhodes fødd i London. Rhodes sitt gitarspel kan høyrast på Tori Amos si plate Little Earthquakes frå 1992. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare.

01.05.2012

Fyrste mai

Fyrste mai 1954 vart Ray Erskine Parker jr. fødd i Detroit. Gitaristen Ray Parker jr. vert gjerne knytt til Barry White, men kan hjå meg høyrast på Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i amerikanske South Haven. D’arcy Wretzky si musikalske karriere omfattar basspel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1979 gjekk gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.