12.03.2012

Tolvte mars

Tolvte mars 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i den nordengelske byen Oldham. Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg som bassist i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I 1949 vart William Payne fødd i Waco Texas. Bill Payne er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Little Feat, men hjå meg er det på plata Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, på Lawyers In Love frå Jackson Browne i 1983, og på Bryan Adams si plate Waking Up The Neighbours frå 1991, pianospelet hans kan høyrast. I 1956 vart grunnleggaren av, og den ubestridne sjefen i dei engelske metallikona Iron Maiden, Steve Harris fødd som Stephen Percy Harris. Bassisten Harris har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten Iron Maiden-platene eg har investert i. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird og Five Feet High And Rising. Songane, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplatene God frå 2000 (TGSB) og Johnny Cash’s America frå 2008 (FFHAR). I 1969 kom Graham Leslie Coxon til verda i det som den gongen heit Vest-Tyskland. Graham Coxon er best kjend for tida han spelte gitar i Blur. I 1979 vart Peter Doherty fødd i Hexham. Skandaleombruste Pete Doherty er kjend for ein romanse med supermodellen Kate Moss og eit suksessrikt opphold i bandet The Libertines, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Babyshambles. Plata heiter Down In Albion og kom på marknaden i 2005. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love. I 2010 heldt Fish konsert på Garage i Bergen.

11.03.2012

Ellevte mars

Ellevte mars 1939 fekk verda den Texanske accordionspelaren Leonardo ”Flaco” Jimenez. Jimenez har hatt ei sjølvstendig karriere i Tex-Mex-segmentet og har henta heim fleire høgthengande Grammy-prisar, men hjå meg høyrest han best som medlem av supergruppa Texas Tornados. Jimenez har også spela med ein annan kjenning frå country-verda, Buck Owens, som også er å finne i mi platehylle. I 1945 kom den eksentriske gitaristen Harvey Mandel til verda i Detriot. Harvey Mandel flytta i ung alder til traktene rundt Chicago og utvikla seg til å bli ein framragande gitarist som har vore med å prega Canned Heat sitt lydbilde i fleire periodar. Hjå meg kan Mandel Høyrast på plata House Of Blue Light frå 1998. I 1955 vart den tyske punkdronninga Nina Hagen fødd som Catharina Hagen i det dåverande DDR, nærare bestemt i Aust-Berlin. Kunstpunkdronninga har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg finn ein Nina Hagen Band si plate Unbehagen, i tillegg til at dronninga har samla det beste av det beste på samleplata The Very Best Of Nina Hagen. Nina Hagen har også lånt bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. I 1961 kom Bruce William Watson til verda i Ontario, Canada. Gitaristen Bruce Watson er best kjend for arbeidet han har gjort med skotske Big Country. I 1965 spela Johnny Cash inn, i mono, Hardin Wouldn't Run, som vart gjeven ut på albumet Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 vart Jon Alexander Rosén fødd i Oslo. Alex Rosén lét seg korsfeste for plateomslaget på ei kontroversiell plate med bandet Go Go Gorilla og det er ein singel frå dette prosjektet som tek plass i mi platehylle. I 1984 kunne frammøtte på Shineyrow Club i Sunderland oppleve eit møte med Toy Dolls. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

10.03.2012

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart musikaren Norman Blake fødd i Chattanooga. Blake si merittliste tel eit utal av country og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972, og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. I 1957 tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Jeff Ament har traktert bassen i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to plater, debutplata Ten, og Vitaology. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, med ulike versjonar av tittelsporet på kvar side av vinylskiva. I 1976 kom Johan Wohlert fødd. Wohlert var bassist i Mew fram til 2006, akkurat lenge nok til vere med på plata And The Glass Handed Kites, som er bandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velje låtutvalet.

09.03.2012

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barytonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1962 kom Peter Wishart til verda i Dunfermline. Wishart spelte keyboard for Runrig frå 1986 til 2001 og kan hjå meg høyrast på plata The Big Wheel frå 1991. I 1963 vart Ian Kirkham fødd i Preston. Saksofonisten Kirkham kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1974 vart bassisten Øyvind Storesund fødd i Bø i Telemark. Storesund sitt arbeid kan hjå meg høyrast på plater med Kaizers Orchestra. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate.

08.03.2012

Åttande mars

Åttande mars 1957 vart trommeslagaren Clive Burr fødd i London. Burr er best kjend for tida han heldt takten for Iron Maiden og han kan høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater. I 1962 var ein ung Johnny Cash i studio og spelte inn A Little At A Time. Songen fekk fyrst berre plass som B-side på ein single, men i dag kan han også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1986 kunne Toy Dolls både høyrast og sjåast i kongens by, København, dei frammøtte på Barbui var dei heldige denne kvelden. I 1991 slepte R.E.M. plata Out Of Time, som, mellom anna, bydde på landeplaga Losing My Religion. I 1994 nytta Soundgarden dagen til å sleppe si fjerde studioplate, Superunknown. Plate selde til fem gongar platina i USA og vert rekna som bandet si sterkaste plate. I 1999 slepte Kula Shaker si andre studioplate Peasants, Pigs & Astronauts. I 2005 døyde Larry Bunker.

07.03.2012

Sjuande mars

Sjuande mars 1953 kom trommeslagaren Kenny Aronoff til verda. Aronoff sin CV inneheld namn som Alice Cooper og Johnny Cash. Hjå meg kan han høyrast på Bob Seger The Fire Inside, og Alanis Morissette si plate So-Called Chaos frå 2004. I 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistane var AC/DC.

06.03.2012

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980) og This Note’s For You, frå 1988. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. Keith døyde i 2010. I 1951 vart trommeslagaren Brian Gibbons fødd i Nordsjø-hamna Newcastle-upon-Tyne. Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-vokalist Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene.

05.03.2012

Femte mars

Femte mars 1957 vart Mark Edward Smith fødd i engelske Broughton. Den tidlegare hamnearbeidaren Mark E. Smith er vokalist og tekstforfattar, og for tida, den einaste originalmedlemen som er att i det kritikarroste britiske punkbandet The Fall. Smith sitt bidrag til mi platehylle heiter 2G+2 og er ei fin blanding av studioinnspelingar og konsertopptak. I 1963 døyde Patsy Cline. I 1970 kom den eminente gitaristen John Anthony Frusciante til verda. I mi platesamling kan John Frusciante sitt gitarspel høyrast på plater med både Red Hot Chili Peppers og The Mars Volta i tillegg til hans eiga plate To Record Only Water For Ten Days. I 1972 kom den italienske gitaristen og komponisten Luca Turilli til verda i grensebyen Trieste. I 1975 vart Olav Bergene fødd. Bergene er kjend som songar i bandet 1349 der han nyttar kunstnarnamnet Ramn. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Legion Club i South Shields. Same kveld døyde John Belushi. I 1983 var dei alltid like sporty karane i Toy Dolls og spela i Nottingham Rowing Club. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Rockmagasinet i Örebro.

04.03.2012

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre plata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks. Makeba døyde i 2008. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Garbarek sitt mjuke saksofonspel kan også nytast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg høyres han på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda. Folk flest kjenner han best som Mick Mars, den eminente gitaristen i glamrockbandet Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når Toy Dolls spelte. I 1986 døyde Richard Manuel. Same dag kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre og siste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

03.03.2012

Tredje mars

Tredje mars 1933 vart bassisten Jimmy Garrison fødd i Miami. Garrison er best kjend for arbeidet han gjorde saman med John Coltrane i og mi platehylle er det på plata Cresent frå 1964 han kan høyrast. Garrison døyde i 1976. I 1947 kom Jennifer Jean Warnes til verda i Seattle. Jennifer Warnes har sopt med seg fleire Oscars for filmmusikken sin og kan hjå meg høyrast medan ho syng for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. I 1954 kom den amerikanske gitaristen John Lilley til verda. Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på platene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. Også plateprodusenten Christopher Merrick Hughes kom til verda denne dagen, og det hendte i London. Chris Hughes var trommeslagar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast på samleplata Dandy Highwaymen. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1976 var AC/DC i St. Albans i den australske delstaten Victoria. DVD-samlinga Plug Me In byr på eit opptak av songane School Days og T.N.T., og dette er ein ekte godbit, for dei er ikkje gjeve ut tidlegare. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid til då, og i skrivande stund har han ikkje overgått seg sjølv, men me ventar i spenning.

Andre mars

Andre mars 1922 vart Eddie Davis fødd i New York City. Lockjaw spelte tenorsaksofon for Count Basie på samleplata Atomic Swing. Lockjaw Davis døyde i 1986. I 1936 kom Buell Neidlinger til verda i Connecticut. Cellisten Neidlinger kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1942 kom ein av rocken sine meir eksentriske innslag til verda. Lou Reed fekk døypenamnet Lewis Allan Reed og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom bandet Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for myke av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i Velvet Underground, klassikaren Transformer (1972), i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992) og livplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). I 1948 vart den irske bluesrockgitaristen William Rory Gallagher fødd i Ballyshannon. Gallagher vert rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og menn til å leika med strengane. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I 1956 var dette fødselsdagen til tidlegare AC/DC-bassisten Mark Evans, som spelte i bandet frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976. I 1962 kom John Francis Bongiovi Jr. til verda i New Jersey. Jon Bon Jovi er sjef i eige band og har selt mange millionar plater verda over. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 1991 døyde Serge Gainsbourg. I 1993 Living Colour si tredje studioplate, Stain. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 2008 døyde Jeff Healey.

01.03.2012

Fyrste mars

Fyrste mars 1930 vart Benny Powell fødd i New Orleans. Trombonisten Powell kan høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. Benny Powell døyde i 2010. I 1944 kom The Who-vokalist Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nyttar Toy Dolls datoen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.