25.12.2011
Tolvte desember
Tolvte desember 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i Florida. Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Peru. Alex Acuña sitt trommespel kan høyrast på plata Storywille som den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson gav ut i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom trommeslagaren Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago. Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1953 kom gitaristen Bruce Kullick til verda i New York. Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin som moderbandet The Georgia Satellites gav ut i 1989. I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkis og spelar gitar i bandet The Darkness. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.
Ellevte desember
Ellevte desember 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1961 og Cresent frå 1964, pianospelet hans kan høyrast. I 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd. Ferrana er kjend for massane under namnet Nicky Sixx og tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. Same dag kom Darryl Jones til verda i Chicago. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i byen som vert kalla The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee, var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut konsertplata Slade On Stage, som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls, og invasjonen enda på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls.
Tiande desember
Tiande desember 1959 vart Accept-gitaristen Wolf Hoffmann fødd i Mainz. Hoffmann kan hjå meg høyrast på Accept si femte studioplate Balls To The Wall frå 1983. I 1972 kom Odd Nordstoga til verda i Vinje i Telemark. Hjå meg kan Nordstoga høyrast medan han spelar accordion på Katzenjammer si plate Le Pop frå 2008. I 1981 hadde AC/DC teke turen over grensa til Canada og spelte fyrste konsert av to i Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls i 101 Club i Ferryhill. I 1985 platedebuterte Fine Young Cannibals med ei sjølvtittelert plate som inneheldt ein fantastisk versjon av sjølvaste kongen, Elvis Presley, sin slagar Suspicious Minds. I 1999 døyde Rick Danko. I 2003 kom Offspring si sjuande studioplate ut akkurat i tide for julehandelen, den fekk tittelen Splinter.
Niande desember
Niande desember 1950 vart den britiske songarinna og gitaristen Joan Armatrading fødd på den karibiske øya St. Kitts. Armatrading har fleire Grammy- og Brit Awards-nominasjonar og er tildelt den engelske ordenen MBE for arbeidet sitt. Hjå meg finn du Armatrading si tredje studioplate, med same namn som artisten sjølv, og som kom på marknaden i september 1976. I 1964 kom Heiko Paul Hiersche til verda i Berlin i DDR. Paul Landers spelar gitar og sputtar flammer i Rammstein. I 1966 slepte The Who plata A Quick One på den britiske marknaden. USA måtte vente til mai året etter. I 1971 vart Geoff Barrow fødd i Walton In Gordano i England. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre platene Dummy (1994) og Portishead (1997). I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.
Åttande desember
Åttande desember 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Morrison døyde i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville. Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. I 1957 vart bassisten Johnny Rod fødd. Rod spelte bass i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda. Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999. Friedman han høyrast på plata Rust In Peace. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i County Dublin i Irland. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. I 1975 døyde Gary Thain. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.
Sjuande desember
Sundag sjuande desember 1949 vart Tom Waits fødd og tildelt fullt namn Thomas Alan Waits. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk som er gjeve ut ei rekkje plater gjennom åra. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change, Swordfishtrombones, Rain Dogs og Mule Variation, noko som sjølvsagt er alt for lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia. I 1982 var Toy Dolls på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.
Sjette desember
Sjette desember 1955 vart Leticia Hinojosa fødd i San Antonio i Texas. Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement. Mi platesamling byr på plata Homeland frå 1989. Same dag kom trommeslagar Paul Richard Buckler til verda. Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort. Rhoads døyde i ei småflyulukke i Florida i 1982. Ein som deler fødselsdag med Rhoads er Peter Lawrence Buck. Peter Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi. Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy, som han slepte med bandet Tuatara, han er i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1971 gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og kan høyrast på plata Oochie Coochie!. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 kom Kent med plata Hagnesta Hill.
Femte desember
Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg. Bassisten Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1961. Davis døyde i 2007. I 1938 vart J. J. Cale fødd, som John Weldon Cale i præriebyen Oklahoma City. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young-plata Comes A Time frå 1978. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Etheridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til plata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande coverlåtar.
04.12.2011
Fjerde desember
Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson var trommis i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Dennis Wilson døyde i 1983. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs som inneheld remixar av tidlegare innspelingar.
Tredje desember
Tredje desember 1946 vart Geordie-gitaristen Albert Victor Malcolm fødd i Newcastle-Upon-Tyne. Vic Malcolm kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It som kom på marknaden i 1997. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild.
Andre desember
Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn. Kelly trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961 og på songen Freddie Freeloader på plate Kind Of Blue frå 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos.
Fyrste desember
Fyrste desember 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i stillehavsparadiset Hawaii. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976. Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihel av ein dørvakt i Florida i 1987. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som står i mi platehylle. I 1977 gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.
Abonner på:
Innlegg (Atom)