12.10.2011

Tolvte oktober

Tolvte oktober 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars vol II, studioplata Rock ’Til You Drop og konsertplata Live Alive Quo, og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. I 1962 vart den bergenske supergitaristen Mads Eriksen fødd. Eriksen har gjeve ut nesten eit dusin studioplater, og hjå meg finn du Journey, Storyteller og Intermesso Troldhaugen, som alle er instrumentalplater. I 1974 kom The Who si samleplate Odds & Sods ut i USA. Amerikanarane gjekk ut og kjøpte nok plater til at det vart ein femtandeplass på listene. I 1982 herja det Toy Dolls feber på Tiffany’s i Newcastle. I 1985 stod Toy Dolls på scenen i Bremen, skiltet på utsida annonserte at staden heit Slatchuf. Same dag døyde Ricky Wilson av eit ublidt møte med eit HIV-virus ei tid tidlegare. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Gøteborg, på Errols. I 1987 var Toy Dolls på Coo Club i den franske mathovudstaden Lyon. I 1992 slepte Talking Heads samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads. I 1993 gav Alice Cooper ut samleplata The Beast Of Alice Cooper. Denne plata gjev deg det meste av det beste frå dei tidene då horrorrockens far enno var ein kreativ musikar som kunne sakene sine.

11.10.2011

Ellevte oktober

Ellevte oktober 1963 døyde Spurven, den franske songerinna Edith Piaf. I 1971 kom fiolinisten Petra Haden til verda i New York. Haden er dotter av meir kjende jazzmusikar Charlie Haden, og ho har gjeve ut plater på eiga hand, i tillegg til at ho har spelt med kjente namn som Weezer og Beck. I mi platesamling finn du dei musikalske innslaga hennae på Green Day si plate Nimrod frå 1997. I 1986 var dette datoen då Iron Maiden slepte plata Somewhere In Time, som debuterte med ein tredjeplass på platelistene. Same dag var Toy Dolls i Sverige og vitja Odden i Karlskrona. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Heartbreak Club i Sete. I 1988 kom Pet Shop Boys med plata Introspective, som var duoen si fjerde studioplate. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Bayern, nærare bestemt München der dei stod på scenen i Theaterfabrik. I 1999 slepte evigunge Morten Abel plata Here We Og Then, You And I.

10.10.2011

Tiande oktober

Tiande oktober 1969 spelte Johnny Cash inn songen 'Cause I Love You for bruk i filmen I Walk The Line med tilhøyrande soundtrack. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. Same dag var hardarbeidande Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Mr. Limousine Driver til bruk på plata Grand Funk seinare same år. Songen vart gjeven ut på singel i november og klatra til nittisjuandeplass på listene. I 1975 slepte Deep Purple si tiande studioplate. Jubileumsplata fekk tittelen Come Taste The Band. I 1980 stod universitet i stålbyen Sheffield som vertskap for kveldens Toy Dolls konsert. I 1982 var det Comrades Club i Blackhill som vart invadert av Toy Dolls fans. I 1986 hadde Toy Dolls for andre gong teke turen til Sverige for å spele og kunne opplevast på Arris i Lindköping. I 1987 var Toy Dolls og spela i Bikini Club i Toulouse, same dag vart glamrockarane frå New York, Twisted Sister, oppløyst etter ein konsert i norskamerikanarane sin hovudstad, Minneapolis. Heldigvis var ikkje denne avgjerda endeleg og etter ein pause er det gledeleg å registera at bandet spelar framleis. I 1989 fekk Batschkapp i Frankfurt i Tyskland vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Willie DeVille ut plata Backstreets Of Desire, som inneheld ein særs alternativ og flott versjon av Jimi Hendrix sin krigskritiske slagar Hey Joe. I 1994 slepte Suede si andre studioplate, Dog Man Star, produsent var Ed Buller. I 1995 gav No Doubt ut plata Tragic Kingdom. Dette var bandet si tredje plate og singelen Don’t Speak gjorde bandet til allemannseige. Same dag platedebuterte engelske Black Grape med It’s Great When You’re Straight Yeah.

09.10.2011

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i det myteomspunne poporkesteret The Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Lennon var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. Hjå meg kan Lennon sin musikk nytast på The Beatles si samleplate Anthology 1, som omfattar den tidlegaste perioden av Fab Four si karriere. Lennon vart skoten av Mark Chapman i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i elvebyen New Orleans. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanande og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I 1954 kom James Fearnley til verda. Engelskmannen Fearnley spelar til vanleg accordion i The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1958 vart Alain David Jourgensen fødd i Havanna på den karibiske perla Cuba. Al Jourgensen er grunnleggjar av, og vokalist i, industrimetallbandet Ministry. I 1959 vart den sveitsiske trommeslagaren Thomas Wydler fødd i finansbyen Zürich. Wydler vert rekna som ein av kjernemedlemmene i Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast medan han held takten på plata The Boatman’s Call frå 1997. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan høyrast medan han spelar altsaksofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yowille sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på platene Rid Of Me frå 1993 og Is This Desire frå 1998, og fleire vert det nok i framtida, for dama produserer musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1978 døyde Jacques Brel. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallais De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2000 slepte britiske The Beautiful South plata Painting It Red. I 2001 var det klart for plateslepp frå Leonard Cohen, produktet fekk namnet Ten New Songs og hadde, ganske riktig, ti songar.

08.10.2011

Åttande oktober

Åttande oktober 1932 kom Roddis Franklin Drake til verda i sørstatsbyen Augusta. Pete Drake har tent til livets opphald som plateprodusent, og ved å spele steel-guitar, og kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate John Wesley Harding frå 1967. Drake døyde i 1988. I 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones, som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over til å kle seg i svarte skinnjakkar. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el-gitaristar før han døyde i 2004. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls. I 2002 gav Soft Cell ut plata Cruelty Whithout Beauty. I 2007 gav Robert Wyatt ut plata Comicopera, der “The Modfather” Paul Weller var ein av fleire gjestemusikarar.

07.10.2011

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom felespelaren Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Terry spelte fele for Johnny Cash på plata Ride This Train frå 1960. I 1945 vart den engelske musikaren og produsenten Kevin Michale Godley fødd. I mi platehylle kan Godley høyrast medan han trommar for den engelske gruppa 10cc. I 1964 vart den engelske songarinna Sam Brown fødd med fullt namn Samantha. Eg kan by på plata Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minna frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på liveplata Nine Tonight. I 1987 er Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland. I 1997 slepte Steve Earle plata El Corazón og Janet Jackson slepte si sjette studioplate The Velvet Rope.

06.10.2011

Sjette oktober

Sjette oktober 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det legendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådeleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på liveplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. På same dato i 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platina. Same dag vart det høve til å kjøpe Stevie Ray Vaughan And Double Trouble si konsertplate In The Beginning. Plata vart spela inn i Austin i Texas fyrste april 1980 og då det ferdige produktet endeleg kom på marknaden, hadde hovudpersonen vore daud i to år. I 1997 nytta Suede dagen til å sleppe si fyrste samleplate, Sci-Fi Lullabies, som inneheldt B-sider frå bandet sine singelplater frå dei tre fyrste studioplatene. I 1998 slepte den baskiske alternativartisten Manu Chao plata Clandestino.

05.10.2011

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Millvaukee. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs mellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I 1950 vart Fast Eddie Clarke fødd i London med fullt namn Edward Clarke. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med liveplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland. I 1991 kom Heart si andre liveplate, Rock The House! Live på marknaden.

04.10.2011

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz og Aquarium, i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned.

03.10.2011

Tredje oktober

Tredje oktober 1947 vart Lindsey Adams Buckingham fødd i Palo Alto i California. Lindsey Buckingham er best kjend for tida med Fleetwood Mac og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Rumours frå 1977. I tillegg kan Buckingham sitt gitarspel høyrast på songen Sea Of Heart Break frå Johnny Cash si plate Unchained frå 1996. I 1953 var Chet Baker i studio og spelte inn All The Things You Are, Happy Little Sunbeam og Bea’s Flat. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Alle tre songane kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. I 1954 kom bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan til verda. Vaughan gav ut totalt atten plater på eiga hand og saman med bandet Double Trouble før han omkom i ei ulukke i 1990. I tillegg til liveplata In The Beginning, som han gav ut saman med Double Trouble, har eg det beste av Stevie Ray sitt arbeid samla på ei samling med det treffande namnet Best Of…. I 1955 vart bassisten Douglas Allen Woody fødd. Allen Woody slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989 og spelte med bandet til han døyde i 2000. I 1962 kom trommeslagaren Thommas Lee Bass til verda. Greskamerikanaren Tommy Lee er kan hende betre kjend for alle skandalane frå ekteskapet med den kanadiske fotomodellen Pamela Anderson enn for arbeidet med Mötley Crüe, men det er bak trommesettet han fungerer best. Det viste han mellom anna under ein konsert med høg mimrefaktor i Bergenshallen i juni 2009. I 1967 døyde visesongaren Woodie Guthrie på denne dagen, same dag som Johnny Cash var i studio og spelte inn songen I Tremble For You, som etter lang tid i arkivet fekk plass på samleplata Love frå 2000. Denne dagen i 1969 er fødselsdagen til Gwen Renée Stefani. Gwen Stefani er til dagleg vokalist i No Doubt, men ho har også prøvd seg som motedesignar, og har også gjeve ut fleire soloplater, som mellom anna Love. Angel. Music. Baby frå 2004, som er på plass i mi hylle. I 1972 gjorde Johnny Cash den fyrste fengselskonserten utanfor USA då han spelte for dei innsette på Österakeranstalten utanfor Stockholm. Enno ein konsert dei fleste, innerst inne, er glad dei ikkje måtte vere tilstades på og som kan høyrast på plata Live At Österaker. Musikarane som assisterte The Man In Black på denne konserten var, forutan den faste gjengen med Marshall Grant, W.S. Holland og Carl Perkins, Bob Wooton på gitar og Larry Butler på piano. Songane Oreleans Parish Prison og Jacob Green kan også høyrast på samleplata Murder. Konsertplata kom på markanden i 1974. I 1982 rocka Toy Dolls Bedlington Club i Bedlington. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Stafford Polytechnic. I 2003 døyde Benjamin Orr. I 2005 gav Franz Ferdinand ut plata You Could Have It So Much Better. Plata var den andre frå dei skotske indierockarane.

02.10.2011

Andre oktober

Andre oktober 1925 vart saksofonisten Phil Urso fødd i Jersey City. Samleplata Best Of Chet Baker Plays byr på Urso sine trillande saksofontonar. Urso døyde i 2008. I 1933 fekk saksofongeniet Ronnie Ross sjå dagslys for fyrste gong. Det hendte i den indiske storbyen Calcutta og han måtte lide med døypenamnet Albert Ronald. Ross spelte saksofon for Matt Bianco til han døyde i 1991 og kan i mi platesamling høyrast på plata Whose Side Are You On frå 1984. I 1945 vart den amerikanske songaren og komponisten Donald McLean Jr. fødd i New Rochelle. Don McLean er best kjend for songen American Pie som kom på marknaden i oktober 1971 og kan nok trygt plasserast i kategorien One-Hit-Wonder. Mi platehylle byr på nettopp plata American Pie, og samling vert neppe utvida. I 1950 kom Michael John Cleote Crawford Rutherford til verda i Surrey. Mike Rutherford er ein av grunnleggjarane av Genisis og har elles gjort seg merk med bandet Mike + The Mechanics. I 1951 kom Gordon Mathew Thomas Sumner til verda i Wallsend i England. Sting slo gjennom med bandet The Police på slutten av syttitalet, han har også hatt ei karriere som skodesplar. Mi platehylle byr på både The Police og soloplata Sacred Love frå 2003. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I 1969 kom Damond Gogh til verda i Bolton. Gogh nyttar kunstnarnamnet Badly Drawn Boy og leverar med jamne mellomrom solide bidrag til musikksoga. Hjå meg finn du, enn så lenge, plata Have You Feed The Fish frå 2002. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1987 er Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1989 platedebuterte bandet The Beautiful South med plata Welcome To The Beautiful South. I 1995 kom Iron Maiden si fyrste plateinnspeling med Blaze Bayley som vokalist. The X-Factor var namnet på den babyen som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle. Same dag slepte Manchester sine største furtetryner, Gallagher-brørne og resten av Oasis, si andre studioplate, (What’s The Story) Morning Glory. I 2000 platedebuterte Tom McRae med ei plate med den fantasifulle tittelen Tom McRae. I 2006 kom The Killers si andre studioplate, den hadde tittelen Sam’s Town.

01.10.2011

Fyrste oktober

Fyrste oktober 1946 kom bassisten Dave Holland til verda i Wolverhampton. Holland sitt basspel kan hjå meg høyrast på Miles Davis sine plater In A Silent Way, frå 1969, og Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1980 platedebuterte Bauhaus med In The Flat Field. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah som inneheldt diverse liveopptak. Også New York-gjengen Pist On nytta høve til å sleppe ei plate denne dagen, den fekk namnet Number One og var deira fyrste langspelplate. I 1998 oppsummerte Mano Negra ei innhaldsrik karriere med eit Best Of-Album. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When. I 2004 døyde Bruce Palmer. I 2007 kom The Cult si plate Born Into This, dette var bandet si åttande studioplate.