07.05.2011

Sjuande mai

Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Bernie Marsden har spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet og kan i mi platesamling høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på plata A Little Light Music frå 1992.

Sjette mai

Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel titlar som Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976) og The Distance (1980). I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterar i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media.

05.05.2011

Femte mai

Femte mai 1948 kom trommeslagar William Thomas Ward til verda. Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iomi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen for nokre år sidan og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom liveplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1997 slepte Paul McCartney plata Flaming Pie. I 2003 slepte The Dandy Warhols plata Welcome To The Monkey House.

04.05.2011

Fjerde mai

Fjerde mai 1937 vart bassisten Ron Carter fødd. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar med bandet enno. Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1969 vart den amerikanske musikaren og produsenten Luis Edgardo Resto fødd i Detroit. Luis Resto er best kjend for å samarbeide med Eminem, men mi platesamling byr på keyboardspelet hans på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin frå 2003. I 1972 kom bassisten Michal Ryan Pritchard til verda. Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og kan høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997). I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1992 var Jethro Tull i Dortmund og på konsertplata A Little Light Music kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut den andre plata si, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell.

03.05.2011

Tredje mai

Tredje mai 1920 vart pianisten John Aaron Lewis fødd i LaGrange. Lewis kan høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 kom James Joseph Brown til verda. Brown gjorde seg fortend til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udøydelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerar som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også suplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1964 kom trommisen Sterling Campbell til verda i New York City. Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan høyrast på plata Grave Dancers Union frå 1992. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1968 var Jimi Hendrix Experience i New York og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music.

Andre mai

Andre mai 1945 er dagen pianisten og keyboardspelaren John Raymond Goadsby kom til verda i Toronto. Under artistnamnet Goldy McJohn gjorde Goadsby suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda. Glascock spelte bass i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framadstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare.

01.05.2011

Fyrste mai

Fyrste mai 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i amerikanske South Haven. D’arcy Wrerzky si musikalske karriere omfattar basspel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1979 gjekk gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom countryartisten Willie Nelson til verda med fullt namn Willie Hugh Nelson. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, har Nelson fram til no berre vore representert med ei samling av det beste han gjorde med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings, men no er plata Stardust frå 1977 kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 fekk verda gitaristen Wayne Kramer. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. Sundag trettiande april 1978 spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. På andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

Tjueniande april

Tjueniande april 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart jazzgitaristen Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Kahn si merittliste er lang, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham, Alabama. Chuck Leavell er ein av verdas fremste pianistar og har spela med både Eric Clapton og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987. I 1958 var Count Basie med band i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1947 fekk verda trommeslagaren James Lee Keltner. Jim Keltner frå Tulsa i kvegstaten Oklahoma er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn, og på platene Shot Of Love frå 1981 og Time Out Of Mind som kom på marknaden i 1997. Rytmesikre Keltner held også takten for Stones-mannen Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993, og var eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. I 1948 kom Kate Pierson til verda og fekk tildelt fullt namn Cathrine Elisabeth Pierson i New Jersey. Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, ho kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på fleire plater med R.E.M og låta Chop Suey av Ramones. I 1951 kom den originale Kiss-gitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karriera til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og spelte den gongen med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. I 1957 vart den engelske musikaren Adrian Utley fødd i Northampton. Utley er best kjend for arbeidet med Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i metallpressa.

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere.