24.08.2010
Niande august
Niande august 1955 vart trommeslagaren Charles Morgan fødd i London med fullt namn John Charles Morgan. Morgan sitt trommespel kan høyrast på tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i 100 Club i London for å spele. I 1984 er dette datoen for starten av Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, i og med at det hendte i Polen som den gong var trygt plassert i den kommunistiske delen av eit delt Europa. I 1986 var det plateslepp for Orgasmatron frå Motörhead. Sjølv venta eg nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døyde Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia.
Åttande august
Åttande august 1937 vart den svenskhollandske visesongaren Cornelis Vreeswijk fødd i Ijmuiden i Nederland. I 1961 kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtitulerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Cris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 er Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek.
Sjette august
Sjette august 1937 kom pianisten Paul Griffin til verda i Harlem i New York. Griffin kan mellom anna høyrast på Bob Dylan platene Bring It All Back Home frå 1963 og Highway 61 Revisited frå 1965. Griffin døyde i 2000. I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dumfermline vitjing av Toy Dolls.
Femte august
Femte august 1947 fekk verda gitaristen Rick Derringer kamuflert som Richard Zehringer. Derringer slo gjennom i gruppa McCoys som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter kjempesuksessen med Hang On Sloopy, men i mi platehylle gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på plata And Live frå 1971. I 1961 kom violinisten Mark O’Connor til verda i Seattle. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter ei tids sjukdom. I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel.
Fyrste august
Fyrste august 1942 vart Jerome John Garcia fødd. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead liveplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehit og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin In My Car la seg inn på ein fjerdeplass.
Trettiande juli
Trettiande juli 1946 kom Jeffrey Hammond til verda i badebyen Blackpool. Hammond laga god basslyd i Jethro Tull i åra frå 1971 til 1975 og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung og Thick As A Brick. I 1955 var Johnny Cash i legendariske Sun Studios, der Sam Phillips regjerte, og spelte inn Folsom Prison Blues. Songen vart gjeven ut som Sun Reccords sin single nummer 232 og er i tillegg tilgjengeleg på ei rekkje samleplater, mellom anna plata Murder frå 2000. I 1968 kom Sean Moore til verda i Pontypool i Wales. Moore er trommeslagar i bandet Manic Street Preachers og kan hjå meg høyrast medan han held takten på platene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998). I 1983 fekk Motörhead singelen Shine/Hooche Coochie Man (Live) ut på marknaden.
Tjueåttande juli
Tjueåttande juli 1943 vart gitaristen Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago. Blomfield kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965. I 1983 spela Men at Work i Merriweather Post Pavillion i Columbia, Marryland og hendinga vart spela inn av ABC Rock Radio Network. Songen I like to (live) kan høyrast på B-sida av singelen Dr Heckyll & Mr Jive og samleplata Contraband: The Best of. I 1986 gav Neil Young ut plata Landing On Water på plateselskapet Geffen.
Tjuesjette juli
Tjuesjette juli 1943 kom det ein kar med namnet Michael Phillip Jagger til verda. Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones og for låtskrivar samarbeidet med Keith Richard og ikkje minst for forhold til fleire profilerte fotomodellar. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døyde Brent Mydland.
Tjuefemte juli
Tjuefemte juli 1950 kom Mark Clarke til verda i Liverpool. Clarke kan hjå meg høyrast medan han spelar bass på Uriah Heep-songen The Wizzard som han var med å komponere. Songen kan høyrast på plata Demons And Wizzards frå 1972. I 1955 kom Jeremy Finer til verda i pottemakarbyen Stoke-On-Trent. Jem Finer var ein av grunnlegganane av folkpunk gruppa The Pogues der han gir sitt bidrag til lydbiletet ved å spele banjo og ein del andre strengeinstrument. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1980 gav AC/DC ut plata Back In Black. Plata er det mest selde hardrockalbumet nokon sinne og eg eig vidunderet både på langspelplate og kompaktdisk. I 1982 kunne Toy Dolls høyrast på Shineyrow Club i Sunderland.
Tjuefjerde juli
Tjuefjerde juli 1958 var Johnny Cash i Nashville og spela inn It was Jesus. I tillegg til det faste bandet med Luther Perkins på gitar og Marshall Grant på bass var Murray M. ”Buddy” Harman med på trommer, Marvin Hughes sat bak pianoet og Don Helms spela steel guitar. Songen vart gjeve ut i både stereo og mono og kan høyrast på plata Hymns som vart produsert av Don Law. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. Same dato i 1973 vart songen Tiger Whitehead foreviga. Artist var Johnny Cash og denne songen kan høyrast på The Johnny Cash childrens album. I 1987 døyde Dick Wellstood.
Tjuetredje juli
Tjuetredje juli 1928 kom bassisten William James Edwards Lee til verda i Snow Hill i Alabama. Bill Lee sitt basspel kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics.
Tjueandre juli
Tjueandre juli 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og han vert rekna som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greates Hits som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniumet. I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls.
Abonner på:
Innlegg (Atom)