14.04.2010
Fjortande april
Fjortande april 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin meste sosialt engasjerte song nokon sinne. In The Ghetto låg ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i USA. I 1980 var dette sleppdato for Iron Maiden si sjølvtitulerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember 1979 og produsent for verket var Will Malone.
13.04.2010
Trettande april
Trettande april 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda. Ford var kjend for å leike med stengane i The Black Crows, men har no forlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarriera si. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå Fear of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein tredjeplass på listene.
12.04.2010
Tolvte april
Tolvte april 1971 var dagen The Who fullførte innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5, 18 - 19) same året.
11.04.2010
Ellevte april
Ellevte april 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen i Hollywood Palladium, California, USA.
10.04.2010
Tiande april
Tiande april 1959 kom den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer til verda. Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen.
09.04.2010
Niande april
Niande april 1980 la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrasfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på plater med Johnny Cash.
08.04.2010
Åttande april
Åttande april 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte Nirvanamedlemmen, Kurt Cobain funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg kan Kurt høyrast på den mest kjende Nirvanaplata Nevermind. Eg kan føye til at eg året etter var innom i Cobain sin fødeby, Aberdeen på den amerikanske vestkysten og det bedrøvelege synet gjer at eg har eit snev av forståing for kvifor ting gjekk som det gjekk.
06.04.2010
Sjette april
Sjette april 1946 vart gitaristen Danny Kortchmar fødd. I mi platesamling står Kortchmar for seksstrengslyd på Neil Young si plate Landing On Water. I 1965 vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley singelen Crying In The Chappel som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children of the grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead and Alive frå Falcon Neue Medien
05.04.2010
Femte april
Femte april 1950 vart ABBA-vokalist Agneta Feltskog fødd og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden i same arena.
03.04.2010
Tredje april
Tredje april 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikkarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls.
02.04.2010
Andre april
Andre april 1984 nytta gutane i Toy Dolls til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i vidgjetne Madison Square Garden i metropolen New York.
01.04.2010
Fyrste april
Fyrste april er narredagen framfor noko, men følgjande skal vere høveleg sannferdig. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturnè. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. I 1991 nytta kampsportentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle.
Abonner på:
Innlegg (Atom)